- Rolla mi blir til gjennom musikken eg til kvar tid arbeidar med, og kvart verk bringar med seg sine eigne, unike utfordringar, meinar pianist Ellen Ugelvik. (Foto: Observatoriet)

– Pianistar er meir enn eit medium for musikken

Ein solist bør vere medskapar i verka ho framfører, heller enn eit slags medium musikken skal passere gjennom, meiner pianist og forsker.

Samtidsmusikk blir ofte sett som ein åtskilt sjanger frå klassisk musikk. Men solopianist Ellen Ugelvik meiner at samtidsmusikken derimot er ei naturleg forlenging av den klassiske musikktradisjonen.

Ho har teke ein doktorgrad om rolla til solopianisten i samtidsmusikk og hevdar at måten den nye musikken vert behandla av konsert- og utdanningsinstitusjonar i dag kan ha uheldige konsekvensar.

– At ein hovudsakleg vert utdanna til å reprodusere gammal musikk, får konsekvensar både for kvar einskild i arbeidslivet og også for feltet som heilskap, og studentane kan bli redde for å uttrykkje noko eige, meiner Ugelvik.

I doktorgraden sin har ho forske på rolla til solopianisten i samtidsmusikken. Ho brukte seg sjølv i forskinga si ved å utarbeide og urframføre fem ulike konsertar for klaver og orkester.

 – Rolla mi blir til gjennom musikken eg til kvar tid arbeidar med, og kvart verk bringar med seg sine eigne, unike utfordringar, meiner pianist Ellen Ugelvik.

Vil flytte grensene

Med prosjektet sitt ynskjer ho å flytte på grensene innanfor hierarkiet som rår mellom solist, komponist, dirigent, orkester og produksjonsapparat.

– I byrjinga av prosjektet var eg oppteken av korleis eg kunne styrke min eigen kompetanse i møte med nye verk. Men etter kvert byrja eg i større grad å arbeide med klaverkonsertane som kollektive prosessar, der eg sjølv tok ei meir progressiv solistrolle som medskapar i verka, heller enn eit slags medium musikken skal passere gjennom, forklarar ho.

Dei fem ulike konsertane ho framførte brukte ho til å forska på arbeidsmetodar og rolla til pianosolisten i samtidsmusikken.

– Gjennom å initiere, innstudere og framføre desse konsertane har eg funne at det er fruktbart med auka forståing av kva for potensiale og handlingsrom solisten har. Slik kan ein oppnå eit så godt klingande resultat som mogleg, fortel Ugelvik.

Blodig avsluttingskonsert

Konserten som avrunda prosjektet var som ein karikatur av korleis pianistar blir lært opp til å vere berre eit medium for musikken.

Store delar av pianomusikken i denne konserten vart framført av ein slags robot som gjennomfører ting ingen menneske vil meistre.

– Tematikken blir på ein måte «undergangen» for den klassiske pianosolisten. Til slutt i noten står det «cut up fingers and end career as pianis», forklarar ho og ler.

Under konserten, med fullt orkester og robotpiano, fekk publikum sjå Uglevik på storskjerm som tilsynelatande har skore av seg fingra så blodet renn. Filmopptak fra konserten ligg på Youtube.

Treng nye arbeidsrammer

Sjølv har ho ei meir positiv haldning til framtida etter å ha gjennomført stipendiatprosjektet, men understrekar at samtidsmusikken treng betre kår.

– I vår verden er arbeidsrammene ofte like for heilt nye verk og anerkjente klaverkonsertar. Det gir den nye musikken dårlege kår. Gjennom å arbeide med ulike samtidsverk vart eg utfordra til å ta nye utøvarroller enn eg hadde lært gjennom den klassiske utdanninga mi. Det rommet synest eg er spennande å utforske!

Uglevik håpar andre musikarar vil utforske verktøya ho har utvikla.

Referanse:

Ellen Ugelvik: The soloist in contemporary piano concerti, doktorgrad ved Norges Musikkhøgskole. Nettsida til prosjektet.

Powered by Labrador CMS