Autoriserte omsetjarar i fare

Det finst inga formell språkutdanning for translatørar. Over 80 prosent av kandidatane stryk på translatøreksamen.

 (Illustrasjonsfoto: iStockphoto)
(Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Bestått translatøreksamen er ein føresetnad for å få løyve som statsautorisert omsetjar, men kravet for å gå opp til translatøreksamen er lågt.

I praksis kan kven som helst med ein bachelorgrad melde seg opp til denne eksamenen.

Det er altså ikkje krav om verken formell språkutdanning eller utdanning i omsetjing for å ta translatøreksamen.

Trongt nålauge

– Derfor er også strykprosenten blant translatørkandidatane svært høg. Translatøreksamen skal bidra til kvalitetssikring og er derfor eit trongt nålauge å komme gjennom, påpeiker Sunniva Whittaker

Ho er professor ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon ved Norges Handelshøyskole (NHH), som forvaltar translatøreksamen på vegner av Kunnskapsdepartementet.

Formålet med ordninga er å uteksaminere kompetente omsetjarar som er i stand til å ta på seg oppdrag for næringsliv, offentlege myndigheiter og privatpersonar.

I haust melde over 100 kandidatar seg opp til translatøreksamen, noko som tyder på høg interesse og stort behov for meir utdanning innanfor faget.

– Noreg har svært få undervisningstilbod i fagomsetjing. Dei aller fleste kandidatane må derfor tileigne seg kunnskap og ferdigheiter på eiga hand, forklarer Whittaker.

Krev bevisstgjering

 (Foto: (Illustrasjon: Øyvind Lothe, NHH Bulletin))
(Foto: (Illustrasjon: Øyvind Lothe, NHH Bulletin))

Ei anna utfordring knytt til translatøreksamen er at han ikkje finst i alle språk. Whittaker påpeiker at det dermed ikkje alltid er slik at kundane har høve til å bruke autoriserte omsetjarar.

Ho trur likevel at det, trass i desse problema, framleis blir rekna som eit konkurransefortrinn å kunne skilte med ein statsautorisasjon, noko talet på oppmelde kandidatar klart stadfestar.

– Det er ei utfordring å gjere kundane, både i det offentlege og det private, bevisste på at statsautorisasjonen gir tryggleik for at omsetjingane dei bestiller, blir skikkeleg kvalitetssikra.

– Å heve statusen til dei statsautoriserte translatørane bør derfor vere noko alle har interesse av, og autoriserte translatørar bør brukast så langt som råd er, seier Whittaker.

Automatisert omsetjing

Jens-Uwe Kumpch, statsautorisert translatør, er einig. Han var ein av foredragshaldarane under Translatørdagen, og fortel om ein bransje i endring.

– Ei globalisert verd skaper eit stadig større behov for kyndige translatørar. Likevel blir fleire omsetjingstenester automatiserte.

– Samtidig er det svært mange omsetjarar utan autorisasjon som sel seg billeg på den same marknaden som autoriserte translatørar opererer i, seier han.

Billeg

Professor Sunniva Whittaker. (Foto: Eivind Senneset)
Professor Sunniva Whittaker. (Foto: Eivind Senneset)

Kumpch meiner at det oppstår eit problem når mange kundar er villige til å bruke desse «billege» omsetjarane utan autorisasjon. Mange mister då motivasjonen for å ta translatøreksamenen.

Enkelte oppdrag eller aktørar krev framleis ein translatør med eit offisielt stempel i papira sine, men desse blir det færre og færre av, kan Kumpch fortelje.

– I mange forskrifter er ordlyden blitt endra frå «krav» om å bruke statsautoriserte translatørar til «anbefaling» om at det blir gjort.

– Det gjeld i staten òg. Vi etterlyser no at systemet igjen blir pottetett, slik at autoriserte translatørar slepp å konkurrere på den same marknaden som omsetjarar utan offisielle papir, seier Kumpch.

Powered by Labrador CMS