Friskmeld nasjonalkjensle

Tysk nasjonalkjensle er friskmeld etter at Tyskland arrangerte Fotball-VM. Jørgen Klinsmanns elleville ballongdans på sidelinja var til god hjelp, meiner tysk fotballforskar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

At danske fotballsupportarar vaggar gjennom gatene, svingar med ølvommene sine, veiver med pilsflaskene og gaular “Danmark er et lille land”, får oss til å smile. Kan hende hjarteleg, kan hende oppgitt. Likevel: Vi smiler.

Når deira tyske fotballbrødre kjem etter med dei same ølmagane og kaukar “Deutschland, Deutschland”, så stivnar smila. Nokre tenker “Here we go again?”

For slik har det vore: Vi europearar er ukomfortable med tysk nasjonalkjensle i fri dressur.

Dans på sidelinja

"Tyskar i fri dressur."

Men så var det Klinsmann. Hugsar du han? Den tyske trenaren som, då laget hans skåra, sette i gang med ein avsindig dans på sidelinja, armar og bein flaksande i alle retningar.

Kameraet zooma inn, og opptaket gjekk i reprise verda rundt.

Mange undra seg. Kva var dette? Uhemma tysk sigersglede? Og: Synest vi det er greitt?

Internasjonalisert nasjonalkjensle

- Det nye tyske landslaget under Jørgen Klinsmann syner fram ei internasjonalisert nasjonalkjensle, seier førsteamanuensis Stefan Krankenhagen ved NTNU.

- Det var Klinsmann som sytte for at spelarane song nasjonalsongen før kampane, som synte at det er lov å vere glad for å vere tysk i ein slik situasjon. Samstundes har han budd i USA i ei årrekkje, er gift med ein kinesiskamerikansk kvinne og står fram som ein ekte internasjonalist.

Gledesfest

Har sommarens VM-arrangement i Berlin gjort ein ny, folkeleg patriotisme “salongfähig” i Tyskland? Krankenhagen, som er redaktør for ei komande artikkelsamling om samtidas fotballkultur, går langt i å svare ja på spørsmålet.

"Stefan Krankenhagen"

- Vener og kjende karakteriserer meisterskapen som ei seks veker lang, samanhengande gledesfest. Dette heng ikkje minst saman med at landslaget stod fram med ein ny stil på banen, seier han.

Maskinfotball

Vest-Tyskland vann VM i 1954. Det var viktig for det nye Etterkrigs-Tyskland.

- For første gang etter andre verdskrig kunne landet vise seg fram på ein god, demokratisk måte, seier Krankenhagen.

Men samstundes fekk laget ry på seg for å spele ein kjedelig “maskin-fotball”. Dette ryktet har landslaget under Klinsmann kvitta seg med, ein gong for alle.

- Det tyske laget presenterte seg med spanande og kreativ fotball. Ein kunne vere stolt med god grunn, og utan å skjule det, seier Krankenhagen.

Fotball og Holocaust

- Tyder det på at den tyske nasjonalkjensla, som fekk noko nær eit banesår under Hitler, no er friskmeld?

- Den er på veg til å bli friskmeld. Det er fleire årsaker til det. Etableringa av det nye Holocaustminnesmerket er ein faktor, gladfotballen under Klinsmann og Berlin-VM ein annan.

Så kan ein lure på om førsteamanuensen ved Seksjon for tysk, NTNU, ikkje overdriv kor viktig fotballen er for kulturelle særtrekk. Det er han ikkje samd i.

Viktigast i verda

- Som eit meiningsskapnde symbol er fotball viktig, og blir viktigare. Under førre VM såg kvar borgar i verda i snitt fire meisterskapskampar på TV: Det er eit vanvittig høgt tal. Fotball er blitt den hegemoniske idretten i verda, seier Krankenhagen.

Så er det også vorte slik at fotball er blitt “in” i intellektuelle krinsar. Fotball og kultur har nærma seg kvarandre: Intellektuelle diskuterer gjerne og ofte både fotballtaktikk og fotballens tydning i samfunnet, samstundes som at fotballen har teke opp i seg kulturelle element.

Årets VM hadde for første gong eit eige kulturprogram, slik dei olympiske leikane har hatt lenge.

Siviliserande effekt

Men kva er det med dette spelet som fascinerer?

- Vi ser på fotball som ei forholdsrøynsle: Ein aktivitet kor ein erfarer tilhøvet mellom individ og lag, anarki og reglar, kampen mellom rivalar på banen, kjerleiken mellom laget og supporterane. Fotball har hatt ein siviliserande effekt gjennom historia, slår Krankenhagen fast.

Fotballen gjev meining

I den verdslege, moderne samfunnet har fotballen blitt meir enn underhaldning.

- For mange er fotballen det som gjev meining i dagleglivet. Fotball er blitt ein erzatz-religion, seier han. Og det har å gjere med at sjølve utviklinga av moderne fotball, som på slutten av 19. århundret kom i ein fase der sporten, nasjonen og framsteget vart den dominerende måten å forklare livet på - i staden for religionen.

Men frelsarperspektivet har likevel sine grenser.

Endrar ikkje historia, men?

- Fotball endrar ikkje historia. Du såg det i samband med Frankrikes suksess under EM for to år sidan, med eit tvers igjennom multietnisk landslag: Så fekk du harde raseopptøyer året etter.

Men fotball på sitt beste, som under VM i Berlin, syner at ein kan ha det moro - saman.

- Det er ikkje lite berre det, seier Stefan Krankenhagen.

Powered by Labrador CMS