Annonse

Det gode samspelet

- Samspelet med praksisfeltet har gitt gevinstar både internt og eksternt. Samstundes som lærarane og elevane i skulen utviklar seg, gjer vi det same, seier universitetslektor Svein Størksen og førsteamanuensis Sigrun K. Ertesvåg frå Senter for åtferdsforsking ved Universitetet i Stavanger.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Tove Flack, Grete Sørensen Vaaland, Sigrun K. Ertesvåg og Svein Størksen. Foto: E. Tønnessen"

Dei er med i forskargruppa rundt skuleutviklingsprogrammet Connect som er eit skuleutviklingsprogram med ein brei profil. Programmet set mellom anna fokus på mobbing, disiplinvanskar og konsentrasjonsvanskar i skulen. Dei sju forskarane i forskargruppa rundt Connect arbeidar no med å vidareutvikle programmet.

- Vi har utvikla eit produkt i samspel med praksisfeltet. Resultatet er eit program som skular vil få tilbod om. Connect er altså utvikla av norske forskarar, i saman med norske lærarar og for norske forhold, seier Ertesvåg.

- Dette er ikkje eit forskingsprosjekt eine og aleine, men eit utviklingsprosjekt som inneheld forsking. Vi vil utvikle eit produkt som har verdi utover forskingsdelen. Det skal vere eit produkt som skal medverke til positiv utvikling av norsk skole, seier Ertesvåg.

I utviklinga av programmet bygde forskarane på teori og empiri både frå utlandet og Noreg, før dei forma programmet etter norske forhold. Målet har heile tida vore å utvikle eit produkt som kan leve vidare med eller utan forsking.

Læringsprosessar

For dei to forskarane og resten av forskargruppa dreier arbeidet med Connect seg i stor grad om læringsprosessar i ulike former.

- Med det kunnskapssamfunnet vi lever i, er det ei utfordring for lærarane å lære elevane å lære. Som forskarar vil vi samstundes medverke til at skulane utviklar seg og tileignar seg ny kunnskap. Og i forskargruppa lærer vi å utvikle oss sjølve og kvarandre, forklarer Ertesvåg.

Svein Størksen er einig. Han meiner dette heng klart saman.

- Læringsprosessar som vi bruker ute i praksisfeltet, tek vi med oss inn i vår eiga organisasjonsutvikling. Når skulane aukar sin kompetanse, får vi som forskarar auka vår kompetanse. Og når vi som forskarar utviklar oss får også Senter for åtferdsforsking utvikla sin kompetanse. Dette går parallelt. Nye idear som kjem ut av samspelet med praksisfeltet er verktøy som kan brukast både internt og eksternt, seier han og legg til;

- Samspelet med praksisfeltet medverkar til ny forsking som er forankra i skulane sine opplevde behov for ny kunnskap. Det gjer gevinstar i begge leirar.

Nødvendig blanding

Arbeidet til forskargruppa dreier seg mykje om korleis ein skal få ting gjennomført i praksis. Det å kunne dra nytte av kvarandre og den kompetansen dei ulike har, er ein viktig gevinst, meiner Størksen.

- Dette er eit stort og komplekst arbeid som krev at ein jobbar i eit bredt team. Vi har folk med kompetanse både på det praktiske feltet og innanfor forskingsfeltet. Det er ei nødvendig blanding som er heilt sentral for å kunne vidareutvikle programmet, konstaterer Størksen.

Å utvikle ny kunnskap, handlar om å utveksle kunnskap.

- I ei gruppe som dette får ein utvikle eigne idear som heile gruppa lærer av. Godt samarbeid dreier seg ikkje om å samordne og fordele oppgåver, men om å utveksle kunnskap og dra veksel på kvarandre sin kunnskap. Repertoaret til teamet vert større, og dermed får også heile organisasjonen eit større repertoar, seier han.

Godt datagrunnlag

I tillegg til den interne kunnskapsutviklinga har det å jobbe i forskargrupper også rasjonelle gevinstar.

- Det kan vere med å auke effektiviteten og produksjonen. Når ein backar kvarandre opp på denne måten, stimulerer det gjerne til auka innsats. Ein får lyst til å ta i eit tak. Det er veldig motiverande å jobbe saman, som vi gjer, seier Størksen.

Lettare tilgang på data er også ein av fordelane med å vere fleire.

- Vi får mange relasjonar i praksisfeltet som gjer at vi kan hente inn store mengder data. Eit godt datamateriale kan også kome stipendiatar og mastergradsstudentar til gode, seier Ertesvåg og legg til:

- Gevinsten er gjensidig mellom praksisfelt og forsking. Vi inngår eit partnarskap med skulane. Dei sikrar at vi får eit godt datagrunnlag, og vi hjelper dei med å utvikle kunnskap som er nyttig for dei.

Vegen vidare

Connect er eit etterspurt program. Dei to forskarane har fått mange tilbakemeldingar frå folk som er interesserte.

- Når vi er ute i skulane, får vi ofte høyre at dette er noko dei har sakna. Det er mange som gjerne vil prøve det, seier Størksen.

30 skular i Oslo har prøvd programmet. Opp mot 15 000 elevar og 1300 lærarar deltok. Evalueringa viste at programmet hadde ei dokumentert effekt både når det gjaldt mobbing, konsentrasjonsvanskar og disiplinvanskar. No jobbar forskargruppa med å vidareutvikle programmet.

- Vi skal sjå nærare på implementeringa: Korleis ideane kjem ut i det praktiske rom og korleis dei møter den enkelte elev. Vi må utvikle meir kunnskap om korleis skulane som slit med å gjennomføre programmet kan få den nødvendige støtta for å lukkast, avsluttar Ertesvåg.

Forskargruppa har no satt i gang ei ny runde med Connect for sju skular i Sandnes og Stavanger for skuleåra 2006-2008. Dei har også planar om ei vidareføring av Connect i Oslo for skuleåret 2007-2008. Etterkvart som programmet vert prøvd ut vil det til slutt kunne verte eit tilbod til alle skular.

Powered by Labrador CMS