Annonse

En notis fra Norges geologiske undersøkelse - les mer.

VINNARANE: Louise Hansen, Georgios Tassis og Fredrik Høgaas har laga Årets publikasjon ved NGU. Her tek dei imot prisen frå avdelingsdirektør Øystein Nordgulen.

Fikk pris for årets publikasjon ved NGU

Publisert

Forskarane Louise Hansen, Georgios Tassis og Fredrik Høgaas er heidra med pris for Årets publikasjon ved NGU. Artikkelen gjev ny kunnskap om avsette sanddyner på Austlandet.

Her er juryens grunngjeving:

I 2019 har mange på NGU bidratt med interessante artiklar. Prisen i år går til ein artikkel som set søkelyset på prosessar som har forma landskapet. Publikasjonen bygger på data som vart samla inn i samband med kvartærgeologisk kartlegging på Austlandet i eit område nord for Kongsvinger.

Frå sand til vatn

Arbeidet omfattar ei kombinert morfologisk, sedimentologisk og geofysisk undersøking av tjukke, sand-avsetjingar som vart danna i Østerdalen under tappinga av Nedre Glomsjø ved slutten av siste istid. Prisen for årets publikasjon går til ein artikkel som har lagt fram ei ny tolking av opphavet til store sanddyner som gjennom lang tid har vore sett på som vindavsette.

Artikkelen viser at vidstrakte område med store sanddyner, som tidlegare var tolka som vindavsette former, no viser seg å ha blitt avsette i vatn. Avslørande spor etter slike prosessar er funne i vertikale snitt gjennom sanddynene der det finst klassiske vassflukt-strukturar som bryt gjennom sandlaga.

Det er også lagt fram ein sedimentologisk modell som forklarer korleis store sanddyner med slike strukturar kan oppstå i samband med ein ekstremflaum. Resultata bryt dermed med tidlegare veletablerte teoriar om at store sanddyner må vere vindavsette.

Les også artikkelen Ikke vind, men vann! Store sanddyner i innlandet er dannet av ekstremflommer på forskning.no som byggjer på den prisvinnande vitskapelege artikkelen.

Les meir om prisen på hemesidene til NGU

Powered by Labrador CMS