Grus og pukk for milliardar

Noreg har sand, grus og pukk til ein verdi av nær 500 milliardar kroner. Dei samla reservane og ressursane er rekna til 8300 millionar tonn, og er venta å vare i godt over 100 år.

Publisert
Pukk, eller knust fjell, blir brukt  i bygg, vegar og anlegg. (Foto: Peer-Richard Neeb/NGU)
Pukk, eller knust fjell, blir brukt i bygg, vegar og anlegg. (Foto: Peer-Richard Neeb/NGU)

- Ein kan seie at så lenge det er fjell i Noreg, er det også mogleg å hente ut pukk. Poenget er likevel at det dei mest krevjande bruksområda krev fjell av god kvalitet.

- Det gjeld til dømes pukk til asfaltdekke på høgtrafikkerte vegar, og sand og grus til betong, seier forskar Eyolf Erichsen ved Noregs geologiske undersøking (NGU).

Samla oversikt

Det har lenge vore eit ønskje frå myndigheiter på fleire nivå om ein meir presis vurdering av verdien på norske mineralførekomstar.

Tidlegare i haust vart metalla i bakken i godt dokumenterte førekomstar verdsett til 1388 milliardar kroner. Seinare kjem tilsvarande vurderingar for industrimineral, som kalkstein, olivin og kvarts, og for naturstein.

Den nye rapporten presenterer resultata frå undersøkingar av dei nasjonalt og regionalt viktige førekomstane av byggeråstoff, som sand, grus og pukk. Det er svært mange små, lokale leverandørar i Noreg.

Svelvik Sand er eit nasjonalt viktig sand- og grusuttak i Hurum kommune i Buskerud. (Foto: Svelvik Sand)
Svelvik Sand er eit nasjonalt viktig sand- og grusuttak i Hurum kommune i Buskerud. (Foto: Svelvik Sand)

Av landets 10 200 førekomstar, er berre 196 registrert som nasjonalt eller regionalt viktige, det vere seg i drift eller moglege framtidige uttaksområde.

Drift i lang tid

- Disse store førekomstane står for 73 prosent av salet i 2011. Sånn sett er verdivurderinga konservativ.

- Basert på leveransen frå produsentane i 2011, ser det ut til at desse førekomstane har tilstrekkeleg med råstoff for godt over 100 års drift, om dei får løyve til å fortsette med same uttaksvolum. Lokalt kan det likevel oppstå knappleik på byggeråstoff allereie i nær framtid. seier Erichsen.

Kriteria som er lagt til grunn for klassifiseringa er blant anna at førekomsten kan drivast i minimum 50 år ut frå dagens produksjonsvolum og at produksjonen må vera over 100 000 tonn per år.

I tillegg kjem krav til plassering, kvalitet, eksport og evne til å forsyne storbyane.

13 tonn kvar

Forskar Eyolf Erichsen. (Foto: Gudmund Løvø/NGU)
Forskar Eyolf Erichsen. (Foto: Gudmund Løvø/NGU)

I fleire år har det vore ein trend med noko reduksjon i forbruket av sand og grus, samstundes som både omsetting og eksport av pukk, har vist ein markant auke.

Samla sett selde den norske bergindustrien i fjor 94 millionar tonn mineralske råstoff til en samla verdi av 12,4 milliardar kroner.

Av alle produkta frå bergindustrien står sand, grus og pukk for den største delen, både i omsetning, tonnasje og sysselsetting.

Saman med dei andre mineralske ressursane, som industrimineral, naturstein, metalliske malmar og energimineral (steinkull og torv), var forbruket for kvar nordmann i fjor - heile 13 tonn.

Referanser:

Erichsen m.fl.: Byggeråstoffene sand, grus og pukk i Norge. Verdisetting av nasjonalt og regionalt viktige forekomster, NGU-rapport nr. 2012.062.

Boyd m.fl.: Mineral- og metallressurser i Norge: ”In situ” verdi av metallforekomster av nasjonal betydning, NGU-rapport nr. 2012.048.