Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Professor Helje Kringlebotn Sødal meiner den nye læreplanen kan undergrave opplæringslova som seier at kristendommen skal ha 50 prosent av undervisningstida i religionstimane.
Professor Helje Kringlebotn Sødal meiner den nye læreplanen kan undergrave opplæringslova som seier at kristendommen skal ha 50 prosent av undervisningstida i religionstimane.

Jesus og Muhammed er ute av ny fagplan for religionsfaget

Verken Bibelen eller Koranen er nemnde i den nye fagplanen for 2020.

Publisert

Fagfornyinga og nye fagplanar i alle fag på barne- og ungdomsskulen vert innførde til hausten.

Institutt for religion, filosofi og historie ved Universitet i Agder (UiA) har levert fleire høyringsutkast til planen for faget KRLE, kristendom, andre religionar, livssyn og etikk. Blant UiA-forskarane er det ulike syn på fagplanen. Helje Kringlebotn Sødal er blant dei som er skeptiske.

– Planen er for vid og for vanskeleg for elevar og lærarar. Han sikrar i for liten grad at elevar her i landet får ei felles referanseramme i faget, seier professor Kringlebotn Sødal.

Ho meiner den nye fagplanen er for open og for lite spesifikk.

– Kristendommen skal ifølgje opplæringslova ha 50 prosent av tida i religionstimane, men verken Jesus, Bibelen, Den norske kyrkja eller Den katolske kyrkja er nemnde i planen. Det er heller ikkje dei 10 boda som har vore etisk allemannseige i vårt land, seier Kringlebotn Sødal.

Mykje etikk og lite religion

Jahve og Moses har lidd den same lagnaden som Jesus og Muhammed. Ingen av dei er nemnde i den nye fagplanen.

Kringlebotn Sødal er skeptisk til at kristendommen berre er nemnt i få kompetansemål og at andre religionar ikkje har eit einaste spesifikt kunnskapsmål.

– Mens den etiske delen av fagplanen er bunden til ei rekkje konkrete tema og har mange kompetansemål, står lærarane nesten heilt frie til å velje kva dei vil undervise om i kristendom og andre religionar, seier ho.

Professoren meiner den nye læreplanen kan undergrave opplæringslova som seier at kristendommen skal ha 50 prosent av undervisningstida i religionstimane.

UiA-professor Helje Kringlebotn Sødal er skeptisk til fagfornyinga av KRLE-faget.
UiA-professor Helje Kringlebotn Sødal er skeptisk til fagfornyinga av KRLE-faget.

– Eg meiner at eit mangfaldig samfunn som vårt har ekstra behov for felles referanserammer og felles kunnskap om kristendom, andre religionar, livssyn og etikk. Men det sikrar ikkje denne planen. I staden for å ha overordna kunnskapsmål som gjeld for alle, opnar planen for at den enkelte skule og lærar kan velje dei temaa dei vil leggje vekt på i undervisninga, seier ho.

Plan utan danning

Professor Kringlebotn Sødal meiner kravet i planen om at elevane skal svare på korleis religionar kjem til uttrykk i media og populærkultur, er greitt nok om det også hadde vore tydelege mål om kristen eller annan religiøs kulturpåverknad meir generelt. Men slik er det ikkje.

– Elevane skal finne kristen, muslimsk og annan religiøs påverknad i populærkulturen, men planen sikrar ikkje det same i bildekunsten, litteraturen eller tradisjonen. Planen har ikkje eit overordna perspektiv på danning, legg lita vekt på historie og kulturell utvikling og stiller seg utanfor danningstradisjonen i vår kulturkrets, seier ho.

Kringlebotn Sødal trur den nye fagplanen kan medføre at fleire religionar fell ut av undervisninga ved nokre skular.

– Viss det til dømes er få representantar for religionar som jødedom og hinduisme i ein kommune, opnar planen for at skulen kan velje dei bort i undervisninga. Det finst få spor av historisk og kulturelt medvit i planen, og dermed står til dømes jødedommen i fare for å falle ut av undervisninga. Islam kan også verte nedprioritert, seier Kringlebotn Sødal.

