En meteor passerer Melkeveien.  (Foto: Microstock)
En meteor passerer Melkeveien. (Foto: Microstock)

Hemmeligheita om kor kald vinteren blir ligg i halen til stjerneskota

Med noko som ser ut som gamaldagse TV-antenner kan fysikarar ved NTNU gjere vêrmeldingane betre. 

Publisert

– Om me betre forstår korleis atmosfæren fungerer, kan me gjere meir nøyaktige målingar av vêret lenger fram i tid, seier Rosmarie de Wit.

Ho er doktorgradsstudent ved Institutt for fysikk ved NTNU, og forskar på vêret der oppe på grensa til verdsrommet.

Ligg mykje informasjon i halen

Når de Wit skal måle vind og temperatur så høgt over bakken, observerer ho spora som stjerneskot legg frå seg i atmosfæren. Det er ikkje dei store stjerneskota me ser på himmelen her frå jorda, men dei som er så små at me ikkje kan sjå dei. Dei er det òg mange fleire av.

Stjerneskot er eigentleg meteorar, og når dei kjem innanfor ein radius på 80-100 kilometer frå jordoverflata, møter dei så mykje motstand i luftlaga der at dei brenn opp. Når dei brenn, får dei ein hale etter seg av elektrisk lada partiklar.

– Med antennene våre kan me måle korleis halen til stjerneskota oppfører seg, og det gjev oss mykje informasjon om vêret, fortel ho.

Halane til stjerneskota er som dei kvite stripene du ser etter flya som fer over himmelen. Fyrst ser du dei som tydelege, tynne striper, men etter kvart flyt dei utover og løyser seg opp.  Det same skjer med halen til stjerneskota.

– Når me ser korleis halen bevegar seg, kan me seie kor sterk vinden er der oppe og i kva retning den bles. Kor fort den løyser seg opp seier noko om temperaturen. Som regel tar det to sekundar. Men jo varmare det er, jo fortare går det, forklarar de Wit.

Her kan du sjå Rosmarie de Wit presentere doktorgradsprosjektet sitt på Forskar Grand Prix i år. Der var ho ein av fire som gjekk vidare til finalen i Trondheim.

– Kan finne ut kor kald vinteren i Noreg blir

Korleis vinden og temperaturen er 100 kilometer over bakken, påverkar etter kvart vêret me kjenner på kroppen her nede på Jorda. Men det tar litt tid.

Skyer, stormar og regn held nemleg til berre 10 kilometer over bakken.

Modellane som meteorologane bruker, hentar ikkje data så høgt som 100 kilometer over bakken når dei simulerer vêret. Dermed får dei ikkje med i reknestykka sine korleis vêret så høgt oppe påverkar vêret her nede. Derfor blir varslinga meir unøyaktig og kortare fram i tid.

Grunnen er at det er ganske komplisert å måle vêret så høgt oppe. Jo høgare opp du måler, jo fleire prosessar som skjer oppover i luftlaga må du ta med i modellane.

– Det er akkurat dette eg forskar på. Om me betre kan forstå prosessane som går føre seg der oppe, kan me gjere modellane meir nøyaktige, fortel de Wit.

Om me kan spå vêret lenger fram i tid, kan me til dømes vite om det kjem mange hauststormar framover eller om vinteren blir kald i Noreg.

– Dette er nyttig å vite for folk flest, sjølvsagt, men spesielt kjekt for selskap som produserer og sel elektrisitet, og for dei som jobbar på plattformar i Nordsjøen, seier ho.

Sender ut radiobøljer

For å måle korleis stjerneskothalane og dei små partiklane i dei oppfører seg, brukar de Wit radiobølgjer.

– Me sender ut radiobølgjer, og når dei treff partiklane, kjem signala tilbake og blir plukka opp av radaren vår. Dette fortel oss korleis halen bevegar seg og kor lang tid det tar før den forsvinn, fortel ho.

Observasjonane de Wit gjer av korleis vêret faktisk er 100 kilometer over bakken, samanliknar ho så med modellar som spår vêret fram i tid og kva dei rekna ut at det skulle vere på det same tidspunktet. Slik kan ho sjekke kor nøyaktig modellane er.

– Nokre gonger stemmer det overeins, andre gongar ikkje. Når det ikkje stemmer, prøver eg å finne ut kva for prosessar som har skjedd der oppe som modellane ikkje har fått med seg i simuleringane sine, forklarar ho.

Litt sør for planen

de Wit er 26 år gamal og eigentleg frå Nederland. Ho byrja på doktorgraden sin i fysikk ved NTNU i januar 2012, og skal vere ferdig no før jul i 2014.

Men dette er ikkje det fyrste opphaldet de Wit har i Noreg.

– Då eg var 15-16 år gamal, reiste me på familieferie til Tromsø. Der besøkte me universitetsmuseet, og såg ei utstilling om nordlyset. Eg synest det var kjempespanande, og tenkte «dette vil eg studere!».

No, ti år fram i tid, er ho i Trondheim litt under Tromsø på kartet, men det blei nesten som ho tenkte. 

– Det artige med fysikk er at du kan sjå ut glaset og forklare alt du ser. Kvifor himmelen er blå, kvifor skyene bevegar seg som dei gjer, og kvifor vêret er slik akkurat no, seier ho.