Då Senter for integrert petroleumsforsking såg dagens lys i 2003 var det store fleirtalet stipendiatar norske. No er talet på utanlandske stipendiatar over 50 prosent.
Senter for integrert petroleumsforsking er eit av dei forskingsmiljøa som har trekt til seg eit høgt tal internasjonale stipendiatar.
Arne Skauge, leiar for senteret, meiner at svaret ligg i aktiv rekruttering og heilskapleg oppfølging av dei tilsette.
Breidde gjev kvalitet
Ved oppstarten i 2003, starta senteret med ei rekke stipendiatar som allereie var tilknytta Universitetet i Bergen. Dermed var det ei stor overvekt av norske stipendiatar i gruppa.
Etterkvart som talet på stipendiatar skulle aukast, var det naturleg å rette blikket mot forskingsmiljø i utlandet.
- Ei større søkjarmasse sikrar at vi får fleire gode kandidatar å velje blant. I ein slik samanheng er det naturleg å rekruttere internasjonalt, seier Skauge.
Aktive på nettet
I arbeidet med å rekruttere stipendiatar nytta Senter for integrert petroleumsforsking aktivt si eiga nettside og internasjonale websider for ledige stillingar innan forsking, og satsinga viste seg å vere fruktbar.
- Det er tydeleg at Internett er ei mykje brukt informasjonskjelde for stipendiatar som er på utkikk etter arbeidsmoglegheiter internasjonalt. Difor er kontinuerleg oppdatering av nettsider ein viktig strategi i rekrutteringsarbeid, seier Skauge.
Han legg også vekt på nytta av nettverksbygging. Mange av senteret sine internasjonale stipendiatar har kome til Bergen takka vere tilrådingar frå forskargrupper ved universitet i utlandet.
Etterstrebar mangfald
I dag tel Senter for integrert petroleumsforsking 60 forskarar, 40 stipendiatar og 40 masterstudentar. 17 nasjonalitetar er representerte i denne gruppa.
Skauge framhevar at Senter for integrert petroleumsforsking etterstrebar mangfald blant dei tilsette.
- Eit mangfald av ulike kulturar, utdanningsbakgrunn og spreiing når det gjeld alder og kjønn gjev eit godt arbeidsmiljø. Tilsette med ulik bakgrunn gjev det beste kreative miljøet, seier han.
Oppfølging
Skauge understrekar at senteret også legg vekt på ei heilskapleg oppfølging av sine tilsette.
Stipendiatar og forskarar frå utlandet får mellom anna hjelp i høve til søknad om opphaldsløyve og å kome seg i orden i det nye husværet. Sosiale arrangement og tiltak står sentralt på senteret.
Annonse
- Vi ser heilt klart verdien av å skape eit inkluderande miljø, seier han.