Leiter etter skattesnytarane

Nordmenn skjuler store inntekter og formuar i utlandet. Nett kven dei er veit forskarane no meir om. I ein fersk SNF-rapport har tre forskarar samanlikna skattytarar med skattesnytarar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Foto: (Ill: Willy Skramstad))

Skatteunndragarar

  • Kjønn: Menn unndreg oftare enn kvinner.
  • Alder: Det er mindre sannsynleg at eldre unndreg skatt (grunna auka risikoaversjon).
  • Utdanning: Høg utdanning gir mindre sjanse for unndraging.
  • Inntekt: Låg inntekt og veldig høg inntekt gjer det meir sannsynleg med unndraging (på grunn av større sjanse for svart inntekt eller på grunn av høg kapitalinntekt).
  • Profesjonell støtte (revisor/jurist etc.) ved sjølvmeldinga (kompleksitet) kan gi unndragingar (kreative frådrag o.a.).
  • Sosialt nettverk: Dersom nokon i nettverket (kollega, bransje o.a.) unndreg, er det større sjanse for unndraging.
  • Sjølvstendig næringsdrivande: Sjølvstendig næringsdrivande har større høve til unndragingar (svart arbeid o.a.).

Over 20 milliardar kroner

I 2011 tok nær 140 nye personar kontakt med skattekontoret for å fortelje at dei  har formuar og inntekter i utlandet som dei ikkje har oppgitt i sjølvmeldinga.

Mange har halde pengane skjult i lang tid og kan etterliknast for inntil ti år. Ved å melde frå frivillig slepp dei å betale ein tilleggsskatt på opptil 60 prosent.

Sidan 2007 har nær 800 personer bedd om skatteamnesti, og det kan bereknast skatt på eit samla beløp på bortimot 21 milliardar kroner i formue og 820 millionar kroner i inntekt. I tillegg kan det
bereknast arveavgift på 33 millionar kroner.

(Kjelde: skatteetaten.no)

Sidan 2007 har fleire hundre nordmenn fått skatteamnesti etter at dei frivillig har gått til kemneren for å fortelje om gøymde skattar.

Kven er dei, og kva kjenneteiknar dei? Det var utgangspunktet for ein SNF-studie som nyleg er avslutta.

Forskarane har gått gjennom sjølvmeldinga til alle som fekk «frivillig retting» hos Skatteetaten etter å ha unndrege inntekter og formuar. Målet var å finne fellestrekk hos denne gruppa.

Forskarane har fått data frå Skattedirektoratet om 601 personlege skattytarar som har nytta skatteamnestiordninga og innrømt skatteunndraging (frivillig retting-gruppa), og data om eit tilfeldig utval av 300 000 personlege skattytarar (kontrollgruppa). Dataa er anonymiserte.

Inntekt og formue mykje høgare

Forskarane fann at den gjennomsnittlege alderen, inntekta, formuen og toppskatten er mykje høgare for frivillig retting-gruppa enn for kontrollgruppa.

Det er langt fleire eldre skatteunndragarar og mennene er i klart fleirtal.

– Det er heilt klart fleire som ikkje har personinntekt, og fleire som har høge lønningar, over 750 000 kroner, blant skatteunndragarane enn i kontrollgruppa, seier Jostein Lillestøl, professor ved Institutt for føretaksøkonomi på Noregs Handelshøgskole.

Når det gjeld formue, ser forskarane at det er ein mykje større prosentdel som har høg formue blant skatteunndragarane.

Folk i sentrale strøk unndrar meir

Analysen viser òg fordelinga i bumønsteret til skattytarane i dei to gruppene.

Det er klart fleire skattesnytarar som bur i sentrale strøk.

Basert berre på analysane har forskarane fått stadfesta fleire av dei alt kjende kjenneteikna, mellom anna at det er dei med svært høg og svært låg inntekt (spesielt 0-inntekt) som har meldt seg frivillig, altså har vore skatteunndragarar.

– Ei oppsummering av dei to gruppene indikerer at menn unndreg meir enn kvinner, eldre unndreg meir enn unge, ein person med svært høg formue unndreg meir enn ein med mindre formue, ein person med svært høg eller inga inntekt unndreg meir enn ein med inntekt nær gjennomsnittet, og ein som lever i sentrale strøk, unndreg meir enn ein som lever i mindre sentrale strøk, seier Lillestøl.

