Annonse

En notis fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) - les mer.

Vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund held tale før snorklipping og offisiell opning av anlegget.

NVE har sikra 27 bustadar mot skred i Lom

Publisert

NVE har bistått Lom kommune med å bygge anlegget, som sikrar Ulstad mot steinsprang. Overleveringa vart markert med snorklipping og ei felles synfaring.

- Eg vil gratulere Lom kommune med dagen. No er 27 bustader her i Ulstad betre sikra mot steinsprang. Det betyr redusert fare og større tryggleik i kvardagen for folk her, seier vassdrags- og energidirektør, Kjetil Lund.

Kartlegging i 2008 viste stor skredfare

NVE har det nasjonale ansvaret for flaum- og skredfare og støtter kommunane med kartlegging, sikring og arealplanlegging.

- Det er ein sentral del av NVE sitt samfunnsoppdrag å bidra til sikring mot flaum og skred. Når klimaet no er i endring, må vi rekne med fleire skred- og flaumhendingar framover. Det er som regel god økonomi å sikre på førehand framfor å bruke store summar på å rette opp i etterkant. I åra som kjem bør vi i Noreg nok auke innsatsen på dette området, seier Lund.

I 2008 kartla NGI skredfaren i Lom, på oppdrag frå kommunen. Kartlegginga avdekka stor skredfare ved bustadfeltet Ulstad, med fleire openberre lausneområde i form av berghamrar, store enkeltblokker og steinurer like over bustadfeltet.

Les meir om sikringa i Lom på heimesidene til NVE

Powered by Labrador CMS