Annonse

Forskningsfront mot diarésmitte

Bakteriar som framkallar diaré tek tusenvis av liv i Bangladesh kvart år, dei fleste barn. Nytt utstyr og forskarutdanning på internasjonalt nivå skal auke kunnskapen om bakteriane og dermed vere med på å bekjempe dei.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

NUFU-prosjektet, som no nettopp er gått inn i sin andre periode, er koordinert av professor Nils-Kåre Birkeland ved Institutt for biologi.

- Prosjektet inneheld tre forskjellige element. For det første vil vi bygge opp eit godt og moderne laboratorium ved samarbeidsinstitusjonen vår, University of Dhaka i Bangladesh.

- For det andre skal vi medverke til å heve forskarutdanninga opp på eit internasjonalt nivå, noko som er avhengig av at dei har godt utstyr og er i stand til å bruke det i forskinga.

- Og for det tredje har vi den faglige målsettinga med prosjektet, som er veldig relevant for Bangladesh, nemleg å studere førekomsten, diversiteten og overlevingsevna til visse tarmpatogene bakteriar i ferskvatn, fortel han.

Diaré tek liv

Det vitskaplege temaet for prosjektet er bakteriane Shigella og Escherichia coli. Begge er diaréframkallande. På verdsbasis er shigellabakteriane årsak til 1,1 million dødsfall i året, og av desse er kring 60 prosent barn under fem år, ifølgje Verdas Helseorganisasjon.

- For begge organismane har vi samla inn vassprøver frå store delar av Bangladesh, både vatn som ein trur er reint, og vatn som vi veit er forureina. Nesten alle stader har vi funne E.coli.

- Shigella har vi også funne mange stader, og dei ser ut til å vere meir utbreidde enn ein tidlegare har trudd, opplyser Birkeland.

Det store problemet med shigella-bakteriane er at ein veit veldig lite om den naturlege tilhaldsstaden deira, sjølv om ein trur den viktigaste smittevegen er drikkevatn.

Det har synt seg svært vanskeleg å påvise og isolere shigella-bakteriar frå vatn, truleg fordi dei trivst best i tarmsystem og døyr fort når dei kjem ut i ferskvasskjelder. Det same gjeld til dels E.coli, men dei overlever likevel mykje lenger i ferskvatn.

Bakteriar får kosttilskot

- Vi har arbeidd ein del med denne problemstillinga, og har utvikla nye vekstmedier for å få fatt i Shigella frå ferskvassprøver.

- Vi har gjeve dei rikeleg med vekstfaktorar og vitaminar slik at dei har fått gode tilhøve. På den måten har vi greidd å isolere ein del stammer, og no held vi på å karakterisere dei, fortel Birkeland.

Det inneber mellom anna å undersøke kva bakteriane inneheld av sjukdomsframkallande gen. Det syner seg nemleg at nokre typar shigella-bakteriar har slike gen, medan andre ikkje har.

- Det finst mange forskjellige typar Shigella. Når nokon gjennomgår shigellose, blir dei immune mot nye infeksjonar av same typen. Difor har vi hatt i tankane å bruke bakteriar utan sjukdomsframkallande gen til å lage ei vaksine.

Det er nemleg slik at overflata til bakteriane er svært lik, anten dei har sjukdomsgen eller ikkje. Dermed vil dei framkalle den same immunreaksjonen når dei kjem inn i tarmsystemet vårt.

Ein kan tenke seg at det er mogleg å dyrke opp bakteriar utan sjukdomsgen og gje dei som ein oral vaksine, som vil lure kroppen til å tru at han gjennomgår shigellose. Dermed blir ein immun mot nye infeksjonar.

Mystisk bakterie

Ein vaksine verkar som ein fin tanke, for shigella-bakteriane er svært vanskelege å kontrollere, spesielt i land der dei hygieniske tilhøva er så som så.

Ein veit ikkje kva som er bakterien sitt naturlege habitat. Han finst ikkje naturleg i tarmsystemet hjå dyr. Når han blir funne hos mennesket, er det ved sjukdom. Likevel er han svært smittsam, og kansmitte via mat og drikkevatn i tillegg til menneskeleg kontakt.

- Men ein vaksine vil krevje mange år med forsking. No held vi på å gjere praktiske forsøk for å finne ut om vi har rett i at nokre av shigellabakteriane som vi har isolert frå vatn, og som er utan sjukdomsgen, verkeleg er ufarlege, seier Birkeland.

Sjølv om forskinga i seg sjølv er interessant og viktig, er det eigentlege målet med NUFU-programmet å medverke til akademisk kompetanseheving i sør, og til auka samarbeid utviklingsland imellom, og mellom utviklingsland og industrialiserte land.

- Det er eit fleksibelt system som har gjeve oss stor fridom til å disponere midlane der det har vore trong for dei, anten det har vore til utstyr, drift eller reiseverksemd, meiner Birkeland.

Viktig kompetansebygging

Han peikar på at det tidlegare var vanleg at studentar frå sør kom til Noreg eller andre vestlege land for å ta heile doktorgradsutdanninga si her. Målet var at dei skulle reise attende etter end utdanning, slik at kompetansen deira skulle kome heimlandet til gode.

Men i praksis vart dei gjerne verande. Dei fekk jobb, eller drog vidare til andre forskingsstillingar i til dømes USA.

Det har ført til at ein no nyttar ein litt annan modell, der PhD-kandidatane skal gjere mesteparten av arbeidet ved heimeinstitusjonen, og berre kome til UiB i kortare periodar for å gjere arbeid dei ikkje kan gjere heime, eller for å få hjelp i skriveprosessen.

Det er heimeinstitusjonen som tildelar graden. Slik blir tilknytinga til heimlandet oppretthalde.

- Eg meiner det er ein god modell, men det fører samstundes til andre problem. For studentane er det meir attraktivt med ein grad frå utlandet. Vi mister nokre kandidatar som heller tek imot stipend andre stader.

- Effekten er altså at dei kandidatane vi får, kanskje ikkje alltid er dei beste, trur Birkeland, som skulle ønskje at det var mogleg å gje kandidatane ein «joint degree» som reflekterte at arbeidet deira er utført ved to institusjonar.

På eigne bein

Prosjektet har allereie éin femårsperiode bak seg. Den første tida gjekk med til å byggje opp eit godt laboratorium ved University of Dhakas mikrobiologiske institutt, som kan brukast til å isolere og karakterisere mikroorganismar.

I den neste femårsperioden tek ein sikte på å utdanne tre nye PhD-kandidatar og om lag åtte masterstudentar. Kva som skjer etterpå, er uvisst - som i all forsking.

- Heile meininga med dette programmet, er å bygge opp kompetanse som skal kunne stå på eigne bein. Men det er klart at det er vanskeleg å få ressursar til forsking i Bangladesh.

- Noko kan vere tilgjengeleg via andre internasjonale kanalar. I tillegg har dei eit byråkrati som gjer det svært vanskeleg å importere kjemikaliar og utstyr som dei har bruk for.

- Men i røynda er det opp til dei sjølve kva strategiar dei vil nytte når prosjektet er avslutta, seier Birkeland.

Powered by Labrador CMS