Eindimensjonale krigsfilmar

Krigsfilmar presenterer ofte eit eindimensjonalt bilete av "den andre" – ikkje berre i innhaldet, men i sjølve strukturen.

Publisert
Fra filmen The Hurt Locker. (Foto: Nordisk Film Distribusjon)
Fra filmen The Hurt Locker. (Foto: Nordisk Film Distribusjon)

- Krigsfilmane presenterer i påfallande grad fienden, “den andre”, som eindimensjonal. Film er eit svært sterkt medium som kan etablere og reprodusere fortolkingsrammer som det er lett å falle inn i, seier Dokumentasjons- og medievitar Holger Pötzsch ved Universitetet i Tromsø.

Desse fortolkingsrammene kan ifølge forskaren deretter aktiviserast i møte med fenomen i den verkelege verda og slik leggje føringar for korleis me til dømes oppfattar ulike handlingsalternativ i verkelege konfliktar.

- Eg seier ikkje at dei som ser krigsfilmar er passive offer for einsretta media-påverknad, men at det er lettare å gå inn i eit etablert skjema, ei etablert forståing av verda, enn å aktivt utfordre den.

- Dei formelle strukturane i dei fleste krigsfilmane inviterer til ei passiv mottakarhaldning som byggjer på allereie etablerte forståingsrammer eller skjema, seier Pötzsch.

I si ferske doktoravhandling har Pötzsch nærlese, eller nærsett, på eit breitt utval av krigsfilmar, både smale og breie filmar, kassasuksessar, Hollywood-produksjonar og filmar frå andre land.

- Men sjølvsagt er det også nokre krigsfilmar som utfordrar og spelar med slike skjema. Terrence Malicks The Thin Red Line om andre verdskrigen og Nick Broomfields Battle for Haditha om Irak-krigen, er gode døme.

- Medan kassasuksessane – som til dømes Saving Private Ryan eller The Hurt Locker – vanlegvis i liten grad inviterer til utfordrande lesingar.

Ikkje alt er berre kontekst!

Pötzsch er dokumentasjons- og medievitar og nærles altså filmane som tekst.

- Sjølvsagt er det relevant å sjå på kva for sosial eller historisk kontekst filmen blir mottatt i, men eg er meir oppteken av strukturen i filmen.

- For meg har det interessante vore å sjå på dei tekniske virkemidla som skapar filmen; kameraføring, zooming, nærbilete, lange klypp, korte seksvensar, seintgåande sekvensar, flash back, voice over.

- Alt dette er med og skapar karakterane og situasjonane i filmen - og det er svært sjeldan at me får tilgang til fienden frå fleire vinklar. Han blir berre vist fram med ei side, han er som oftast “berre vond”.

Holger Pötzsch. (Foto: Sigrun Høgetveit Berg)
Holger Pötzsch. (Foto: Sigrun Høgetveit Berg)

- Difor er det ikkje nok å berre sjå på korleis resepsjonen, korleis mottakinga, av ein film kan og skal kontekstualiserast, korleis han kan setjast inn i ein samanheng.

- Me må også syne korleis teksten, korleis filmens struktur, set opp rammene for resepsjonen, avsluttar Pötzsch, og slår med det ettertrykkjeleg fast kvifor humaniora er viktig.

- Nokon må kunne lesa teksten kritisk.

Referanse:

Pötzsch: Between Constitutive Absence and Subversive Presence: Self and Other in the Contemporary War Film, doktoravhandling ved Universitetet i Tromsø 2012.