- Det verste er framleis i vente

Europa har ikkje fått kjenna den fulle krafta av krisa enno, og USA vil trenga eit tiår på å bygga opp att økonomien. Det var blant konklusjonane til professor Hans-Werner Sinn då han heldt The Sandmo Lecture om finanskrisa denne veka.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Hans-Werner Sinn. (Foto: Kristian T. Marthinsen)

Hans-Werner Sinn er professor i samfunnsøkonomi ved Ludwig-Maximilian-universitetet i München, og er rekna blant dei fremste økonomane i Europa.

Han var invitert til NHH for å halda The Sandmo Lecture on Public Policy, ei årleg gjesteførelesing til ære for professor Agnar Sandmo.

Den amerikanske bobla

Sinn tok primært for seg ulike delar av amerikansk økonomi frå statsfinansar og investeringsbankar til private låntakarar i bustadmarknaden. 

Han synte korleis ei rekkje tilhøve alle verka saman over år og bidrog til framveksten av ei økonomisk boble:

Gigantisk eksportunderskot og redusert regulering, manglande sparing i husholdningane, råtne bustadlån, lånefinansiert konsum, overdriven risiko og kompliserte finansielle konstruksjonar knytta til vidaresal av gjeld, var nokre av tilhøva han tok opp.

Kasinokapitalisme

Då bobla sprakk vart fallet som kjent svært djupt. Dollarverdi, bustadprisar og –sal stupte, arbeidsløysa steig, og etterkvart byrja også bankar verda over å gå over ende i ein skala professor Sinn kalla skremmande.

Han konstaterte mellom anna at både Wall Street og ”Main Street” har teke altfor høg risiko, og at sider ved det amerikanske systemet har bidrege til å forsterka problema. Til dømes har investeringsbankane fått operera med svært låg egenkapital samstundes som dei tok skyhøg risiko.

Så lenge det var avkastning å henta gjekk pengane til eigarane i form av utbyte, ikkje til oppbygging av eigenkapital. Dermed vart bankane sårbare.

Sinn døypte praksisen kasinokapitalisme, og slo fast at problema er eit faktum når tapa kjem, men ingen har ansvar for eller evne til å dekkja dei.

Professoren sende også ei kraftsalve i retning kredittratingbyråa. Han peikte på at investeringsbanken Lehman Brothers fekk rating A+ dagen før dei gjekk konkurs, og hevda at problemet er at byråa vegrar seg for å nedgradera klientar dei tener gode pengar på.

Etter Sinn si meining bør kredittrating vera ei offentleg oppgåve.

Ingen risiko

Hans-Werner Sinn. (Foto: Kristian T. Marthinsen)

Han minna om at avgrensa ansvar også er eit problem i den private bustadmarknaden. I mange amerikanske statar kan huskjøparar ganske enkelt levera frå seg husnøkkelen og gå frå lånepliktene sine dersom bustadverdien skulle falla.

- Risikoen er ikkje deira. Dei kan låna heile bustadverdien, men taper ikkje dersom prisane fell. Dei berre leverer attende nøkkelen og let banken sitja att med problemet, sa Sinn.

Konsekvensen vart at huskjøparar med skral betalingsevne tok store bustadlån.

At bankane i det heile lånte ut til dårlege betalarar heng delvis saman med at det vart stilt politiske krav om å gje bustadlån til vanskelegstilte grupper.

- I realiteten kunne låntakarar som vart avvist av bankane gå til sak for å få lån, påpeikte Sinn, og la til at påtroppande president Barack Obama i sin advokatpraksis mellom anna hjalp klientar med slike saker.

Finansinstitusjonane bidrog også sjølv til å forverra problema ved å vidareselja lån til andre bankar i til dels svært kompliserte konstruksjonar.

Opium og meir opium

- Amerikanarane tok opium i ti år. No har dei kraftig hovudpine, sa Sinn, men la til at kuren på kort sikt paradoksalt nok er å ta meir opium ved at ein pumpar pengar inn i eit dårleg system.

Han meinte at amerikanarane sin økonomiske modell har brote saman, at dei har eit vanskeleg tiår i vente og at den langsiktige løysinga mellom anna inneber redusert forbruk og auka eksport.

Foreseinka effekt

Hans-Werner Sinn var heller ikkje særleg optimistisk på vegner av resten av verda. I følgje Sinn er det grunn til å rekna med at det verste framleis er i vente for Europa, og at krisa først vil ramma for fullt om vel eit år.

- Gigantiske redningspakkar i ei rekkje land hindra total kollaps i banksektoren, men vi er inne i ein global resesjon, og det er framleis mange farar i vente for verdsøkonomien, sa Sinn.

Delar av løysinga meiner han ligg i internasjonal samordninga av bankregulering og strengare krav til grad av egenkapital for å hindra at det vert teke overdriven risiko.

For tyske bankar sin del meiner Sinn det må stillast krav om at dei tek imot offentlege midlar frå redningspakkar, slik det er gjort i England.

Djup innsikt

Professor Agnar Sandmo meinte Sinn synte djup innsikt i prosessane han skildra, og at førelesinga innheld mykje original analyse – særleg i høve insentiva i finansinstitusjonane.

- Han fekk definitivt fram alvoret i situasjonen, og at den verkelege resesjonen ikkje har nådd oss enno, sa Sandmo.

Powered by Labrador CMS