Bergensforskning i nytt ope arkiv

På tysdag i førre veke var den offisielle lanseringa av Bergen Open Research Archive, BORA. Utdanningsinstitusjonane meiner det opne arkivet vil bidra til økt kvalitet på forskinga, den vil bli meir synleg og spreidd raskare.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forlaga fryktar derimot for abonnentinntektene og trur konkursraten for mindre tidsskrift vil bli høg.

BORA er eit opent publiseringsarkiv kor forskarar ved Høgskolen i Bergen, Universitetet i Bergen, Norges Handelshøgskole og Christian Michelsens Institutt kan gjere vitskapelege artiklar tilgjengeleg for andre forskarar, studentar og interesserte.

Det er delte meiningar om løysingar som BORA, og under den offisielle lanseringa på tysdag i førre veke var det duka for debatt mellom forlag og forskarar på NHH.

- I dag markerer vi eit vendepunkt, sa rektor ved Universitetet i Bergen, Sigmund Grønmo på lanseringa.

- Bør vere offentleg tilgjengeleg

- Forsking er eit gode som bør vere ope for alle. Universitet og høgskolar har ikkje alltid økonomi til å abonnere på forskingstidsskrift i 100.000-kronarklassa. Særleg gjeld det for institusjonar i Sør.

- Det bidrar til ein skeiv tilgong på kunnskap mellom vestlege og ikkje-vestlege land. Offentleg finansiert forsking bør vere offentleg tilgjengeleg, fortsette Grønmo.

Tiltak som BORA er med på å stogge denne trenden, meiner han.

- Fordelane med BORA er openberre.

- For det fyrste vil forskingspublikasjonar på denne måten vere sikra for all ettertid. Det er også bevist at openheit førar til at forskinga blir meir synleg og får større gjennomslag for den enkelte forskar og for fagmiljøet, seier han.

Tilgjengeleg forsking får fleire treff

Universitetsrektoren får støtte frå Arne Jakobsson, som leiar det nasjonale forskingsarkivet, NORA (Norwegian Open Research Archive) og Bernt Lindtjørn, forskar ved UiB.

- Kunnskap skal vere tilgjengeleg for alle anten ein er rik eller fattig, seier Lindtjørn.

- Vi har bevis på at forskingsartiklar som er tilgjengelege for allmennheita får større gjennomslag enn dei som ikkje er det. Dei får fleire treff og blir meir brukt, seier Jakobsson.

I alt 13 institusjonelle arkiv er samordna under NORA, og arkivet rommar i dag over 12.000 publiserte fulltekstdokument. Om lag ein fjerdedel av desse forskingsdokumenta kommer frå BORA.

- Fleire og fleire av dei store og tunge, internasjonale institusjonane krev no at vitskaplege artiklar publiserast i “Open Access”-arkiv. Eg skulle ønskje at Norges Forskningsråd ville gjere det same, seier Jakobsson.

Undergraver dei abonnementsbaserte tidskrifta

Dei norske forlaga ønskjer ikkje at vitskaplege publikasjonar skal vere tilgjengelege på veven. Vidar Røeggen, tidsskriftsredaktør i Universitetsforlaget, deltok også i paneldebatten tidlegare denne veka.

Han meiner at opne forskingsarkiv, som BORA, på sikt vil undergrave dei abonnementsbaserte norske fagtidskrifta - og i sær dei små.

- Open Access-arkiva fekk inspirasjonen sin av dei store, internasjonale forlaga med tilnærma monopol innafor fagområda deira. Slik er det ikkje i Noreg, og dermed må vi vere forsiktige med å anvende same logikk her i landet, seier Røeggen.

Når forsking blir tilgjengeleg for alle, er det ingen som vil abonnere på tidsskrift lengre, trur han.

- Fjernar ein abonnentinntektene, må ein auke dei offentlege tilskota tilsvarande, fortel Røeggen.

- Kan ikkje blokkere for dette

Arno Vigmostad, forleggar i Fagbokforlaget, ser ikkje like dystert på saka.

- Eg kan ikkje sitte og blokkere for dette. Eg ser på meg sjølv som ein formidlar, og eg skal ivareta abonnentanes interesser. Det er det viktigaste, seier han.

SNF har slutta å tenkje på publisering av forskingsresultat som noko ein kan tene pengar på, fortel administrerande direktør Per Anders Heum.

- Vi snudde den tenkinga for ti år sidan. No ser vi på publisering av forsking som eit marknadsføringstiltak - som ei måte å dokumentere vår innsikt på - som kanskje kan resultere i forskingsoppdrag.

- Min grunnleggjande tilnærming som forskar er at opne publiseringsarkiv er eg positiv til, seier han.

Saken er produsert og finansiert av Høgskolen i Bergen - Les mer

Powered by Labrador CMS