– Dei opplever ikkje at dei høyrer til i ei spesiell folkegruppe. Dei har heller ikkje noka kjensle av at dei høyrer til blant middelklassen. Dei er opptekne av å vere vanlege og at dei er ein del av folket, seier forskar. (Illustrasjonsfoto: AntiD / Shutterstock / NTB scanpix)
– Dei opplever ikkje at dei høyrer til i ei spesiell folkegruppe. Dei har heller ikkje noka kjensle av at dei høyrer til blant middelklassen. Dei er opptekne av å vere vanlege og at dei er ein del av folket, seier forskar. (Illustrasjonsfoto: AntiD / Shutterstock / NTB scanpix)

Norsk middelklasse er ikkje oppteken av høgkultur. Dei vil berre vere som folk flest

– Vi har ingen elitistisk danningskultur i Noreg. Prestisjen her i landet ligg på andre område enn kultur, seier forskar.

Published

– Eg er overraska over kor tydeleg den moralske dimensjonen står blant norske akademikarar. For å setje det litt på spissen, ser det ut til at det er betre å vere moralsk anstendig enn god på skulen.

Det seier sosiologiprofessor Ove Skarpenes ved Universitetet i Agder (UiA).

Saman med kollegaer gav han nyleg ut ei bok kor dei identifiserer og beskriv den norske middelklassen før og no og samanliknar han med land som USA, Tyskland, Frankrike og Storbritannia.

– Sjølve omgrepet middelklasse er problematisk, for det er ein lang og innfløkt diskusjon om vi i det heile teke har eit klassesamfunn her i landet. Men vi har gått inn for ein definisjon av middelklassen som fell saman med definisjonen i internasjonal forsking for å kunne samanlikne med andre land, seier Skarpenes.

Utdanningsnivå og samfunnsklassar

Internasjonalt vert middelklassen definert mellom anna ut frå utdanningsnivå, og da vert legar, lektorar og andre høgt utdanna akademikarar rekna som middelklassen.

Ove Skarpenes er professor ved Universitetet i Agder. (Foto: UiA)
Ove Skarpenes er professor ved Universitetet i Agder. (Foto: UiA)

Forskarane har gjort grundige intervju med 115 sjukepleiarar, legar, lektorar, juristar, naturvitarar, humanistar, psykologar, ingeniørar, sivilingeniørar og siviløkonomar i Bergen, Kristiansand og Oslo.

Dei intervjua er i alderen 27 til 65 år. Majoriteten av dei meiner på den eine sida at universitetet er ein viktig institusjon, men set ikkje teoretisk kunnskap høgare enn praktiske evner.

– Det er ein del paradoks i materialet vårt. Akademikarane forsvarer det frie universitetet, men abstrakt teori vert ikkje høgt verdsett. Den norske middelklassen er oppteken av at kunnskapen skal vere nyttig og kan brukast til å forbetre samfunnet, seier Skarpenes.

For den norske middelklassen er vitskap verken meir eller mindre viktig enn eit dikt, lang erfaring eller ei naturoppleving.

Akademikarar er opptekne av å vere vanlege

Dei norske middelklasseideala spissformulerer Skarpenes som ei blanding av dugnadsånd og den heilage anden.

– Ideala for den norske akademikaren fordelar seg i to idealtypar. Den eine er den barmhjertige samaritan, og den andre er samfunnshjelparen. Fleirtalet av våre informantar nemner verken kunstnarar eller vitskapspersonar som ideal. Verken vitskap eller utdanning står sterkt i middelklassen, som sjølv er godt utdanna. Dei meiner dei er ein del av folket. Akademikarane opplever seg ikkje som representant for ein høgare og kunnskapsbasert kultur, seier professoren.

Likskap og likeverd står derimot sterkt i den norske middelklassen. Akademikarane ser ikkje på seg sjølv som betre og meir vellykka enn folk med mindre utdanning.

– Akademikarane opplever ikkje at dei høyrer til i ei spesiell folkegruppe. Dei har heller ikkje noka kjensle av at dei høyrer til blant middelklassen. Dei er opptekne av å vere vanlege og at dei er ein del av folket, seier forskaren.

Høgkultur og serielitteratur

Dei høgt utdanna føretrekkjer sjølv gjerne den høgkulturelle forfattaren Dag Solstad, men synest det er problematisk å rangere han høgare enn serieforfattaren Margit Sandemo.

– Alle må få ha sin smak, og den eine smaken er ikkje betre enn den andre, er den gjengse oppfatninga blant akademikarane, seier Skarpenes.

Rundt 50 prosent av informantane føretrekkjer underhaldning, og bruker kultur som avslapping og ikkje danning. I fritida er bruk av naturen viktigare enn kultur.

Meir amerikanske enn franske

– Vi liknar meir på amerikanarane enn franskmenn, og vi har ingen elitistisk danningskultur i Noreg. Prestisjen her i landet ligg på andre område enn kultur, til dømes bistand, fred og moral. Viss to personar møter einannan på Karl Johan eller i Markens, er det ho som skal i operaen eller på Kilden som har eit forklaringsproblem, ikkje ho som skal på fotballkamp, seier Skarpenes.

Berre ein femtedel av dei spurde dyrkar det dei kallar høgkultur som skrivekunst, bildekunst eller musikk på ein måte som svarer til det klassiske bildet av det danna middelklassemennesket frå andre land.

– Våre akademikarar vil ikkje rangere folk etter kulturelle kriterium, noko som er vanleg til dømes i Frankrike. I Noreg vert dette oppfatta som moralsk fordømming, og noko som ein i tilfelle legitimere moralsk av andre verdiar. Den tradisjonelle danningskulturen har ei svak stilling i Noreg.

Referanse:

Skarpenes, O., Sakslind, R. og Hestholm, R.: Middelkassekulturen i Norge, En komparativ sosiologisk studie. Scandinavian Academic Press. (2019)