Nils Hallvard Korsvoll er førsteamanuensis ved UiA og trur den nye fagplanen for KRLE kan fornye faget.
Nils Hallvard Korsvoll er førsteamanuensis ved UiA og trur den nye fagplanen for KRLE kan fornye faget.

Fornyar religionsfaget

Nils Hallvard Korsvoll er førsteamanuensis ved UiAs Institutt for religion, filosofi og historie. Han er blant dei som er positive til den nye fagplanen.

– Den nye planen kastar om på mange ting og gir fleire nye alternativ som den gamle planen ikkje har. Eg trur planen kan fornye KRLE-faget, seier Korsvoll.

Han peikar på at eit av poenga med den nye læreplanen nettopp var å redusere detaljstyringa av skulekvardagen og stole meir på læraren.

– Planen har mellom anna redusert talet på kompetansemål og har på fleire andre område vorten meir open. På det viset har planen lykkast med nokre av dei intensjonane som låg til grunn for planarbeidet. Færre kompetansemål og andre detaljerte styringar overlét meir til læraren sjølv, seier Korsvoll.

Utviklar ferdigheiter hos eleven

Korsvoll meiner det er bra at planen har gått vekk frå å vektleggje ulike sider av kunnskapsinnhaldet og i staden legg vekt på at eleven skal utvikle sine ferdigheiter og eigenskapar i møte med kristendom, andre religionar, ulike livssyn og etiske og filosofiske refleksjonar.

– Planen legg meir vekt på at eleven øver opp ei evne til å lese og forstå religion som fenomen, verdisystem og samfunnsaktør, seier Korsvoll.

Han viser til omgrepet religious literacy, som inneber evna til å forstå og tolke religiøs tru, tanke og praksis.

– Dette er ein del av ein internasjonal trend som ser religion i eit fleirkulturelt utdanningsperspektiv, og mindre i eit nasjonsbyggjande perspektiv.

– I staden for å lære om julefeiringa til dei kristne, id-feiringa til muslimane og vesak-feiringa til hinduane, skal elevane kjenne til viktige høgtider i ulike religionar, og planen seier ikkje noko om kva for høgtider læraren skal vektleggje, seier han.

Større valfridom for læraren

Korsvoll meiner det et godt grep å stille skulen og læraren frie til å velje kva for tema dei vil leggje vekt på.

– Læreplanen styrer ikkje det læraren skal ta opp, men peikar på tema det kan vere relevant å aktualisere omkring religiøs tru og praksis. Når planen ikkje slår fast eksakte moment lærarane skal ta opp, får læraren større valfridom og høve til å bruke eige skjønn og kompetanse, seier Korsvoll.

– Fordelen med læreplanen no er at ingen er nemnd og ingen er gløymd. Dei lokale lærarane skal bestemme meir. Ansvaret vert lagt over på læraren og skulen, seier Korsvoll

Den gamle fagplanen la vekt på bestemte kunnskapar om dei store verdsreligionane, mens dette no vert meir opp til læraren.

– Vektlegginga i den gamle planen står ikkje i stil med dagens religionsfag eller religionsforståinga i samfunnet elles. Vi er no fristilt frå verdsreligionane, og det er bra fordi vi kan leggje meir vekt på andre former for religiøsitet. No vert det viktigare å grunngje verdsreligionane tematisk og ikkje ut frå historie og kultur, seier Korsvoll.

Krav til læraren og utdanninga

Han er på det reine med at den nye planen også stiller krav både til lærarane i barne- og ungdomsskulen og for universitet og høgskular som utdannar lærarar i religionsfaget.

– Vi må alle tenkje og jobbe nytt, og leggje meir vekt på lokale planar utvikla av lokale lærarar. At vi har tillit til læraren, fordrar at dei er flinke.

– For at dei skal få den nødvendige kompetansen om religion, krev det sjølvsagt også at UiA og andre institusjonar som utdannar KRLE-lærarar tenkjer nytt og gir studentane god opplæring, seier Korsvoll.