Samtalar om nano-framtida

Nanoetikk spring side ved side med utviklinga av nanoteknologi. Kort sagt handlar nanoetikk om kva samfunn vi vil ha.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Før var solkremen alltid tjukk, kvit, og låg utanpå huda. Den nye, gjennomskinlege kan ha nanopartiklar i seg. Kanskje. Konkurranse og kommersialisme gjer at mykje nanoteknologi er hemmeleg. Nanopartiklane kan vere ufarlege. Eller farlege. Det veit vi heller ikkje. Difor blir det vanskeleg å belære og informere, og viktig å tenkje høgt i lag.

Kome utviklinga i forkjøpet

NANO - Science, Technology & Ethics er eit kurs for Universitetet i Bergen (UiB) sine PhDkandidatar i nanovitskap. Her lærer dei å dra med seg nanoetikken inn i den naturvitskaplege forskinga.

- Det er vanskeleg å snakke om det ein ikkje har fakta om. Fordelen er at vi kan komme utviklinga i forkjøpet. Med aktive, ansvarlege og vakne etikarar, kan vi vere med på å «shape the world, word-by-word», seier professor Roger Strand.

Strand er leiar for Senter for Vitskapsteori og for prosjektet Interdiciplinary Studies of Societial and Ethical Issues of Nanotechnology. Dei kursar mellom anna doktorgradskandidatar i nanoteknologi i nanoetikk. Dei som skal forske på nanoteknologi må ha humanistisk og samfunnsvitskapeleg kunnskap i tillegg til nanovitskap.

- Etiske aspekt om nanoteknologi må vere basert på rammeverka og metodane brukt av dei som veit korleis ein studerer menneske og samfunn. Dette uttalte Roger Strand til fagbladet Forskningsetikk for eit par månadar sidan. Fråsegna kunne allereie vore utdatert:

- Sjølv innføringskurset om nanoetikk er the state of the art, seier han.

Norsk nanoforsking er ikkje svært kontroversiell, ifølgje Strand. Ingen land har klare og overtydande svar på korleis ein skal handtere uvisse i teknologiutvikling. Likevel:

- For etikarane er det meir interessant å vise at det finst forskjellige meiningar om fakta og verdiar. Kva er vitskap? Kva bør det vere?

Kva konsekvens har meiningsmangfaldet for praktiske og politiske spørsmål? spør Strand.

- Det handlar litt om dei potensielle farane ved bruksretta nanoteknologi. Men vi har fokusert mindre på risiko, og meir på korleis ein skal handtere prinsipiell uvisse, seier han.

"UiB sine PhD-kandidatar i nanovitskap lærer å dra med seg nanoetikken inn i den naturvitskaplege forskinga. Kursleiar er Roger Strand (ståande). (Foto: Universitetet i Bergen)"



 

Hjelp eller trugsmål

L’Oréal, Chanel, Neutrogena og Johnsson & Johnsson brukar nanoteknologi. Det kan vere nanomaterial i regndressen din, joggeskoa dine, eller i den bærbare pc-en din.

Elektriske apparat og batteri blir mindre og sterkare, og meir mobile. I nær framtid kan cellereparasjonar stogge eller reversere aldringsprosessar, endre augefarge, eller gjere kosmetiske endringar utan skalpell og operasjon. Romfart kan bli så billeg at det ikkje lenger er avgrensa til nokre få utvalde.

Soldatane våre kan få skotsikre nanoklede. Det kan beskytte oss. Terroristar kan få dei same kleda. Det kan truge oss. Forskar ved Senter for i vitskapsteori, Fern Wickson, kjem frå Australia til jobben som prosjektleiar for prosjektet Interdiciplinary implications of nano ethics.

- Nanoetikarar brukar omgrepet «upstream engagement». Det er dialog med ålmenta før produkt er utvikla. Ein bør samtale om etiske, miljømessige, helsemessige og sosiale problem i forkant og ikkje i etterkant, seier Wickson:

- Nokre nanoteknologiske produkt er allereie på plass, andre er i kjømda. Nanoetikarar må kjenne prosessane bak teknologien. Vitskapsfolk og borgarar bør diskutere kva for produkt som skal utviklast, og kva som er ønskjeleg. Denne dialogen er særleg viktig når følgjene av utviklinga er usikre.

Felles mål om betre framtid

Wickson skreiv nyleg ein kommentar i Nature: Sjølv om vi treng meir vitskapleg forsking på risikoane ved nanoteknologi, treng vi òg å oppfordre til ein breiare dialog om våre forestillingar om framsteg, livskvalitet, menneskelege behov og våre visjonar for framtida - både med og utan nanoteknologi.

- Å vurdere produkt med brukarar vil lønne seg. Helst før dei er utvikla. Kva tykkjer brukarane om produkta som finst? Ønskjer dei seg desse produkta? Vi vil vite kva som gir betre livskvalitet, seier ho.

- Det er spørsmål om vi treng og ønskjer nanoteknologi i liva våre, og i så fall, kva slags formål, konsekvensar og ankepunkt som er viktige, Utfordringa er å samtale på ein måte som verkar relevant og produktiv for brukarane, seier Wickson.

- Vitskapsfolk kan sjå på etikk som eit hinder dei må passere. Etikarar kan ende opp i eit perspektiv der vitskapsfolka vert “objekt” som vi studerer. Både vitskapsfolk og etikarar er tente med samarbeid. Vi arbeider mot eit felles mål om å byggje ei betre framtid, seier Wickson.

For å tenke om framtida vil dei også vende seg til dei heilt unge:

- Vi vil prøve eit samarbeid med lokale ungdomsskular og vidaregåande skular, vil høyre kva for ønskjer og visjonar dei har for framtida, og tenkje høgt i lag med dei, seier Strand.

Nano, bit for bit

«Nano» viser til storleiksordenen 0,1-100 nanometer, der ein nanometer er ein milliondels mm. «Nanopartiklar» har vore naturleg omkring oss sidan mennesket fann elden. No kan nanoteknologar produsere og endre nanopartiklar kunstig.

«Nanoteknologi» er å manipulere og/eller flytte på partiklar frå 0,3 til 100 nanometer. På den måten ønskjer teknologar å «shape the world atom-by-atom» (Nordmann), og endre stoff sine eigenskapar.

Stoffet i nano-material har større overflate per volum. Dei er reaktive og mobile, og kan gå inn i andre stoff. Vi kan få kreftmedisin som bevarer dei friske cellene rundt svulstar, eller brenselsceller som ikkje skil ut miljøgassar. «Nanoteknologi» kan vere løysinga til problema våre, men også ei kjelde til nye problem.

Nanoteknologi blir brukt i industri og til medisin i Noreg og elles i verda. Mest industri finst moglegvis i USA. Det veit ein ikkje sikkert, då militær bruk og kommersialisme medfører konkurranse og/eller hemmeleghald.

Powered by Labrador CMS