Nåla i høystakken

Professor Jostein Lillestøl, NHH. (Foto: Arkivfoto)

– Sidan det er så få skattytarar i frivillig retting-gruppa samanlikna med kontrollgruppa, kan ei passande beskriving av problemet vere å leite etter nåla i høystakken, seier Lillestøl.

Han har gjort analysen saman med NHH-professoren Jonas Andersson og førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen Bård Støve.

I rapporten gjer forskarane ei oversikt over dei ulike statistiske metodane for slike kjenneteiknsanalysar, og vurdert sterke og svake sider ved dei enkelte metodikkane.

Forskarane meiner at vi ikkje kan rekne med at Skatteetaten skal klare å peike ut kvar enkelt skatteunndragar. Sjansen for å finne dei i det store havet av sjølvmeldingar er liten.

Men, seier Lillestøl, metodane kan gi Skatteetaten ein peikepinn om kven dei skal prioritere å kontrollere.

Mange kjenneteikn

Forskarane meiner likevel at det blir for enkelt å berre bruke desse kjenneteikna for å finne ein skatteunndragar.
Dei har derfor nytta fleire metodar for å gjere ei best mogleg klassifisering.

– Det viser seg at mange av metodane på ein relativt treffsikker måte klarer å klassifisere dataa i rett gruppe, men resultata varierer mykje mellom metodane.

Som regel, poengterer Lillestøl, vil det vere metodar som bruker kombinasjonar av mange kjenneteikn, som gir dei beste resultata: relativt komplekse modellar med mange kjenneteikn som gir ei mest mogleg rett klassifisering.

Ærlege?

– Basert på resultata i rapporten kan bruk av denne typen analysar gjere det mogleg for Skattedirektoratet å gjere eit betre kontrollobjektutval. I praksis må dette skje i to steg. Først må det tilpassast ein modell til eit utval skattytarar som vi kjenner klassetilhøyrsla til – ei ærleg gruppe og ei unndragargruppe.

Deretter kan denne modellen nyttast på eit nytt utval skattytarar som vi ikkje veit om er ærlege eller unndreg. Modellen vil så kunne klassifisere dette nye skattytarutvalet, og dei skattytarane som blir klassifiserte som unndragarar, bør prioriterast for kontroll. Ein må sjølvsagt ta omsyn til at det kan vere ærlege skattytarar som blir klassifiserte som unndragarar.

I rapporten drøfter forskarane problemet med eit skeivt utval i frivillig retting-gruppa.

Fleire grupper kan granskast

I rapporten drøfter forskarane problemet med eit skeivt utval i frivillig retting-gruppa.

– Fordi desse skattytarane har meldt seg frivillig gjennom skatteamnestiordninga, er dei ikkje nødvendigvis representative for den generelle gruppa av skatteunndragarar. Vi kan derfor ikkje trekkje sikre slutningar om kjenneteikn på dei skattytarane som unndreg, men som ikkje har meldt seg, basert på dei resultata vi har funne om dei som har meldt seg frivillig, seier Lillestøl.

Det vil derfor, meiner forskarane, vere interessant å få analysert data om dei skattytarane som Skatteetaten har avslørt gjennom ordinært kontrollarbeid, i eit framtidig arbeid. Eit slikt prosjekt er i startgropa.

– Vi meiner òg at kjenneteiknsanalysar kan vere aktuelle for å undersøkje kva selskap som driv med skatteunndraging, noko som målt i kroner kanskje er eit større problem. Det kan likevel vere endå meir utfordrande å gjennomføre kjenneteiknsanalysar i ein slik setting, mellom anna fordi selskap kan ha større høve til skatteunndraging, til dømes på grunn av større utfordringar med skattereglar på tvers av land, internprising og liknande, avsluttar Lillestøl.

Referanse:

Jonas Andersson, Jostein Lillestøl og Bård Støve: Kjennetegnsanalyser av skattytere som unndrar skatt ved å skjule formuer og inntekter i utlandet. Rapport R10/12. SNF Publikasjonsserier.

Powered by Labrador CMS