- "Garantert avkastning" er lotteri

Nordmenn har tapt omtrent 14 milliardar kroner på å la seg lure til såkalla garantert sparing. Møt fire forskarar som har kjempa mot finansakrobatar, skjulte gebyr og villeiande marknadsføring.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Thore Johnsen, Terje Hansen, Knut Boye og Aksel Mjøs, alle forskarar frå Institutt for føretaksøkonomi ved NHH, har slakta kontroversielle spareprodukt som har vore tilbode av bankar og finansinstitusjonar.

Ei rekkje akademiske breisider og kritiske avisoppslag har gitt resultat. No er det forbode å selje garanterte spareprodukt til andre enn yrkesinvestorar.

Finansiell svartekunst

Bakgrunnen for dei sterke meiningsytringane frå forskarane er at ei rekkje bankar og andre finansinstitusjonar har tilbode kundane såkalla garanterte spareprodukt.

Ved hjelp av finansiell svartekunst skal du sleppe alle ulemper og berre ta del i oppgangen. Mange småspararar investerer i desse produkta ved å låne pengar.

I mai 2007 var 44 milliardar plasserte i garanterte spareprodukt. Omtrent 75 prosent av dette var lånefinansiert.

Då Kredittilsynet undersøkte desse produkta på slutten av 2007, konkluderte dei med at ingen gav positiv forventa avkasting når gebyr og provisjon var rekna med.

- Ein av verstingane i klassen er ein bank på Vestlandet. Han bruker heile femti prosent av marknadsføringsbudsjettet sitt på desse produkta, fortel professor Terje Hansen når dei fire NHH-forskarane møtes til samtale.

- Ikkje lurt

Knut Boye forklarer korleis desse garanterte spareprodukta eigentleg verkar når ein kunde låner pengar til investeringa:

- Når du investerer 100 kroner i eit garantert spareprodukt, blir rundt 80 kroner sett inn som bankinnskot. Resten blir plassert i kjøpsopsjonar på aksjeindeksen. Når kunden låner 100 kroner for å investere i dette produktet, låner kunden i realiteten pengar for å setje dei på ein bankkonto.

- Å låne pengar for å setje pengar i banken er ikkje lurt, konkluderer førsteamanuensis Boye.

Norsk Tipping

Professor Thore Johnsen slengjer seg på.

- Du har faktisk lånt pengar for å plassere dei i samme bank. Det er jo heilt fantastisk, skrattar Johnsen ironisk og held fram:

- Når dette produktet er strukturert med lån, burde det heller vore marknadsført av Norsk Tipping.

- Som alle andre lotteri har det negativ forventa avkasting. I tillegg er desse produkta ein svært dyr måte å oppnå marknadseksponering på, skyt Aksel Mjøs inn.

Den skuldige

Samstemde peikar dei fire forskarane ut den skuldige bak subprime-krisen, Terra-skandalen og ulykksalige småspararar. Mjøs tek ordet:

- Skeive insentivordningar mellom ulike sparealternativ er ein del av den ibuande djevelskapen til systemet.

- Når du går til rådgivaren din i ein bank eller ein annen finansinstitusjon, forventar du å bli servert det beste rådet. Med grenselaus naivitet lèt mange kundar seg lokke til å velje nettopp dei investeringane og spareprodukta som er mest lønnsame for banken.

Lønna til dei fleste rådgivarane har eit provisjonselement som er produktdrive heller enn behovsdrive.

- Produkta som kostar kundane mest, gir dessverre rådgivaren størst provisjon, forklarer Mjøs.

Sjølv om finansrådgivarar alltid skal åtvare mot dårlege produkt, er det ikkje alltid det skjer.

Nytt regime

Etter Terra-skandalen har norske kommunar fått eit langt meir nøkternt syn på investeringane sine. Sjølv om mykje pengar har gått tapt, har det hatt ein viktig effekt.

- Folk treng mykje meir enn anbefalingar og nye regelverk. Nokre må «døy» slik at andre skjøner konsekvensane, seier Johnsen.

- Vi må altså sjå at nokre går i fengsel, eller at nokre mister gard og grunn. Det er alltid eksempla si makt som er sterkast.

Frå Noreg til USA

I haust var det norske kommunar som fekk ein stjernesmell. I år er det amerikanske låneseljarar som får straff.

FBI har varsla at dei grip inn mot 31 salsorganisasjonar som har leia låntakarar inn i freisting. Låna som blei prakka på dei dårlege låntakarane, såg ekstremt gunstige ut ved første augekast. Renteutsetjing, låge avdrag og annan finansiell ingeniørkunst gjorde at kundane beit på kroken. Og resultatet?

- Ein global finanskrise, konkluderer Boye oppgitt.

Subprime-låna har gitt mange dårleg nattesøvn det siste halve året. Mjøs himlar med augo og skjøner nesten ikkje korleis dette har vore mogleg.

Ifølgje Johnsen er subprime-krisen den eksakte parallellen til Terra-skandalen. I USA blei menneske som ikkje var i stand til å betene lån, freista til å låne store summar fordi «rådgivarane» anbefalte det.

I Noreg blei kraftkommunane freista til å plassere store summar i risikable finansprodukt av same grunn.

- Det kokar ned til eitt punkt: Nokon må ta konsekvensen av kynisk utnytting av andre menneske sin tillit, filosoferer Johnsen.

Powered by Labrador CMS