Hjelp i nøda

Snart kan fugleinfluensaen vere over oss. Ikkje greit å vere kommunelege då.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Tenk deg ein truande epidemi av influensa av ein meir alvorleg type enn det som er vanleg. Kommunelegen og anna helsepersonell treng informasjon både om vaksinasjon og behandling. Kven treng det eine og kven treng det andre?

Dessutan trengs retningslinjer for eventuell oppsporing av smittekjelder. Skal sjukdomstilfelle meldast, og i så fall til kven? Informasjonen trengst, og den trengst raskt!

Enn om det fantes ein stad kor alt helsepersonell var innom med jamne mellomrom for å oppdatere seg på ny fagleg innsikt, og ofte nytta når dei skulle finne svar på spørsmål omkring handsaming, medikament, diagnostisering, og meir?

Virtuelt

Eit elektronisk helsebibliotek kan vere svaret: Eit virtuelt bibliotek for alt helsefagleg personell i Noreg, der du kan søke ny informasjon om lidingar, medikament, behandlingsformar og meir. Ein database basert på velkjende internasjonale fagtidsskrift, ålmenne vitskapspublikasjonar, oppsummert kunnskap, retningslinjer, lover og all anna relevant informasjon.

Kva har helsepersonell å hjelpe seg med i dag?

33 millionar treff

- Vent litt så skal eg sjekke… jo. Sjå her: For to veker sidan tasta eg inn ordet «diabetes» på Google og fekk 33 millionar treff. Nett no fekk eg 35 og ein halv millionar treff. Det er klart at då hjelper det ikkje mykje.

Den som snakkar, er Magne Nylenna. Han er professor II ved Institutt for samfunnsmedisin, NTNU og tidlegare redaktør av Tidsskrift for Den norske lægeforening. Han leier arbeidet med ein pilotversjon av eit slikt virtuelt bibliotek. Prøvemodellen skal vere på plass ved årsskiftet.

Kunnskap ujamt fordelt

- Tilgangen på relevant kunnskap og informasjon er ujamt distribuert i norske helsevesen. Ved dei store universitetssjukehusa er situasjonen god. Ein har tilgang på dei leiande vitskaplege tidsskrifta og dei gode databasane, og ein kan få assistanse til å finne fram i dei, fortel Nylenna.

Men situasjonen endrar seg fort når ein kjem bort frå universiteta.

- Ved mindre sjukehus kan situasjonen karakteriserast som middels. Dei greier seg på eit vis. Men det er særleg ute i kommunehelsetenesta, ved sjuke- og aldersheimar, på kommunale legesenter og hjå privatpraktiserande legar, at dei rett og slett manglar tilgang på fagleg essensiell oppdatering. Desse treng eit løft, konstaterer Nylenna.

Bli flinkare i jobben

Gjennom eit slikt nasjonalt knutepunkt for helsefagleg informasjon kan helsestyresmaktene også formidle autoritative retningsliner for medisinsk praksis.

Nylenna peiker på ein annan føremon: økonomi.

- Dei leiande fagtidsskrifta er blitt elektroniske publikasjonar i tillegg til papirtidsskrift. Etter kvart er abonnementa blitt svært kostbare. Ved å knyte dette saman, og forhandle seg fram til gunstige prisar for mange brukarar, er det på lengre sikt pengar å spare, trur Nylenna.

Styrke faget

- Men det viktigaste er dette: Å styrke det faglege grunnlaget for den einskilde utøvar av yrket. Derfor er vekta lagt på korleis brukarane kan nytte dette nettbaserte helsebiblioteket til å oppdatere seg, seier han. Her skal det være mogeleg å finne det aller meste av den relevante faglege kunnskapen, tilrettelagd for norske brukarar og samla på ein nettstad.

Ambisjonen er at alt helsepersonell skal få tilgang, gjennom arbeidsplassen, individuelt eller begge delar.

Bibliotektenester

Nykonstruksjonen vert heitande bibliotek og ikkje database. Og Nylenna har tittelen redaktør. Omgrepa er ikkje tilfeldig valt - ein har klare ambisjonar om å tilby slike tenester som eit vanleg bibliotek byr på.

- Vi tenker oss også nettbibliotekarar som brukarane kan kome til med spørsmål og problemstillingar, slik vi i Folkebiblioteket kan få bibliotekarane der til å finne ut av ting for oss, fortel Nylenna.

Avgrensa tilgang

Eit slikt virtuelt helsebibliotek kan vere interessant også for mange utafor helsevesenet. Men ålmenta vil i første omgang ikkje få tilgang til ein del av informasjonen, seier Nylenna. Han er lei seg for det, men:

- Her er det snakk om å abonnere på dyre tidsskrift. Då kan vi diverre ikkje legge basen open.

Fleire års arbeid

Nylenna har ein handfull personar med seg i prosjektarbeidet for det nettbaserte biblioteket. Etter at piloten er sendt ut, vil ein nytte neste år til å bygge ein permanent versjon. Arbeidet med det vil halde fram i fleire år, seier han.

- Er det sikkert at det blir noko av?

Ja!

- Ja, det kan vi seie. Dei fem regionale helseforetaka, Sosial- og helsedirektoratet og Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta har gått saman om dette tiltaket. Men kor omfattande og kor bra helsebiblioteket vert, står att å sjå. Dette handlar i første rekke om pengar, og i kva grad politikarane prioriterer helseinformasjon, seier Magne Nylenna.

- Og viktigast vert det naturlegvis korleis brukarane tek imot det nye tilbodet.

Powered by Labrador CMS