Sarina Salimi steller løk ho akkurat tok opp av jorda i parsellhagen sin på Nedre Stovner i Oslo. (Foto: Kjersti Kildahl)

Urbant landbruk gir samhald, trivsel og sjølvforsyning

Forskarar spurde parsellbønder om motivasjonen deira for å dyrke mat. Felles for dei var at sosialt samvær og sjølvdyrka grønsaker var viktige grunnar.

Sarina Salimi frå Iran stadfestar begge delar. Ho kom til Noreg med mannen sin Sohrab for 30 år sidan, og har fått røter her.

I seks år har dei hatt parsell på Nedre Stovner i Oslo. Store delar av fritida går med i parsellhagen. 70 kvadratmeter jord og plass til eit lite telt.

I sin del av hagen dyrkar paret karse, purre, vårløk, persille (både norsk og iransk), og i tunell ein svært smakfull plante dei kallar rihane.

I sommarhalvåret held dei seg sjølve med grønsaker.

Sohrab fortel varmt om gleda ved hagen, og fellesskapet dei er ein del av:

– Folk som kjem her, har ofte med seg plager av ulike slag, både psykiske og fysiske. Men når dei får jord å stelle og folk å prate med, slepp noko av det vonde taket. Dei smiler og blir glade, seier han.

Han fortel og om parsellnaboen sin, ein eldre mann som er her mykje, slik stort sett alle er i denne hagen. Ifølgje Sohrab hevdar parsellnaboen at han ville vore daud utan jorda, hagen og det sosiale samværet. For denne mannen er jorda ei binding til livet.

Sohrab Salimi blir varm i stemma når han fortel kva hagen betyr for han sjølv, kona Sarina og dei andre parsellbøndene. Sarina og han har hatt parsellen sin i seks år. (Foto: Kjersti Kildahl)

Den sosiale verdien er stor

– Det Sohrab gir uttrykk for, stemmer veldig bra med våre resultat, seier forskar Sebastian Eiter i NIBIO.

Saman med forskarkollega Esther Veen frå Nederland har han gjennomført ein studie i dei to parsellhagane Geitmyra og Nedre Stovner i Oslo, samt i Windhoek parsellhage i Almere, Nederland.

Målsettinga med studien var å undersøke kva som motiverer folk til å skaffe seg ein bit bynær jord slik ein hageparsell er.

– Den sosiale verdien av dyrkinga viser seg å vere stor. Han varierer mellom dyrkarar og gjer seg gjeldande ulikt i dei tre hagane, men han er til stades hos alle, fortel Eiter.

Likevel er det gleda ved hagearbeid, og ønsket om å dyrke eigne grønsaker, som er dei viktigaste motivasjonsfaktorane.

NIBIO-forskar Sebastian Eiter. (Foto: Kjersti Kildahl)

Langvarig lidenskap

Også viljen til å halde fram med dyrkinga er ein del av studien. Det viser seg nemleg at dei fleste som begynner å dyrke sjølve, ikkje gir seg med det første. Meir enn 90 prosent av dei som deltok i studien hadde hatt parsell i meir enn to år. Mange hadde mykje lengre fartstid.

– Våre funn viser positiv samanheng mellom gleda ved matproduksjonen og opplevinga av sosialt fellesskap, seier Eiter. Dess høgare dei verdset verdien av å dyrke, dess høgare score gir dei og på den sosiale faktoren.

Når parsellbøndene blir spurde om betydninga av å dyrke eigne grønsaker samanlikna med det sosiale, blir ein både-og-samanheng synleg.

– Dei er altså ikkje i parsellhagen enten for å dyrke eller for å møte andre folk. Dei er der for begge delar, forklarer Eiter.

– Dyrkarane som har høgast utbyte av matproduksjonen, er dei same som har høgast utbyte av det sosiale fellesskapet. Dei to faktorane ser ut til å forsterke kvarandre, seier han.

Toleranse for mangfald

Når ein samanliknar resultata frå dei tre parsellhagane, ser ein at dyrkarane i Almere er dei som verdset matproduksjon høgast. Det samsvarer bra med at desse dyrkarane er dei med størst grad av sjølvforsyning.

– Høgare grad av sjølvforsyning i Almere kan igjen forklarast ved at dei både har større parsellar og lengre sesong der enn i Oslo, kommenterer Eiter.

Ein annan faktor er at det er større breidde, eller ulikheit, i svara frå Geitmyra-dyrkarane enn i svara frå Nedre Stovner. Eiter forklarer:

– Noko av forklaringa kan vere at dyrkarane på Geitmyra dekker eit større sosialt og økonomisk spenn enn på Nedre Stovner.

Dette området har i nyare tid vore gjennom det ein kallar gentrifisering. Det vil seie at tidlegare arbeidarstrok er blitt trendy, moderne og busett av nye innbyggjargrupper. Og ein får eit kulturelt skift.

