Di meir variert eit næringsliv i ein region er, di meir nyskaping kan ein forvente, ifylgje forsking. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)
Di meir variert eit næringsliv i ein region er, di meir nyskaping kan ein forvente, ifylgje forsking. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Bygda vinner på å støtte urbanisering

– Vi må støtte dei store, om vi ønskjer omstilling og næringsutvikling, seier forskar.

Publisert

Mange regionar i Noreg og andre land har opplevd store utfordringar etter finanskrise, oljeprisfall, nedgang i oljenæringa og stagnasjon i verdsøkonomien.

Forsking frå Universitetet i Agder (UiA) tek for seg kva som må liggje til grunn for at eit næringsliv i nedgang og stagnasjon kan omstille seg og få ny vekst.

Jan Ole Rypestøl har undersøkt kva vilkår som gir god næringsutvikling i ulike landsdelar.

– For å sikre best vilkår for å utvikle eit næringsliv med evne til å omstille seg, bør næringspolitikken stimulere dei store og urbane områda i regionane, seier Rypestøl.

– Ikkje for at dei store berre skal bli større, men for at heile regionen skal kunne ta del i vekst og omstilling. Det kjem alle til gode å støtte dei store, forklarar forskaren, som nyleg tok doktorgrad ved UiA.

– Også små stader og mindre bedrifter utanfor bysentera har høge ambisjonar om vekst og nyskaping, seier Jan Ole Rypestøl, som har undersøkt kva vilkår som gir god næringsutvikling i ulike landsdelar. (Foto: UiA)
– Også små stader og mindre bedrifter utanfor bysentera har høge ambisjonar om vekst og nyskaping, seier Jan Ole Rypestøl, som har undersøkt kva vilkår som gir god næringsutvikling i ulike landsdelar. (Foto: UiA)

Enkeltbedrifter og regionar

Næringslivet møter ikkje berre konkurranse frå bedrifter i sin region og sitt land, men er del av ein internasjonal økonomi og ein global marknadsplass.

Dei brutale realitetane er at bedriftene må omstille seg for å unngå nedgang, nedlegging og arbeidsløyse.

Rypestøl har vore særleg oppteken av korleis aktørane deler kunnskap og kva for rolle entreprenørar og enkeltbedrifter speler i omstillingsprosessar.

– Det er tidlegare forska mykje på system og strukturar som fremjar nyskaping, men mindre på den rolla som entreprenøren og bedriftseigarane har i omstillingsprosessar. Det har også vore lite forsking på korleis bedrifter samarbeider og utvekslar kunnskap i innovasjonsprosessar, og på dei ulike geografiske tilhøva og kjenneteikna ved næringslivsstrukturen i regionane, seier han.

Einsidig, spesialisert eller variert næringsliv

Forskaren skil mellom tre typar strukturar i regionane:

1. Tynne regionar: Dei har få dominerande aktørar og lite variert næringsliv.

2. Tjukke og spesialiserte regionar: Har einsidig, men høgt spesialisert næringsliv.

3. Tjukke regionar: Har eit mangfaldig og variert næringsliv.

Hordaland er døme på ein region med eit variert næringsliv med høg aktivitet innanfor ulike sektorar. Agder-fylka har eit meir einsidig næringsliv, men med spesialisert kunnskap innanfor leverandørindustrien til olje- og gassnæring.

– Det er eit tydeleg funn i mi avhandling at innovasjonsevna er best i dei såkalla tjukke regionane. Der er entreprenørane meir innovative og ambisiøse enn entreprenørar i tynne regionar, seier forskaren.

To typar er avgjerande

Rypestøl har identifisert to typar som er avgjerande for vekst og omstilling. Han kallar desse typane endringsagentar. Den eine endringsagenten er bedriftsentreprenøren knytt til eigen bedrift, den andre er systementreprenøren.

Systementreprenøren er ein som arbeider for å betre vilkåra for entreprenørskap på systemnivå. Eit slikt arbeid kan til dømes inkludere å betre vilkåra for nyskaping i heile regionen.

Typiske døme er offentlege rådgjevarar eller forretningskonsulentar som styrer større næringsklynger.

Fleire bedriftar med ulike typar kunnskap

– Bedrifter i urbane strok har gjerne fleire bedrifter med ulike typar kunnskap. Di meir variert eit næringsliv i ein region er, di meir nyskaping kan ein forvente. I Agder-fylka har til dømes dei urbane områda rundt Kristiansand og Arendal mest innovativ kraft, seier Rypestøl.

Han understrekar at kunnskapsdeling fungerer best når bedriftene har ulik, men likevel overlappande kompetanse og er i nærleiken av einannan.

– Derfor er det viktig at næringspolitikken stimulerer eit mangfald av bedrifter i ein region. Geografisk nærleik er ein nøkkelfaktor for kunnskapsdeling, og det gjeld same kva for kunnskap du deler, seier Rypestøl.

Ambisjonsnivå og innovasjonsevne

Også små stader og mindre bedrifter utanfor bysentera kan ifølgje forskaren ha høge ambisjonar om vekst og nyskaping.

– Poenget er likevel at det er skilnad mellom evna til nyskaping i byane og utanfor. Forskjellen ligg i ambisjonsnivå og innovasjonsevne. Nyskaping er mellom anna avhengig av at store og ulike bedrifter samarbeider og deler kunnskap. Bedrifter må ha rik tilgang på kunnskap frå andre for å skape noko nytt, og slike forhold finn du best i urbane strok, seier han.

Referanse:

Rypestøl, J.O. :New Regional Industrial Path Development: Entrepreneurs, Knowledge Exchange and Regional Contexts. Doktoravhandling ved Handelshøyskolen ved Universitet i Agder. (2018)