Slangeliv i ein tynn tråd

Sølvgrå slangar som stammar frå Himalayas urtid solar seg på bakken ved varme kjelder i det tibetanske høgfjellet. Men dei unike dyra lever farleg.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Den tibetanske høgfjellsnoken, Thermophis bailey, er uhyre sjeldan, og lever i ei høgde som ingen andre slangar i verda gjer. Den er unik for dette området på kloden og finst berre rundt dei varme kjeldene som eksisterer nokre få stader i Tibet.

Men der er det andre vesen som også gjerne vil opphalda seg: Menneske. Og når varmekjeldene vert regulerte til turistformål, forsvinn livsgrunnlaget for slangane.

Samarbeid om slangeberging

Me oppheld oss 4300 meter over havet og følgjer med biologen Tsering og medhjelparane hans til elvebredda i landsbyen Rutok, kor slangane har sitt habitat, altså naturlege tilhaldsstad.

Det tek ikkje mange minutt før han står med ein av verdas sjeldnaste krypdyr i hendene. Denne halvmeter lange stakkaren veit snart ikkje kor han skal gjera av seg, etter at eit nybygd hotell regulerte ned tilførselen av vatn frå dei varme kjeldene.

Tsering tok si utdanning ved Universitetet i Bergen, og har sidan bygd opp forskargruppa Institute for High Mountain Ecology ved Tibet University. Dei har fått støtte frå UiB og China Natural Science Foundation til forsking på miljø og vernemulighetar for den sjeldne slangearten, og kartlegga talet på nolevande eksemplar.

Førsteamanuensis Torstein Solhøy frå Institutt for biologi ved UiB deltek i prosjektet, og UiB stiller med utstyr og skal foreta genetiske analyser undervegs.

Steig opp med fjellet

I følgje Solhøy er Himalaya og det meste av Tibet unge høgfjell, sett med geologiske auge. For rundt 50 millionar år sidan kolliderte den indiske plata med den asiatiske. Dette skapte fjellkjeda Himalaya, og heva landet frå lågland til dagens høgder, som vart nådd for ca. 8 millionar år sidan.

- Det er ei attraktiv hypotese at stamforma til denne slangen følgde med opp, og under diverse klimaendringar utvikla seg til arten vi har i dag.

Under siste istid var det berre mogleg å overleva rundt nokre av dei varme kjeldene. Det same gjeld også i dag.

Det forklarar også den spreidde utbreiinga, då truleg berre få av Tibet sine mange hundre varme kjelder har dei rette tilhøva med omsyn til føde og gøymestader. Snoken, som ikkje er giftig, et fisk, froskar og insekt, og skjuler seg i hol i kalkfjellet.

Powered by Labrador CMS