Verdsbanken har rekna ut at utviklingsland mottok pengeoverføringar verdt nesten 2000 milliardar kroner frå sine utvandrarar i 2008 – over dobbelt så mykje som landa mottok i statleg utviklingshjelp.
– Pengeoverføring frå innvandrarar til opphavsland blir ofte omtalt i samband med kriminalitet. Men det meste er ærleg hjelp til slekt og familie, seier samfunnsgeograf Jørgen Carling.
Han er seniorforskar ved PRIO og leiar for forskingsprosjektet Remittances from immigrants in Norway, som mottek støtte frå Forskingsrådet sitt IMER-VAM-program.
Tidleg i prosjektet gjorde PRIO-forskarane ei kartlegging av kva for pengeoverføringstenester som finst i Noreg og undersøkte kvaliteten på tenestene. Dette la grunnlaget for at regjeringa ønskjer å auke konkurransen på denne marknaden.
– Finansportalen.no er i gang med å utvikle eit prisbarometer etter same modell som allereie er i bruk for bustadlån og andre banktenester. Formålet er at det skal bli lettare å velje den beste og billegaste tenesta, og at ein større del av pengane skal kome fram til mottakarane i fattige land.
– I dag er det ikkje uvanleg at mellom 10 og 20 prosent av summen forsvinn i gebyr og dårlege vekslingskursar, fortel Carling.
Husbygging og livsopphald
Målet med forskingsprosjektet er å kaste lys over pengeoverføringar frå innvandrarar i Noreg til opphavslanda.
Forskarane frå PRIO har intervjua pakistanske og somaliske innvandrarar i Noreg, og somaliske flyktningar i Kenya som får pengar frå slekt i Noreg. Dei skal òg gjere feltarbeid i Pakistan og analysere statistisk materiale for ti innvandrargrupper i Noreg.
Eit sentralt spørsmål for prosjektet er korleis integrering heng saman med banda mellom innvandrarar og opphavslandet.
– Det statistiske materialet kan fortelje oss om godt integrerte innvandrarar sender mindre pengar til opphavslandet, eller om dei sender meir pengar fordi dei har ein betre økonomi. Båe delar er tenkjelege, seier Carling.
Intervjumaterialet syner at pengeoverføringa frå pakistanarane og somaliarane i Noreg artar seg ulikt.
– Dette endrar seg over tid. Dei fleste pakistanske arbeidsinnvandrarane på 1970-talet var menn som sende pengar heim til kone og barn.
– I dag har få norskpakistanarar kjernefamilie i Pakistan, og pengane går gjerne til husbygging i opphavslandet eller liknande føremål. Pengane somaliarane sender, går derimot mest til livsopphald, seier Carling.
Dårleg presse
Under feltarbeidet i Noreg vart forskarane møtte med skepsis av respondentane, ifølgje Carling.
– Det har vore mykje negativ medieomtale av folk som sender pengar til opphavsland. Somaliarar har vore etterforska for ulovleg pengeoverføring, og skattesvindel og trygdemisbruk har vore kopla til pengane som pakistanarar sender til heimlandet.
– Difor var mange i utgangspunktet skeptiske til å snakke med oss, seier Carling.
Annonse
Både somaliarar og pakistanarar bruker i stor grad uformelle kanalar når dei sender pengar.
– For å sende pengar til Somalia er det ingen etablert, lovleg kanal for overføring. Noreg har strengare reglar for dette enn dei fleste europeiske land, seier Carling.
Han syner til at det i Pakistan finst lovlege kanalar, men også blant pakistanarane er det vanleg å ta med kontantar i staden for å bruke bankar eller overføringsbyrå.
Somaliarane nyttar for det meste uformelle nettverk kalla Hawala for å sende pengar heim.
– Hawala-systemet fungerer ganske godt. Det er lite svinn, det går ganske raskt og er rimeleg, men det er ikkje lovleg i Norge, seier Carling
Han meiner det er uheldig at somaliarane må bryte lova for å sende pengar heim. Noreg er blant dei mest restriktive landa i Europa på dette feltet.
For nokre år sidan frykta mange at sendinga av pengar via uformelle kanalar var kvitvasking eller kunne gå til å finansiere terrorisme.
– Men styresmaktene har endra politikk etter kvart som det syner seg at det for det meste er lovleg tente pengar som går gjennom Hawala-systemet.
– Det meste er småbeløp som går mellom slektningar, og har ikkje noko skummelt ved seg. Det er no stillteiande aksept av slik pengeoverføring, påpeikar Carling.
Ringverknader
Pengar frå utvandrarar blir av somme omtalt som meir effektivt enn u-hjelp. Men biletet er ikkje eintydig.
– Pengeoverføringar til slektningar er mykje mindre utsett for korrupsjon enn u-hjelpa. Pengane går til dei som skal bruke dei. Overføringane kan gje gode ringverknader i økonomien lokalt, men lite går til meir langsiktige utviklingsprosjekt.
Annonse
– For somaliarane som får pengar frå utlandet, går det meste til livsopphald, forklarer Carling.
Internasjonalt finst det lite sikker kunnskap om desse pengestraumane.
– Den akademiske forskinga på dette feltet er svært mangelfull. Det finst på den eine sida ein del økonomiske studiar av dette, medan forskinga på transnasjonale band er dominert av antropologar og sosiologar.