Annonse

Store revisorar dyrare enn små

Dei fire største revisorfirmaene i verda tar seg betre betalt for tenestene sine enn andre. Forsking frå NHH visar at i tidsrommet 1999 til 2003 vart desse selskapas norske avdelingar omtrent 20 prosent dyrare enn dei mindre.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I doktoravhandlinga, Essays on Audit Pricing, studerer NHHs doktorgradsstipendiat Jiuzhou Wang forskjellane i honorar mellom det som blir kalla “dei fire store” revisjonsselskapa, Deloitte, PwC, Ernst&Young og KPMG, og andre revisjonsfirma i Noreg og USA.

- Ser ein på auken i honorar for dei fire store selskapa i USA var han på 15, 56 og 17 prosent i høvesvis 2003, 2004 og 2005. Den store aukinga i 2004 kom som ein følgje av implementeringa av Sarbanes-Oxley-lovas seksjon 404, fortel Wang.

Dramatiske endringar

Då Arthur Andresen kollapsa i samband med Enron-skandalen i 2002, vart dei fem store revisjonsselskapa i verden til fire.

Same år vart Sarbanes-Oxley-lova gjennomført som ein konsekvens av dei mange skandalane i den amerikanske finansmarknaden. Loven stiller strengare krav til selskap og revisorar når det gjeld kontrollen med den finansielle rapporteringa.

Wang ser på effektane av desse hendingane i USA.

Han har studert tidlegare forsking for å finne ut korleis skandalane har påverka prisnivået generelt, og kva for effektar dei dramatiske endringane har hatt på marknaden for revisortenester i USA.

Flytter seg nedover i hierarkiet

"Jiuzhou Wang."

Ein annan effekt av dei nemnte omveltingane er større press på dei fire store revisjonsselskapa som er igjen.

Dei minst attraktive kundane, som tidlegare brukte eitt av dei største revisjonsselskapa, blei etter kollapsen av Arthur Anderson tvinga til å skifte revisor.

Dermed måtte dei flytte seg nedover i hierarkiet av revisjonsselskap. Dette skaper ein moglegheit for at dei nest største kan ta steget opp i den øvste klubben.

Den auka etterspurnaden etter revisorar som kan handtere høg risiko og kompleksitet har pressa opp prisen hos dei de små selskapa også.

- Dette er ny kunnskap. Tidlegare har mange hevda at revisjonsselskapa set ned prisen for å tiltrekke seg nye kundar, men eg har funne at dei faktisk krev “starthonorar” for nye kundar, slik at prisen i realiteten går opp, forklarer Wang.

Ny kunnskap

Wang har funne fleire endringar i revisjonsmarknaden etter dei store omveltingane i USA. I motsetnad til kva mange tidlegare har trudd, finn ein også i Noreg denne forskjellen på dei små og store revisorselskapa.

Tidlegare forsking på norske prisar har ikkje funne at dei største revisjonsselskapa tek seg betre betalt enn andre.

Men avhandlinga til Wang viser at desse forskjellane eksisterer også i Noreg. I følgje Wang kan dette skuldast at tidlegare studiar i Noreg berre har sett på børsnoterte selskap.

- Det kan vere noko av forklaringa på kvifor mine funn ikkje stemmer med det vi tidlegare har trudd, seier Jiuzhou Wang, som disputererte for doktorgraden ved NHH fredag 9.november.

Han fortel vidare at avhandlinga hans ikkje seier noko om kva som ligg bak prisforskjellen. Dei stor revisjonsselskapa leverer kanskje tenester av høgare kvalitet. Det kan òg hende at kundar betalar ekstra for høgprofilerte revisorfirma.

Det er Frøystein Gjesdal, professor på Institutt for rekneskap, revisjon og rettsvitenskap og Øyvind Anti Nilsen på Institutt for samfunnsøkonomi som har vore rettleiarar for Wang på NHH.

Til hjelp med studiane av den amerikanske marknaden har han hatt med seg Joanna Ho frå University of California Irvine.

Powered by Labrador CMS