Mainstream med nyreligiøsitet

Nyreligiøsitet er ikkje lenger noko sært i marginale motkulturar, men har sidan slutten av 1990-talet vorte ein ganske mainstream kulturstraum, seier religionsvitar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Nyreligiøsitet er på mange måtar udefinerbart. “Ny” er jo ein relativ term, for alle religionar har vore nye ein gong, seier professor Siv Ellen Kraft ved Universitetet i Tromsø.

Ho har forska på temaet dei siste 10 åra, og står bak boka Hva er nyreligiøsitet?

– Men eg har valt å avgrense det nyreligiøse til å vera det uorganiserte feltet som rommar rørsler og straumdrag som kan karakteriserast som religiøse former, og som har vakse fram i den vestlege verda frå 1970-talet.

– Desse står utanfor organiserte kyrkjesamfunn, men frå å ha vore marginale motkulturar på 1970-talet, har det sidan slutten av 1990-talet vorte ein ganske mainstream kulturstraum, meiner Kraft.

– Det har eit breitt nedslagsfelt og er ikkje berre noko sært.

Samiske innslag

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

– Mykje av forskingslitteraturen på dette området er frå USA, så for meg har det vore eit hovudpoeng med boka å hente empiri frå Noreg og skildre dette fenomenet i våre samfunn.

– Eit sentralt og synleg trekk ved norsk nyreligiøsitet er urfolksinnslaget – samisk nysjamanisme er vorte den norske varianten av interessa for dei nordamerikanske indianarane, som frå starten har prega dei nyreligiøse straumdraga, seier Kraft.

Interessa for og populariteten til dei nyreligiøse retningane dei siste 40 åra kan ikkje forklarast utan å samstundes forstå den marknaden desse retningane har vakse fram saman med, meiner Kraft.

– Gjennom kjøp og sal av ulike produkt, kurs, seminar og rettleiingstenester, kan ein få tilgang til nyreligiøse opplevingar.

– Det religiøse er meir og mindre vektlagt, og det er ofte svært uklare overgangar mellom det religiøse og det ein elles finn av ideologi kring individuell sjølvrealisering. På denne marknaden er det flytande grenser mellom truande og ikkje-truande, fortel Kraft.

– Men dei som trur, kva trur dei på?

Siv Ellen Kraft. (Foto: UiT)

– At alle har guddomeleg potensiale, men kvar enkelt må finne sin veg. Det finst visse fellesaksar dei fleste retningane orienterer seg rundt - mellom anna trua på at ein ikkje kan skilja kropp og sjel, og dei fleste har eit eller anna forhold til reinkarnasjon.

– Elles er hovudsaka for mange at det ikkje finst dogme, det er ingen fastlagde svar. Det er ingenting som regulerer eller legg restriksjonar i feltet – bortsett frå marknaden.

Kvinnedominert

Og nettopp det dogmefrie og fråværet av institusjonelle begrensingar meiner Kraft er ein viktig del av forklaringa på at det nyreligiøse feltet er svært kvinnedominert.

– Det er mange kvinnelege entreprenørar og gründerar i dette feltet. Dei fleste religionar har og har hatt formelle hinder for kvinner til å vera leiarar – dei har hatt roller som mødrer, hustruer og hjelparar.

– Nyreligiøsiteten manglar slike formelle hinder. Dette er fritt tilgjengeleg for alle og einkvar, og er forenleg med allmenne verdiar og ideal i seinmoderniteten. Der ligg noko av appellen, avsluttar Kraft.

Referanse:

Siv Ellen Kraft: Hva er nyreligiøsitet?, Universitetsforlaget 2011.

Powered by Labrador CMS