Doktorgradsprosjektet er del av eit større prosjekt som har som mål å utvikle verktøy og retningslinjer til hjelp for fastlegene i oppfølging av barn som pårørande. (Illustrasjonsfoto: Monkey Business Images / Shutterstock / NTB scanpix)

Viktig at fastlegen hjelper når barn blir pårørande

Barn av rusavhengige eller sjuke foreldre blir ofte oversett av foreldrene sine fastlegar. Men desse legane har gode moglegheiter for å hjelpe, syner ei ny doktorgrad frå UiB.

– Fastlegane følgjer ikkje så godt opp desse barna. Dei blir ikkje sett rett og slett, seier fastlege og forskar Frøydis Gullbrå.

Ho har nyleg disputert med ei avhandling der ho undersøker korleis barn av alvorleg sjuke eller rusavhengige foreldre har blitt møtt hos fastlegane, og kva fastlegane kan gjere for å hjelpe.

– Desse barna har behov som ikkje har blitt møtt. Mange klarar seg, men ein del er i ein svært krevjande situasjon og har det ikkje bra. Det finst også mykje forsking som syner at barn som har foreldre med psykisk sjukdom, rusmisbruk eller alvorleg somatisk sjukdom, har auka risiko for helseproblem og psykososiale vanskar.

– Ut frå funna våre, og det vesle som finst av forsking på dette frå tidlegare, kan ein heilt klart seie at desse barna ofte har blitt forsømde av fastlegane, seier Gullbrå.

Korleis kan fastlegane hjelpe?

Frøydis Gullbrå forskar på barn som pårørande og fastlegen si rolle i samarbeid rundt sårbare familiar. (Foto: Britt Kristin Ese / UiB)

Gullbrå sitt doktorgradsprosjekt er eit samarbeid mellom allmennmedisinsk forskningsenhet og RKBU ved Uni Research Helse, og Universitetet i Bergen. Det er del av eit større prosjekt som har som mål å utvikle verktøy og retningslinjer til hjelp for fastlegane i oppfølging av barn som pårørande. 

Forskarane intervjua fastlegar, barn som har sjuke foreldre og ei gruppe sjuke eller rusavhengige foreldre. Dei ville finne ut kva dei meiner om korleis fastlegane kan hjelpe.

Ein veit frå tidlegare studiar at denne gruppa ofte ikkje har blitt godt nok teke vare på, men fastlegane si rolle har det blitt forska lite på, seier Gullbrå.

– Mange har sett på andre grupper i helsevesenet, men fastlegane si rolle har i svært lita grad blitt undersøkt. Dei aller fleste sjuke foreldre oppsøker fastlegen, og han eller ho er difor i posisjon til å fange opp barna. Fastlegane har veldig mange oppgåver og skal ikkje ta seg av alt, men kan fange opp og kanalisere hjelp der det er nødvendig.

Barn og foreldre vil ha hjelp frå fastlegen

Når desse barna kjem til fastlegen, er det som regel fordi dei har fysiske plager som vondt i hovudet, vondt i magen eller senebetennelse. I gruppeintervju fortalde ungdom som hadde hatt oppvekst med sjuk forelder om ein uforutsigbar kvardag, der dei hadde problem med å oppretthalde ei vanleg ungdomstid.

– Dei har behov for informasjon, men tykkjer det er vanskeleg å ta opp hos fastlegen korleis foreldra sin tilstand påverkar dei og gjer kvardagen vanskeleg. Ungdommane vil gjerne bli møtt som andre ungdommar, men seier dei ønskjer at fastlegen i tillegg skal forstå at dei har ein belastande kvardag, seier Gullbrå.

– Foreldrene er opptekne av å gjere det som er til barna sitt beste. Dei vil at fastlegen skal anerkjenne at dei gjer sitt beste for å lage ein vanleg kvardag for ungane sine. Samtidig har dei eit ønskje om å få hjelp, råd om korleis ein kan lage ein god kvardag, gje informasjon til barna, eller dei ser at barna kan ha behov for nokon å snakke med utanfor heimen.

Vanskeleg å ta opp barna sin situasjon

Når helseplager oppstår, er det ofte fastlegen foreldre oppsøker fyrst. Fastlegen kjenner også ofte heile familien, og skal difor vere i ein god posisjon til å sjå barna og sørgje for at dei også får nødvendig oppfølging, meiner Gullbrå.

I intervjua opplyste fastlegane om fleire barrierar som kan gjere at barna sin situasjon ikkje blir tatt opp i konsultasjon med foreldra.

– Tida er knapp. Fastlegane har gjerne 15 minutt til konsultasjon og ofte har pasienten som kjem inn eit tema han eller ho vil ta opp. Å ta opp korleis barna har det, kan vere vanskeleg innan tidsramma. Fastlegane opplever også at det kan vere vanskeleg å skulle ta opp korleis ungane blir belasta av sjukdomen, fordi dei er redde det vil tilføre ei ekstra byrde for ein forelder som slit frå før, seier Gullbrå.

For at temaet skal bli tatt opp i løpet av ein konsultasjon, gav barna uttrykk for at det er viktig at det er fastlegen som gjer det.

– Både ungdommane og foreldra sa det er heilt ok at fastlegen tek opp dette temaet og spør korleis ungane har det, men det var legane som var litt redde og reserverte med tanke på å ta det opp. Kanskje er denne frykta for å gå inn på andre si private sfære litt ubegrunna. Gruppa me intervjua var tydelege på at dette var eit tema dei ønskte fastlegane skulle ta tak i, seier Gullbrå.

Fastlegane kan hjelpe

Studien konkluderer med at fastlegen er i ein god posisjon for å hjelpe barn som pårørande, men at dei ofte går glipp av sjansen til å handle.

– Ut frå det me finn er det fleire ting ein fastlege kan gjere. Han eller ho kan bidra med informasjon, syne vidare til andre instansar når det er nødvendig og gje råd om korleis ein kan handtere situasjonen. Men det viktigaste er at temaet blir tatt opp. At fastlegen nyttar høvet når dei sjuke foreldre og barna er der, og spør korleis heimesituasjonen påverkar dei, kan vere med på å sette i gong hjelp for dei som treng det, seier Gullbrå.

– Fastlegane har ofte eit tillitsfullt forhold til pasientane, og følgjer dei over tid. Det har synt seg også i andre samanhengar at fastlegane ikkje utnyttar moglegheita dei har på desse møta. Men det syner resultata våre at dei kan gjere, utan at det går på kostnad av relasjonen til pasienten.

Referanse:

Gullbrå, F.: Children as next of kin and the general practitioner. A qualitative study about the general practitioner’s opportunities to helpDoktorgradsavhandling ved Universitetet i Bergen (2017). 

Powered by Labrador CMS