Då både laks og sjøaure blei utsatt for virus, blei laksen smitta, medan sjøauren ikkje viste teikn til skadar eller sjukdom. (Foto: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet)
Då både laks og sjøaure blei utsatt for virus, blei laksen smitta, medan sjøauren ikkje viste teikn til skadar eller sjukdom. (Foto: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet)

Sjøaure toler virus betre enn oppdrettslaks

I forsøk der sjøaure har blitt utsett for to virus som forårsakar mykje sjukdom i oppdrettslaks, viser resultata at sjøauren truleg toler desse virusa betre enn det laks gjer.

Published

Oppdrettslaks er utsett for særleg to virus, som i verste fall kan føre til at fisken døyr. 

Dei to virusa, Piscine orthoreovirus (PRV) og Salmonid alphavirus (SAV) kan gje sjukdommane pankreassjuke og hjarte- og skjelettmuskelbetennelse.

Men kor utsette er villfisk som til dømes sjøaure, også kjent som sjøørret, for desse virusa? Det har forskarar frå Havforskingsinstituttet undersøkt. 

– Vi ser at sjøauren truleg er mindre utsett for å bli smitta og sjuk av dei to virusa PRV og SAV enn laks, fortel Bjørn Olav Kvamme som er leiar for faggruppa som forskar på smittespreiing og sjukdom ved Havforskingsinstituttet.

Badar fisk i virus

For å undersøke om det er forskjellar på smitte og sjukdom mellom laks og sjøaure, har fiskane blitt bada i virus, eller dei har gått i same kar som infisert laks.

– Resultata frå smitteforsøka våre viser at laksen vart smitta av begge virusa, medan sjøauren berre viste svake teikn til å bli smitta, seier Kvamme.

Forskarane undersøkte òg om fisken fekk skadar i indre organ. Også desse undersøkingane viste ifølgje Kvamme at laksen vart sjuk, medan auren ikkje viste skader eller teikn på sjukdom.

– Til saman viser resultata at auren brukte lengre tid før han vart infisert, han kvitta seg med virus raskare og hadde lågare mengder virus enn laksen. Auren viste heller ikkje teikn på å bli sjuk. Dette betyr at laksen vert sjukare enn auren av desse virusa, noko som gjer at risikoen for smittespreiing frå oppdrett til vill fisk er lågare for aure enn for laks, seier han.

Bjørn Olav Kvamme har tatt opp fisk som skal undersøkast for virus. (Foto: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet)
Bjørn Olav Kvamme har tatt opp fisk som skal undersøkast for virus. (Foto: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet)

Kvifor er det forskjell på smitte på laks og aure?

Eit av dei store spørsmåla har vore om virus frå oppdrettslaks faktisk kan smitte sjøaure sidan enkelte virus berre kan infisere ein eller nokre få vertar medan andre virus kan infisere mange.

– Til trass for at dei ser nesten heilt like ut, er sjøaure ein annan art enn laks, dermed er det sjanse for at dei ikkje er mottakelege for dei same virusa eller at dei er mottakelege, men ikkje blir sjuke, forklarar Kvamme.

Til skilnad frå villaks, oppheld sjøaure seg i fjordane og langs kysten mykje av livet, altså i dei same områda som oppdrettsanlegga. Dermed er auren meir utsett for å bli smitta av desse virusa enn villaks som berre sym gjennom desse områda på veg enten mot havet eller mot elva.

– Tidlegare har vi kartlagt virus i villfisk. Etter denne kartlegginga var vi spente på kva resultatet ville verte på dette smitteforsøket. Kartlegginga tydde på at auren kunne vere meir motstandsdyktig mot desse virusa enn laks. Dette viste seg å stemme, fortel Kvamme.

Kvar fisk blir nøye målt og vegd. (Foto: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet)
Kvar fisk blir nøye målt og vegd. (Foto: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet)

Blir villfisk sjuk?

Havforskingsinstituttet kartlegg virus i vill laksefisk i elvane og i sjøen. Resultata viser at det er svært lite villfisk som er smitta av viruset som kan gje pankreassjuke når ein samanliknar med kor vanleg viruset er i oppdrettsfisk i nokre område. Til no er det påvist smitte i berre ein einaste villfisk. Ifølgje forskarane er det òg funne mindre villfisk enn forventa som er smitta med viruset som kan gje hjarte- og skjelettmuskelbetennelse.

– Det vert sjeldan gjort funn av sjuk fisk i naturen. Det kan skyldast at den sjuke fisken døyr innan kort tid eller at den blir eten av til dømes andre fiskar eller fugl, då den kan vere svekka og dermed lett å ta, seier Kvamme.

Men at ein fisk er infisert med eit virus, treng ikkje bety at han er eller vert sjuk.

– Både fisken, viruset og miljøet er med på å avgjere om ein infisert fisk vert sjuk. Det same er også tilfelle hos oss menneske. Er vi til dømes stressa eller svært gamle, vert vi lettare sjuke, og ulike influensavirus gjer ulik grad av sjukdom, forklarar Kvamme.

Har eigen smittelab

– For å bekrefte funna frå villfisk er det viktig å gjere undersøkingar i laboratorium der vi har betre kontroll på det som skjer. Kartlegging i naturen og kontrollerte forsøk utfyller kvarandre, seier Kvamme.

For å undersøke om sjøaure og anna fisk toler virus og anna smitte, vert det gjort smitteforsøk. Slike forsøk kan gjerast i smittelabben til Havforskingsinstituttet, der ein har fleire solide barrierar som sikrar at smitte ikkje kjem ut i miljøet. Det vil no bli gjort fleire smitteforsøk med aure og anna fisk, slik at ein betre kan vite kva påverknad smittsame sjukdommar hos oppdrettsfisk kan ha på villfisk.

– Vi er heilt avhengig av ein god smittelabb for å kunne gjere slike forsøk, seier Kvamme.