Pasjon for pollen

Ørsmå pollenkorn kan fortelje kva som gjekk føre seg for mange tusen år sidan. Men først må forskarane telje - ein, to, tre ... ein million.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Kalkulator, neglelakk, dopapir, mikroskop. Standardutstyret er spreidd utover pulten til førsteamanuensis og pollenanalytikar Aage Paus.

- Eg har blitt ein tilhengar av tynn is, seier han og lener seg fornøgd tilbake i den lilla kontorstolen.

Skapet over er pynta med foto frå naturen på Dovre, eit postkort frå Texas, ei oppmoding frå Greenpeace om å sykle, samt eit utklipp frå VG som slår pollenalarm på vegne av vannvittig mange.

Berre eit svakt sus frå lufteanlegget. Små klikk frå eit apparat på andre sida av rommet kvar gong kollega Kari Hjelle registrerer eit nytt fnugg i mikroskopet. Eit gulna utklipp frå The European, ei avis som sist var på gata for snart ti år sidan: «Frozen in time». På biletet løftar ein mann i oransje bobledress eit brunt, skrumpa lik som har kvilt under den sølete grunnen sidan to tusen år før Kristus.

- For å ta i bruk ein klisje, seier Paus, fortida er nøkkelen til framtida.

"Kari Hjelle (i midten) blir glad når ho ser vakre pollenkorn i mikroskopet. Ho blir ofte glad. Lene S. Halvorsen og Linn Cecilie Karlsen ser heller ingen grunn til å sture."




Mikroskopisk interesse

Det var ein gong ein skog, for lenge, lenge sidan - for fem, ti, femten eller tjue tusen år sidan. Våren kom med varme vindar, skogen sende støvet på vandring i håp om å vekse vidare. Hulebuarane måtte nyse. For ikkje så lenge sidan - for fem, ti, femten eller tjue veker sidan var forskarar frå Universitetet i Bergen på feltarbeid. Hausten kom med våte vindar og det var tid for å setje seg ned å sortere det dei hadde funne.

Så no sit dei her.

Dei tel pollenkorn, plantene sitt svar på det mannlege kjønnsorgan. Diameteren varierer frå 0,1 til 0,005 mm.

- Kven er så små? stipendiat Linn Cecilie Karlsen riv seg laus frå ei fortid 15 000 år tilbake og løftar blikket opp frå mikroskopet.

- Forglemmegei, seier mentor Paus.

Alle som sit i dette trivelege laboratoriet i ly frå dei kafkaeske gangane på Realfagbygget har pollenallergi. Men det er ikkje poenget. Poenget er at pollen høyrer til dei viktigaste historieforteljarane i vitskapen.

Rundt kvart einaste pollenkorn finst ein hard cellevegg som gjer dei svært hardføre. Derfor kan pollen halde seg i si opprinnelege form i tusenvis av år, helst i myrer og i botnen av tjern, der mangelen på oksygen gjer at nedbrytarane ikkje får tak.

Når forskarane er på feltarbeid borer dei seg djupt ned i denne verda. På denne måten får dei eit snitt gjennom avsetninga som strekkjer seg heilt frå den våren for lenge, lenge sidan og fram til våre dagar. I dette materialet finst pollen. Det er først tilbake i laboratoriet neglelakk og dopapir for alvor kjem inn i biletet.

Neglelakk er ein viktig ingrediens til å montere prøvene med. Dopapir er fint til å tørke vekk overskotet. Når pollenet så er ferdig montert, blir det lagt under mikroskopet. Så byrjar det. Ein, to, tre?

Det viktigaste verktøyet

Det gjeld å finne ut kva slags type planter pollenkorna høyrde til og kor mange som finst av dei ulike slaga. Utifrå dette kan forskarane tolke seg fram til korleis vegetasjonen var, kva slags klima det må ha vore og korleis menneskeleg aktivitet har spelt inn.

- Pollenanalyse er det viktigaste verktøyet vi har for å få tak i denne informasjonen, seier Kari Hjelle.

Kunnskap om klima i forhistorisk tid er grunnlaget for dei modellane som seier noko om kva klima vi kan vente oss i framtida.

- Vi ser at mønsteret frå tidlegare tider no vert brote. Derfor veit vi at klimaendringane er menneskeskapte, forklarer Paus, som har klimahistorie og planteinnvandring som spesialitet.

Utan pollenanalytikarane ville arkeologi og historie vore fattigare fag. Ved å kartlegge vegetasjonen i eit bestemt område frå ei bestemt tid kan ein seie mykje om driftsformene i jordbruket, om busetning og om kosthald.