Gentrifiseringa kan forklare at det oppstår spenningar mellom enkelte grupper om korleis ein skal drive, eller korleis jorda skal fordelast.

– Men sjølv om dei opplever forskjellar seg imellom, gir dei same personane uttrykk for at dei finn ut av det med kvarandre. Dei har toleranse for ulikskap i bakgrunn, kultur og økonomi. Slik er det i hagen som i resten av samfunnet. Det verkar å vere haldninga, reflekterer NIBIO-forskaren.

Sohrab Salimi sjekker plantene under tunellduken. Tilsyn og luking høyrer med. (Foto: Kjersti Kildahl)

Å få hauste det ein sår

Ein som brenn for urbant landbruk, er bybonden i Oslo, Andreas Capjon. Han ser det som ein del av jobben å inspirere stadig nye bybuarar til å dyrke sjølve.

– Urbant landbruk og parsellhagar er to sider av same sak. Det handlar om å gi folk moglegheit til bokstaveleg talt å hauste av det dei sår, seier han.

– Hadde eg sjølv fått eit slikt tilbod den gongen eg flytta frå gard og inn til byen, ville eg trivest betre tidlegare; det er eg sikker på.

Bybonden meiner det er eit behov vi har som menneske å oppleve oss sjølve som ein del av naturen, at vi sjølve har hand om, og kontroll på, maten vi et. Og at vi er ein del av verdikjeda frå jord til bord.

– I ei verd der ein er fråkopla sambandet mellom der maten blir til, og det vi kjøper i butikken, gir det ein høg verdi å få dyrke sin eigen mat, seier Capjon.

Eit mangfald av planter blir dyrka i Nedre Stovner parsellhage. Her finst 97 parsellar mellom 40 og 70 kvadratmeter store. (Foto: Kjersti Kildahl)

Stor interesse, framleis stigande

Verdien av å dyrke eigen mat har tydelegvis mange kjent på. Da dei 100 parsellane på Losæther i Oslo vart lagt ut for påmelding i 2012, var det 4000 som søkte. Det er ventelister ved stort sett alle byens hagar og dyrkingsrom.

– I Fornebu parsellhage fauk 80 nye parsellar på ein dag. Det fortel vel at det er eit behov der ute, og at potensialet framleis er stort for å meir jord til folket, meiner bybonden.

Snart får han ein ny kollega. Ei nyoppretta stilling som bybonde i Bergen er utlyst i desse dagar. Det urbane jordbruket grip om seg.

Fakta om prosjektet

128 parsellbønder deltok (47 frå to hagar i Oslo, og 81 frå Almere).

Dei deltok gjennom spørreskjema og samtalar.

Utvalet er gjort med tanke på å reflektere forskjellar mellom befolkninga i ulike delar av byen, og korleis det kan gi ulik vektlegging av sider ved dyrkinga.

Arbeidet til Eiter og Veen har vore ein del av det europeiske forskarnettverket COST-Action med prosjekttittel Urban allotment gardens in Europe.

Parsellhage er ein av 14 ulike typar av urbant landbruk, ifølgje definisjonen til det europeiske forskarnettverket COST-Action Urban Agriculture Europe.

Bidrar til bondens omdømme

At det urbane landbruket er i vinden, kan og seniorrådgjevar Ellen Marie Forsberg ved landbrukskontoret hos Fylkesmannen i Oslo og Akershus stadfeste.

– Frå vår side har vi støtta ulike tiltak innan urbant landbruk heilt sidan by-jordbruket tok til å spire tidleg på 1990-talet. Vi har ønska forskjellige initiativ velkomne og lagt til rette for at dei skulle kaste av seg. Det finst nokre eldsjeler der ute, seier ho.

Det er fleire grunnar til at Fylkesmannen har vore positiv til utviklinga av urbant landbruk. Dyrkinga fører folk saman og bryt ned barrierar. Byromma blir meir levande.

– Og ikkje minst, vi meiner all aktiviteten gjer godt for bondens omdømme. Folk får eit forhold til kva det vil seie å produsere mat. Respekten aukar for ressursane og det arbeidet som skal til, seier Forsberg.

Hos Fylkesmannen har dei sett auka interesse både blant folk som ønskjer å dyrke, og for effektane av det urbane landbruket.

Trivsel er godt dokumentert. Ifølgje Forsberg er helsevinsten til no forska lite på. Dei positive faktorane som blir løfta fram, er likevel ofte dei same som mange vil kalle helsefremmande.

– Når vi så les i Jeløya-erklæringa at urbant landbruk skal prioriterast, har vi og fått politisk aksept for at by-jordbruk har ein plass i nasjonale planar og budsjett. Det er stort, avsluttar Forsberg.

Artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - Les mer

Powered by Labrador CMS