Politisert Potter

Joanne Kathleen Rowling sine bøker om guten som ein dag oppdagar at han tilhøyrer trollmannsslekt, er den største globale litterære suksessen nokonsinne. Statsvitaren Torbjørn Knutsen, som er professor ved NTNUs Institutt for sosiologi og statsvitskap, har vore lidenskapeleg Potter-fan frå første boka kom ut. Han synest forfattaren har begått ein genistrek.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Professor Torbjørn Knutsen"

- Bøkene om Harry er ein engasjerande miks av Buckeridges Stompabøker, Tolkiens bøker om Ringenes Herre og Pullmans trilogi om Den mørke materie, er Knutsen si vurdering.

Livet hos Dumlingane

Harry Potter lever eit trøysteslaust liv hos onkelen og tanta si, herr og fru Dumling, og den ekle sonen deira, Dudleif. Dumlingane kan ikkje fordra Harry, og kjensla er gjensidig. Men på elleveårsdagen sin får han eit brev der det står at han skal begynne på Galtvort Høgare Skule for Hekseri og Trolldom.

Det viser seg at Harry sine foreldre var heks og trollmann, svært berømte endåtil. Dei vart drepne då Harry var baby, av Den Vonde Trollmannen Voldemort. Men vesle Harry overlevde, og for å gøymast bort vart han plassert hos Dumlingane, som altså ikkje er av trollmannsslekt - dei er høgst vanlege gompar , som magikarane kallar oss menneske.

Kvar roman i serien om Harry tek for seg eitt år på Galtvort. Utdanninga der tek sju år,og det er akkurat så mange bøker Rowling kjem til å skriva om Harry. Den 6.september i fjor blei bok nummer fire lagt ut for sal i norsk omsetjing. Med denne boka tok forfattaren eit langt steg ut av den vesle verda som møter Harry i den første boka. Med Ildbegeret byggjer ho forteljinga ut til noko meir og større enn tilværet kring Galtvort; Ho trekk opp ei vidare, internasjonal handlingsramme.

Fram til nå er det den barnlege gleda over den gode historia som har fanga Torbjørn Knutsen. Med denne boka vert Harry Potter interessant også for statsvitaren i han.

"Tøft med briller, eller litt rart?"

Klassekamp og etnisk reinsking

- I Harry Potter og ildbegeret introduserer Rowling klasseperspektivet i det interne livet på Galtvort. Ho viser korleis husnissane - som er tenarskapet på skulen - er grovt undertrykka og utbytta. Det synest iallfall venninna til Harry, Hermine, som prøver å starta «Husnissanes frigjeringsfront». Men i klassisk marxistisk terminologi kan ein seia at overbygninga vert for sterk. Husnissane er mest nøgd med tenarrolla si, og frigjeringsfronten får ingen stor suksess, seier Knutsen.

Når Rowling skriv om Hermines idealistiske forsøk på å vekka husnissane til kamp, kan dette lesast med godmodig humor. Men når ho utover i boka trekker inn det etniske perspektivet, er det fullt alvor. Enno ein gong står Hermine i sentrum. Sympatisørane av Voldemort nyttar kvart eit høve til å raljere over at ho er av «mudblood», av gompeslekt.

- Den etniske konflikten i boka står slik mellom naturalistane (eller primordialistane) på den eine sida og modernistane på den andre - mellom dei som meiner at berre «raserein» ungdom av god, gammal trollmannsætt bør få lov til å bli elevar ved Galtvort, og dei som meiner at det er dei magiske evnene som skal vere avgjerande, sjølv om begge foreldra er alminnelege gompar. Det modernistiske synet vert ført fram av rektoren ved Galtvort, Albus Humlesnurr. Han står i boka fram som dei godes hærførar.

Ei sosiopolitisk skiljeline

- Det etniske temaet vart introdusert allereie i den første boka, Harry Potter og mysteriekammeret . Vi kan sjå korleis temaet veks i løpet av bokserien og blir aksentuert i bok nummer fire. Den gamle statsvitskaplege høvdingen Stein Rokkan ville kalla dette for trollmannsverdas viktigaste sosiopolitiske skiljeline, seier Knutsen.

