Stabilt elvefiske trass lågare innsig

I fjor overlista sportsfiskarane 173 000 laks, sjøaure og sjørøye i dei norske elvane. Trass i at færre laks går opp i vassdraga, har fangstane vore stabile dei siste åra.

Publisert
(Illustrasjonsfoto: Shutterstock)
(Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

Dette heng saman med at sjøfisket er gått tilbake, konkluder Anne Turi Baklien og Trond Amund Steinset frå Statistisk sentralbyrå i tidsskriftet Samfunnsspeilet.

Dei to har studert fangststatistikk frå 1870-åra til i dag.

Utrekningar gjort av Vitenskapelig råd for lakseforvaltning syner at innsiget av laks til norske elvar er mindre enn nokon gong. Frå 1983 til 2010 er det redusert med 59 prosent. Særleg gjeld nedgangen smålaks under tre kilo.

- For å kompensere for tilbakegangen er fisket i elvane, og ikkje minst i sjøen, blitt meir og meir avgrensa i denne perioden, fortel Baklien.

- Lakselus og rømt oppdrettsfisk blir rekna som dei største trugsmåla mot villaksen, og vi reknar med at desse faktorane er viktige årsaker til lågt innsig av laks i elvane på Vestlandet, held ho fram.

Dette problemet har vore aukande på grunn av sterk vekst i produksjonen av oppdrettsfisk dei siste tiåra. Innslaget av oppdrettslaks i sportsfisket i elvane er estimert til 6-9 prosent dei ti siste åra.

Elvefangsten har auka etter 1970

Frå registreringane tok til i 1870-åra til omkring 1970, gjekk det samla utbytet i elvane i røynda ned, sjølv om fangsten, etter statistikken å døme, heldt seg på om lag same nivå.

Hovudforklaringa til det er at statistikken i byrjinga berre omfatta 54 elvar. Talet på elvar med registrert fangst auka monnaleg på midten av 1900-talet, og det var omkring 170 elvar i 1960-åra.

- I teorien skal det i dag vere mogeleg å fiske etter laksefisk i bortimot 1 200 norske elvar og bekker, seier Steinset. - I om lag 400 av elvane kan vi fiske etter laks, medan vi i resten kan få sjøaure og sjørøye, slår han fast.

I 2011 var det godt og vel 350 elvar med registrert fangst. Trass i aukande trugsmål frå mellom anna oppdrettsfisk, lakseparasittar og lakselus, har den registrerte elvefangsten auka etter 1970.

Hovudforklaringa til det er den markerte nedgangen i næringsfiske etter laks i sjøen som har funne stad dei siste 40 åra. I tillegg har talet på elvar det blir registrert fangst i, auka jamt og trutt.

Finnmark på topp

- Ser vi på enkeltelvar, er det Tana som er den viktigaste lakseelva, oplyser Baklien.

- Toppfangsten i Tana var i 1975 da det blei teke 184 tonn laks, sjøaure og sjørøye, seier ho.

Tana har hatt ein årleg gjennomsnittsfangst dei siste ti åra på 52 tonn. Deretter følgjer Gaula og Orkla, med høvesvis 34 og 24 tonn i snitt. I desse tre elvane er dessutan gjennomsnittsvekta på laksen høgare enn landsgjennomsnittet.

Blant fylka er det da også Finnmark og Sør-Trøndelag som hadde dei største fangstane i 2011: Medrekna fisk som blei sleppt levande ut att, var fangsten høvesvis 113 tonn og 72 tonn.

Fangst av laksefisk i sjøen har stupt

Tilhøvet mellom fangst frå sjøfiske og elvefiske har endra seg mykje frå registreringa starta i 1876 til i dag. Fram til 1989, da drivgarnfiske blei forbode, blei det fiska mykje meir laksefisk i sjøen enn i elvane.

- Sjøfiske etter laks var ei viktig næring for mange og nådde toppen i 1960- og 1970-åra, fortel Steinset.

Frå 1990 til 2007 var det liten skilnad mellom fangstmengda i sjø og elv.

- Sterke reguleringar i sjøfisket frå og med 2008 har ført til rekordlåge laksefangstar i sjøen. Sjølv om det også har vore reguleringar av fisket i elvane, har fangsten frå elvefisket vore høgare enn frå sjøfisket sidan 2008, konkluderer han.

Referanse:

Baklien & Steinset: Fritidsfiske etter laksefisk - Når villaksen bit i norske elvar, Samfunnspeilet 3 - 2012, Statistisk sentralbyrå.