- Akkurat no har eg eit diagram frå Vingen i Bremanger oppe, seier Kari Hjelle. Eit pollendiagram er ei grafisk framstilling av pollenanalysen.

- Eg arbeider med vegetasjonshistoria for å forstå omgivnaden til menneska som laga helleristningar i dette området for 6-7000 år sidan. I dag er fjellsidene glatte og vegetasjonen open med furuskog. Den gongen var det lauvskog og eit tettare landskap, seinare vart det meir furu og lyng. Det betyr at jorda har blitt surare, noko som er viktig med tanke på nedbryting av helleristningane.

"Aage Paus var rettleiaren til Linn Cecilie Karlsen då ho gjekk på hovudfaget. Ho var interessert i blomar og vart hekta på pollen. No brukar dei begge mykje tid på pollenlaboratoriet."




Striden om sanninga

I middelalderen på Bryggen i Bergen brukte dei mose til å tørke seg bak. Derfor har det lagt seg fine lag, sediment i drit rett og slett, som er gode analyseobjekt. Pollenkorn og frø frå planter som har vore i maten, særleg korn og bær, har sett spor i latrineavsetningane.

- Dersom ein vil vite kva folk har ete gjennom historia, er graving i do noko av det mest spennande du kan gjere, seier Kari Hjelle. For nokre år sidan var ho med å så tvil om Bergen verkeleg vart grunnlagt av Olav Kyrre i 1070, slik skrifta fortel.

- Vi har pollendata som viser handel med utlandet heilt tilbake til 900-talet i det som i dag er Bergen sentrum. Her budde ikkje berre bønder, seier Hjelle.

Det er på tide å revidere historiebøkene.

- Vel, vi trur veldig på det botaniske materialet. Medan arkeologar ikkje ser på dette som like viktig, seier Kari Hjelle, botanikaren. Eksakt vitskap er ein kontinuerleg strid om sanninga.

Akkurat det kan Aage Paus skrive under på. Han står med begge feltstøvlane planta i ein diskusjon mellom norske og svenske biologar og geologar som så langt har vart i 100 år: Var isen tynn eller tjukk over sentrale norske fjellstrøk under siste istid?

Tilhengarane av tynn is har vore på tynn is. Heilt til no.

- Tilhengarane av tynn is meiner at desse områda vart tidlegare isfrie enn det teorien om tjukk is tilseier. Dersom dette stemmer, er plantene i området eldre enn ein har trudd. Dei må ha overlevd heile eller siste del av istida og ikkje innvandra frå sør etter istida, forklarar Paus.

- Eg er tilhengar av tynn is. Eg har funne avsetningar i innsjøar som ikkje ville vore der dersom isen hadde vore tjukk gjennom heile istida.

Arven etter Fægri

I laboratoriet står ei hylle i syttitalsfarga treverk med mange små skuffer. Kvar skuffe har ein lapp med eit latinsk namn påskrive. Dette er den verdsberømte botanikkprofessoren Knut Fægris herbarium, ei samling norsk pollen. Det er Fægri som har æra for at pollenanalyse kom tidleg til landet. I 1934, 25 år gammal, tok han doktorgraden på vegetasjonsendringar i Nigardsbreen i Jostedalen. Heilt fram til han døydde i 2001 hadde han kontor på instituttet. I dag er den største gruppa av norske pollenanalytikarar samla i dette laboratoriet.

Fægris fagbøker er framleis pensum. Verktøya har blitt litt meir moderne. Med Axioplan 2, det kvite, tyske mikroskopet, kan forskarane sjå detaljar Fægri berre kunne fantasere om for 80 år sidan. Kulerammer er skifta med elektroniske telleapparat.

Men elles er det smått med snarvegar. Pollenanalyse tar tid.

- Dette passar dårleg inn i nye system for forskingsfinansiering der talet på publikasjonar bestemmer kor mykje pengar vi skal få. Det må du få med, seier Aage Paus, akkompagnert av ein nikkande Kari Hjelle. Men dei vil ikkje klage. Sjølv om dei må telje til tusen, dag ut, dag inn, år etter år.

- Det er klart, når det berre går i bjørk og furu kan det vere litt monotont, seier Hjelle.

Ho har tatt fram eit fotografi av pollen frå hønsegras. Det ser ut som ein planet med vakre symmetriske mønster.

- Når eg ser slikt i mikroskopet blir eg glad!

Aage Paus sluttar seg til entusiasmen. Dei gongane dette eine banebrytande pollenkornet står fram, er det verdt alt strevet.

- Vi grev i ei skattkiste!

Han innrømmer det. Ein gong var også han tilhengar av tjukk is.

Powered by Labrador CMS