Lokkar gnagarar med luktande frø

Gnagarar kan spele ei annleis rolle i spreiing av frø enn det tidlegare forsking har lagt til grunn.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ein hamster luktar seg fram til dei frøa som har begynt å svelle. (Foto: Torbjørn Rage Paulsen)

Det finst plantar som lagar to ulike typar frø samstundes, det som på fagspråket kallas dimorfe frø.

Nokre av frøa er vasstette og nærmast luktfrie, medan andre ikkje er det. Dei sveller og byrjar å gi frå seg duft når dei ligg i fuktig jord.

– Ein har trudd at dette frøtrekket handla om frøkvile, altså noko planten gjer for å forhindre at alle frøa skal spire på ein gong, seier stipendiat Torbjørn Paulsen ved Universitetet i Bergen.

Arten vil ikkje at alle frøa skal spire samtidig i tilfelle det skjer noko som drep frøspirane. Vatn krevs for spiring, så det er ikkje så rart at ein har trudd at vasstette frø fannst for å utsette spiringa.

Men forskinga til Paulsen endrar det ein tidlegare har visst om vasstette frø.

– Det at nokre plantar har både vasstette og ikkje-vasstette frø har betyding for om dei lettare kan spreie frøa sine ved hjelp av smågnagarar, seier Paulsen.

I forsøket oppdaga han at dette med dimorfe frø ikkje er slik ein alltid har trudd. For frøa som tek til seg vatn vert større og luktande, og er difor tiltrekkande på smågnagarar. Gnagarar kan dermed spele ei annleis rolle i frøspreiinga enn det ein tidlegare har lagt til grunn.

– Dette får store ringverknader når ein forskar på korleis smågnagarar nyttast i frøspreiing, seier Paulsen.

Smågnagarar er gartnar-hjelparar

– Forsking viser at smågnagarar leitar etter frø som luktar. I mørke ser dei dårleg, og brukar nasa til å finne mat, seier han.

Det er vanleg at desse små dyra lagar mange forråd av frø, som dei grev ned under eit tynt lag av jord. Dersom frøet får ligge i fred under jorda utan å bli henta eller stole av andre gnagarar, kan plantejobben vere gjort. Får frøet nok vatn, lys og varme, kan ein ny plante vokse opp.

Dyr har altså ei viktig rolle i å spreie frøa. Særleg sidan gnagarane hentar frø og lagrar dei under jorda ein annan stad mange gonger før dei brukast til seinare måltid. For planta er desse lagringane er ein god måte å spreie frø på.

– Å forstå pollineringsbiologi, frøspreiing og frøoverleving er nødvendig for å forstå samanhengane og samansetninga av artar i eit gitt område, forklarar Paulsen.

På Balearane utanfor austkysten av Spania finst det ein busk som spreier seg ved hjelp av ei firfisle. Då det vart færre firfisler i området, vart det og færre eksemplar av planten.

– Ved to av tre lokalitetar står den i fare for å verte utrydda, fortel Paulsen.

Viktig for å kunne forstå naturen

Torbjørn Rage Paulsen. (Foto: Ida Bergstrøm)

– Dersom ein art går kraftig tilbake i eit område kan det være lurt å undersøke om det har blitt færre smågnagarar eller andre frøspreiarar i området, seier Paulsen.

Paulsen seier at han helst skulle gjort eksperimentet ute i naturen. Men ettersom frøa som vart brukt i eksperimenta ikkje høyrer heime i den norske naturen, kunne ein ikkje risikere å forureine med framande artar.

– Det kan vere vanskeleg å få dyr til å trivast i laboratorium. Men dyra som var med i vårt forsøk treivst så godt at dei starta å yngle. Vi måtte etter kvart sortere dei etter kjønn, seier Paulsen.

Referanse:

Paulsen m.fl.: Physical dormancy in seeds: a game of hide and seek? New Phytologist, Article first published online: 20 FEB 2013, doi: 10.1111/nph.12191.

Powered by Labrador CMS