Forskingsmetode for nyansane

For å fange røynda så nøyaktig som mogleg, må ein også ta med nyansane. Det meiner professor Steven Brown frå Kent State University i Ohio. Nyleg var han i Stavanger for å presentere forskingsmetoden Q-methodology.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Brown har arbeida i mange tiår med å få metoden presentert for forskarar rundt om i verda. I Noreg i dag er det berre i Trondheim og Stavanger at det finst miljø som nyttar metoden.

- Vi menneske har så mange tankar, opplevingar og meiningar som ikkje kjem til uttrykk i vanlege spørjeskjema. Enkle ja- og nei-spørsmål fangar ikkje opp alle dei stemmane som finst i samfunnet, forklarte Brown.

- For å fange røynda så nøyaktig som mogleg, må ein også ta med nyansane. Ein må beskrive det subjektive på ein objektiv måte, sa Brown då han presenterte forskingsmetoden Q-methodology for ivrige forskarar ved Universitetet i Stavanger.

Verda er kompleks

- I Q-methodology rangerer ein utsegner. Ein sorterer dei etter kva folk er mest einige og ueinige i, fortalte Brown og gav eit døme:

- For å finne svar på kvifor elevar slit med heimeleksa si kan ein spørje eit knippe elevar som slit med akkurat dette om kva som er problemet. Dei utsegnene du får kan så brukast til å lage eit skjema der elevar rangerer kva for utsegner dei er mest eller minst einige i, sa Brown og konkluderte:

- På denne måten fangar ein opp alle orsakene som finst til at elevar ikkje gjer heimeleksa si, samstundes som det er lettare å finne løysingar på problemet.

Brown meiner metoden speiler verda som meir kompleks enn kva tradisjonell forskingsmetode gjer. Ved å ta omsyn til alle subjektive meiningar og opplevingar vil ein få ei forsking som er nærare røynda.

Nye tankar

- Brown utfordrer tradisjonelle forskingsmetodar. Q-metoden fokuserer på menneska sine tankar, synspunkt, kjensler og verdiar, og ikkje på måling av intelligensnivå og ferdigheiter. Metoden er utvikla for å fange opp menneska sine opplevingar av å bli testa, fortel forskar Arlene Arstad Thorsen, ved Senter for åtferdsforsking ved UiS.

Det er Thorsen som har fått professoren frå USA til å kome til Stavanger.

- Det er kjekt å sjå at folk interesserer seg for ein annleis måte å tenkje på. Det er nemleg ikkje alltid så lett å forstå essensen i metoden, seier Brown.

- I bunn og grunn dreier Q-methodology seg om å ta omsyn til den enkelte sine perspektiv, slik at alle sine stemmer blir høyrt, også dei som ikkje elles kjem til orde, konkluderte han.

Etter besøket i Stavanger reiste Brown til NTNU i Trondheim på ein konferanse om Q-methodology. Der presenterte han korleis han har jobba tett med Verdsbanken, CIA og andre organisasjonar om korleis dei kan bruke metoden i viktige val som skal tas.

Powered by Labrador CMS