Internasjonale oljeselskap møter utfordringar i Russland
Å navigere mellom det formelle og det uformelle nivået i russisk statsforvaltning er ei vanskeleg øving for dei som vil drive forretningsverksemd i Russland.
- Men så lenge det er store pengar innanfor olje og gass, vil stadig nye selskap prøve seg.
Det meiner Sander B. Goes, som nyleg disputerte ved Universitetet i Tromsø.
- Mitt utgangspunkt var å finne ut korleis miljøreguleringar i petroleumssektoren vart handheva i praksis. Eg vart litt skuffa då eg fann ut at konfliktane i kjølvatnet av denne praksien ikkje handla først og fremst om miljø, men om lovforvaltning, seier Goes.
- Den største utfordringa for dei utanlandske selskapa er å forstå det politiske spelet i Russland - å manøvrere mellom det formelle lovnivået og det uformelle beslutningsnivået som dei møter.
Goes tek for seg to særskilte saker der høvesvis Shell og BP til slutt ikkje greidde denne manøvreringa - og gav opp kampen om å tene pengar på petroleumsverksemd.
Prosjekt som feila
Shell var majoritetseigar av Shakalin Energy, som skulle drive fram Sakhalin 2-prosjektet.
- I desember 2006 enda til slutt Shell med å selja 25 prosent av eigardelen sin til det russiske statlege oljeselskapet Gazprom, slik at Gazprom fekk 50 prosent pluss ein aksje og vart såleis majoritetseigar, seier Goes.
BP var gått i kompaniskap med russiske TNK i eit såkalla joint venture-samarbeid, og saman skulle dei utvikle Kovykta naturgassfelt.
- Men først vart det konflikt mellom BP-TNK og russiske styresmakter og deretter mellom dei vestlege og dei russiske akjseeigarane i BP-TNK. Til slutt trekte BP seg i fjor ut - rett nok som ein av få utanlandske aktørar som har tent pengar medan dei var i Russland, seier Goes.
I begge tilfella skulda russiske styresmakter dei utanlandske selskapa for å ha brote formelle lovreguleringar, mellom anna på miljøfeltet.
- Men det var ganske tydeleg at det ikkje var svikt på det formelle planet åleine som var problemet, men nettopp denne kombinasjonen av til dels motstridande og utilstrekkjelege lover og uformelle proessar som gjekk føre seg samstundes.
Både Shell og BP prøvde undervegs å mobilisere ein offentleg debatt rundt det negative investeringsklimaet i Russland for utanlandske selskap, utan at det førde fram.
- Mange selskap som opererer i politisk ustabile regime er difor optekne av å få til avtaler - såkalla Product Sharing Agreements - som sikrar dei mot dei mest uføreseielege handlingane frå staten si side, seier Goes.
- Men Russland meiner dei sjølve er forbi denne fasen, og i tilfellet med Shell var det ei avtale frå 1980-talet som låg i botnen, som Shell sjølv hadde overskride på fleire punkt, og som det på ingen måte kan seiast å vera illegitimt av russarane å ville reforhandle.
Nye selskap står i kø
Det er ikkje berre vestlege aktørar som ser og opplever desse type utfordringane.
Goes støttar seg på russiske forskarar som har synt og forklart denne selektive og uføreseielege praksisen i bruken av relevante og mindre relevante lover som ein kan støyte på i Russland.
Annonse
- Men når vestlege aktørar klagar over at dette er eit problem, vil mange russarar berre trekkje på skuldrene og slå fast at ja, slik er det, seier Goes.
- Lovverket er uføreseieleg - det er ein blanding av arven frå kommuniasmen og nyare type lover.
- Men så lenge Russland framleis har så store olje- og gassreservar, står selskapa i kø for å koma inn. Det vil alltid vera dei som tenkjer at “me greier det - me skal finne løysingar og samarbeidsprosjekt som er til å tene pengar på.”
Goes legg til at det er ein del forskarar som meiner at BP har tent pengar på eventyret sitt i Russland. Andre derimot meiner at BP har tapt viktige olje- og gassreservar.
- Oljereservar er faktisk viktigare for dei fleste selskapa enn pengar, seier Goes.
Korleis vestlege media forstår konfliktane
Om det er vanskeleg for utanlandske selskap å lukkast i Russland, er det ikkje særleg lettare å vera forskar å skulle trenge inn og forstå kvifor mekanismane er som dei er.
Goes har ikkje intervjua nokre av dei involverte partane som han skriv om. Ingen har ville snakke med han.
- Det er vanskeleg å få selskapa i tale. På den eine sida forståeleg nok; dette er børsnoterte selskap som ikkje vil diskutere forretninsgverksemda si med andre.
- På den andre sida er dei opptekne av å framstå som samarbeidande vener heilt til konflikten er eit faktum. Men då er det jo samstundes me kan få tilgang til dei utfordringane selskapa møter, for då blir sakene omtalte i media, fortel Goes.
Det er difor den vestlege mediedekkinga som har vore Goes sitt hovudinntakt til kunnskap om konfliktane - og til kunnskap om tilhøva i petroleumssektoren generelt.
- Dei store avisene i Shell og BP sine heimland - i Nederland og Storbritannia - har ressursar og kjelder til å dekkje slikt stoff. I tillegg blir det sjølvsagt også omtalt i russiske media, og ein kan hente mykje ut av rapportar og utgreiingar frå internasjonale finansinstitusjonar, avsluttar Goes.