Mykje tran - svakt skjelett

Tok du tran i unge år? Då har du kan hende fått svekka beinsubstans.

"Illust. foto: Luth"
"Illust. foto: Luth"

Tran er rik på vitaminar og godt for så mangt. “Ta tran!” har difor vore eitt av dei sterkaste imperativa for norske helsestyresmakter i fleire tiår.

I seinare tid har vi fått ny innsikt i årsaker til kreftsjukdomar og hjarte/karlidingar, og imperativet vart styrka: Ei god skei tran kvar morgon, og du held deg frisk.

Men nå har NTNU-forskar Siri Forsmo nylig påvist at helsenytten av tran på enkelte område neppe har vore så stor som ein har trudd.

Låg beintettleik

I ei studie som no publiserast i American Journal of Epidemiology, viser ho nemleg at det er ein samanheng mellom inntak av tran som barn og svekka tettleik i beinmassen som eldre.

Den såkalla BMD (bone mineral density) er signifikant lågare hos kvinner som rapporterer at dei tok tran dagleg i oppveksten, samanlikna med dei som ikkje tok tran.

Litt over 3000 kvinner mellom 50 og 70 år gamle deltok i undersøkinga. Menn var ikkje med, fordi tala her ikkje er store nok.

- Ei sannsynleg forklaring på funna er at tran fram til nyleg inneheldt høg konsentrasjon av vitamin A, som i store dosar verkar negativt inn på bein, seier Forsmo.

Tran i staden for sol

Tran er rik på vitamina A og D. Det er D-vitaminet som gjer at nordbuar vert oppmoda til å ta tran særleg gjennom vintermånadane: Sola er ei rik kjelde til vitamin D, og vi ser for lite til ho gjennom mørketida.

Vi treng D-vitaminet blant anna for å halde oppe eit normalt kalsiumnivå - som igjen trengs for skjelettets del. For lite D-vitamin fører i verste fall til mangelsjukdomen rakitt, også kalla “engelsk sjuke”.

Difor har helsestyresmaktene i ei rad land oppmoda til å ta ei barneskei (5 milliliter) dagleg gjennom vinterhalvåret. Ved sidan av dei nordiske landa er “cod liver oil” utbreidd i Canada og nordlege delar av USA, pluss England og Skottland.

Beinbrot

Vitamin A er nødvendig for godt syn, normal vekst, slimhinner og mykje anna. Men for mykje av det kan i verste fall føre til forgifting, helseskadar og død.

Det har også vist seg å motverke D-vitaminets evne til å halde oppe kalsiumnivået. Fram til nyleg innehaldt ei barneskei tran meir enn anbefalt dagsdose av vitamin A. Siri Forsmo trur at dette, saman med eit kosthald som elles er rikt på A-vitamin, kan ha gjort at totalinntaket har vore oppe på eit skadeleg nivå.

Tranprodusenten Møllers reduserte i 2002 nivået av vitamin A med 75 prosent, ettersom ein studie frå Sverige viste ein mogleg samanheng mellom beinbrot og vitamin A i kosten.

Tek sjølv tran

Forskaren sjølv hadde venta andre resultat:

- Då vi starta arbeidet, venta vi å finne ein positiv samanheng, og overraskinga var stor då vi i staden fann ei sterk, negativ samanheng her, seier ho.

Men på spørsmål om ho meiner at desse funna veg opp for tranens positive verknader, seier ho:

- Eg held sjølv fram med å ta tran, og det er kanskje svar godt nok?

Studien er knytt til Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT), og arbeidet er gjort saman med medisinarstudenten Sigurd Kjørstad Fjeldbo og forsker og lege Arnulf Langhammer.

Powered by Labrador CMS