- I Rowlings verd går denne skiljelina langt attende - den kan skimtast allereie i mellomalderen, i diskusjonen om reglane for elevopptak mellom dei fire trollmennene som grunnla Galtvort. I eit meir samtidshistorisk lys går den tre generasjonar attende. Røtene til hovudforteljinga om Harry Potter går attende til 1950-talet. Då vart konflikten danna mellom ein ung Humlesnurr på den eine sida, og ein talentrik Galtvort-elev, Tom D. Venster, på den andre. Venster drog ut i verda, lærte seg svart magi og kom attende som ein maktsvolten Lord Voldemort. På midten av 1980-talet fekk Voldemort politisk makt og freista å kontrollera Galtvort og å innføre eit politisk regime med klåre fascistiske trekk, seier Knutsen.

Humlesnurr leier an i ein strid som skaper splid og ulukke i trollmannsverda. Striden ender med at Voldemort vert jaga i eksil. Men ikkje før Harrys foreldre vert drepne.

- Første kapittel i Harry Potter og ildbegeret syner at Voldemort er attende, at han samlar sine gamle medarbeidarar rundt seg,og at han har internasjonale kontaktar.

Dei gode døyr

Ildbegeret er ei mørkare bok enn dei føregåande. Den byr på kraftigare kost enn tidlegare bøker. For første gong døyr ein av hovudpersonane. Og det skal bli verre i bøkene som kjem, har Rowling varsla. Med dette går serien frå å vera litteratur mest for ungar men óg for barnlege vaksne ? til å bli bøker for dei litt eldre.

- Måten Rowling omtalar Voldemort på, får meg til å assosiere i retning av Hitler, Mussolini, Franco og Salazaar, seier Knutsen.

Og slik vert Rowlings forteljing i høgste grad relevant for pågåande internasjonale konfliktar. - Det er ein interessant parallell i det at ho etter kvart let hovudkonflikten i historia handle svært mykje om etnisk reinsking - for det er nettopp det tilhengarane til Voldemort går inn for: Dei vil kvitte seg med borgarar av gompeblod. Dette grepet gjer Rowling i ei tid kor internasjonal politikk vert dominert av ei konflikt mellom på den eine sida høgreekstreme krefter som ynskjer eit absolutt skilje mellom «dei» og «oss», og på den andre sida ein humanistisk farga liberalisme, seier Knutsen.

Etter som personane i boka vert konfrontert med desse politiske retningane, blir dei også stilt overfor klåre politiske val. Slik sett stiller rektor Humlesnurr på slutten av boka opp eit moralsk imperativ om å ta parti i kampen mellom det gode og det vonde. I siste kapittel held han ein appell som bringer tankane over på Churchill sine talar ut over på tretti-talet, der han åtvara mot Hitler og aksemaktene, seier Knutsen

Krigen, døden og kjærleiken

Fjerde bok i serien om Harry Potter inneheld fleire nye element som legg seg oppå den historia vi kjenner frå tidlegare bøker. For det første er det geografiske perspektivet utvida frå berre å famne London og Galtvort, til også å gjelde andre land. For det andre er settinga utvida frå dei hovudsakleg personlege konfliktane i eit tett kostskolemiljø, til óg å gjelde politiske konfliktar av internasjonal karakter. For det tredje er innsatsen høgare i fjerde boka - no vert striden ein kamp på liv og død for fleire av hovudpersonane.

I tillegg introduserer Rowling kjærleiken. Harry må invitera ei jente til Galtvorts juleball, og har eit godt auge til Cho Chang som er speidar på Rumpeldunklaget til Ravnklo. Med det fjerde skuleåret er han på full fart inn i puberteten.

- Men det er alvoret i kampen mellom dei gode og dei vonde som dominerer, og skilnaden mellom dei er definert i etniske termar.

- Trur du det er med overlegg Rowling vel å trekka dei politiske perspektiva inn i historia om Harry?

- Ja,det trur eg. Det er klåre ekko av det «politisk korrekte»i bøkene hennar. Det er inga tvil om at ho har trekt opp dei store linene for alle dei sju bøkene om Potter.

Rowling har ein «masterplan»

- Det siste kapitlet i den siste boka er ferdig skrive. Det er for lengst avgjort kor historia skal enda. Eg vil tru at dei politiske skiljelinene, liksom alt anna i bøkene, er godt tenkt ut på førehand.

- Kva er løyndomen bak Rowling si suksess?

- Visste eg det, hadde eg ikkje sagt det til deg - då sat eg heller og skreiv for harde livet, eg óg.

Powered by Labrador CMS