Nordlys i Lofoten.
Nordlys i Lofoten.

Nytt om nordlys

Eigentleg veit vi fint lite om korleis energi frå sola påverkar den øvre atmosfæren. Overraskande resultat om eigenskapar ved nordlyset vekkjer difor internasjonal merksemd.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Magnetfeltet rundt jorda blir heile tida utsett for ein straum av lada partiklar som blir slynga ut frå sola. Denne partikkelstraumen, som blir kalla solvinden, ber med seg magnetfeltet frå sola, og når sol-magnetfeltet møter jord-magnetfeltet, kan interessante ting skje.

Nordlyset er til dømes eit direkte resultat av dette møtet. Problemet er at om ein vil studere nordlyset frå bakken, kan ein berre sjå ein liten del av det. Sjølv med satellitt kan ein i beste fall berre observere nordlyset på éi halvkule.

- Det som er nytt i våre studiar, er at vi får med oss heile det globale biletet, seier førsteamanuensis Nikolai Østgaard ved Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen.

Han har samarbeidd med forskarar frå UC Berkeley, University of Iowa og Goddard Space Flight Center om studiane, der dei har oppdaga at nordlyset er langt meir komplisert enn ein har trudd. Resultata er presenterte på nettsidene til NASA.

Nordlyset ikkje symmetrisk

I nokre periodar i 2001 og 2002 fall det seg slik at banene til to satellittar gjorde det mogleg å observere begge polområda samstundes.

Nordlyset er eit resultat av at ladde partiklar frå sola kjem ned i atmosfæren langs magnetfeltliner som har fotpunkt nær dei to magnetiske polane. Ein har difor trudd at når vi har nordlys på den nordlege halvkula, har dei samstundes sørlys på den sørlege halvkula, og at sørlyset er eit nøyaktig spegelbilete av nordlyset.

Men undersøkingane til Østgaard og kollegane hans, syner at nokre nordlysfenomen berre skjer på den eine halvkula, og at andre skjer på begge, men er sterkt asymmetriske.

- Nordlys oppstår når magnetfeltet frå sola blir kopla saman med magnetfeltet rundt jorda. Men prosessane som koplar saman dei to magnetfelta, kan vere meir effektive på den eine halvkula enn på den andre, og dermed blir nordlysfenomena ulike, fortel Østgaard.

Solvinden avgjer

Forskarane var særskilt overraska over å oppdage såkalla theta-nordlys på berre den eine halvkula ved fleire høve. Theta-nordlys, som har fått namnet fordi det er forma som den greske bokstaven theta, har vore observert med to satellittar ved eitt høve tidlegare.

Då braut det ut ved begge polar samstundes, og dermed har ein gått ut ifrå at det alltid er slik. Dei nye observasjonane viser altså at det godt kan bryte ut theta-nordlys på berre ei av halvkulene.

I tillegg har forskarane sett at vanleg nordlys, forma som ovalar rundt dei magnetiske polane, kan vere forskuva i høve til kvarandre. Kor stor forskyvinga blir, kan ein seie ganske godt på førehand utifrå vinkelen på magnetfeltet som kjem frå sola.

- Det er solvinden og det magnetiske feltet som følgjer med solvinden frå sola, som avgjer korleis nordlyset vil bli, opplyser Østgaard.

Vil sende opp satellittar

Nordlyset er altså slett ikkje alltid symmetrisk, og prosessane er langt meir kompliserte enn ein har trudd. Ved å lære meir om korleis nordlyset reagerer på solvinden, kan ein få ei betre forståing av korleis romvêret verkar inn på den øvre magnetosfæren.

- I vidare forstand kan vi undersøke korleis energioverføringa frå solvinden inn i magnetosfæren er ulik på den nordlege og sørlege halvkula. Dette vil vi gjerne sjå meir på. Difor har vi gjort framlegg om eit satellittprosjekt der ein sender opp to satellittar som skal sjå på begge halvkuler samstundes.

- Det vil koste mykje pengar og ta nokre år å realisere, men eg vonar vi får det til, for dette er grunnleggjande spørsmål som vi ikkje veit svaret på, seier Østgaard.

Powered by Labrador CMS