Jonas Reinemo er ein av dei som tek vassprøvar i nærleiken av Follobanen. (Foto: Anette Tjomsland)

Overvaker vasskvalitet ved Noregs lengste jernbanetunnel

Når BaneNOR byggjer Follobanen som skal gå frå Ski til Oslo er det mykje å passe på for å ta omsyn til menneske og miljø. Når banen står klar, i 2022, vil den ha Noregs lengste jernbanetunnel. NIBIO overvaker vassressursane i området, før, under og etter byggeperioden.

Inga Greipsland er forskar i NIBIO. Ho forklarer at det er viktig å undersøke vatn både oppstraums og nedstraums for anleggsområdet.

– Ved å undersøke i begge retningar kan ein vurdere om anleggsområdet har påverka vasskvaliteten, seier Greipsland.

Ho fortel at dei mellom anna måler endring i pH, altså kor surt vatnet er, vatnets leiingsevne (som er eit mål på det totale innhaldet av salt), og turbiditet. Sistnemnde er ei måling basert på lys som seier noko om kor mange partiklar det er i bekken.

– Den største risikoen med anleggsarbeid med omsyn til kvalitet på vatn, er utslepp av miljøfarlege stoff, endringar i pH, eller økt turbiditet som fører til slam i vassdrag, seier Greipsland.

Forskarkollega, Roger Roseth i NIBIO, påpeiker at betongarbeid kan gi avrenning med høg pH og saltkonsentrasjon.

– Saman med utvasking av nitrogen frå sprengstoff, kan dette gi dødelege konsentrasjonar av ammoniakk for fisk og andre vasslevande organismar.

Les meir om korleis dei overvaker vasskvaliteten på nettsidene til NIBIO.

Powered by Labrador CMS