Korallrevet ved Røst blir verna

Naturskatten som blei oppdaga vest for Røst i Lofoten for eit halvt år sidan, er verdas største djupvasskorallrev. No forbyr fiskeriminister Svein Ludvigsen fiske med botntrål i dette området.

Publisert

I juni i fjor fortalde forskning.no om oppdaginga av eit gigantisk korallrev utanfor Røst i Lofoten.

Fiskeriministeren gjekk då ut og lova vern av revet, og seks månader seinare er han i ferd med å innfri løftet sitt.

- Sårbare og verdifulle

Fiskeridepartementet arbeider med liknande tiltak for å verne det nyleg registrerte korallrevfeltet utanfor Hvaler. Fiskeriministeren ber også Fiskeridirektoratet om å leie ei arbeidsgruppe som skal vurdere ytterlegare tiltak.

- Djupvasskorallrev er blant våre mest sårbare og verdfulle marine naturtypar, og det er viktig å få til effektivt vern. Forbod mot mot botntråling er eit tiltak som betyr mykje i denne samanhengen, seier Ludvigsen.

Han seier også at regjeringa vil setje i verk ein samla offensiv for å hindre vidare øydeleggingar av norske korallrev.

Lophelia

Korallrevet ved Røst er på over 100 kvadratkilometer, av typen Lophelia, og ligg på mellom 300 og 400 meters djup. Denne typen korallrev har kolonsiert våre farvatn etter istida, og mange har vore der i minst 8 500 år.

Korallreva er kjenneteikna av eit rikt dyreliv med mange virvellause dyr, og dei er også kjende for å vere gode fiskeområde.

Havforskningsinstituttet har rekna seg fram til at mellom 30 og 50 prosent av korallreva i våre farvatn er forsvunne på grunn av fiskeri, og argumenterer for ei bedre kartlegging av den norske kontinentalsokkelen.

Norske korallrev på nye nettsider

Oppdaginga av dei norske djupvasskorallreva har vore mogeleg takka vere den teknologiske utviklinga i samband med oljeleiting og senking av videoutstyr på store djup.

Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet har nettop avslutta arbeidet med ei oversikt over kjende korallrev i norske område.

Havforskningsinstituttet sitt arbeid med korallarten Lophelia pertusa er presentert på nye nettsider. Her kan du lese om kvar korallreva ligg, og kva slags skadar fiske med trål kan påføre.

Arbeidsgruppa som blir sett ned av Fiskeridepartementet er eit samarbeid med Miljøverndepartementet og Olje- og energidepartementet, og gruppa skal legge fram forslag om ytterlegare tiltak innan mai i år.

Lenker:

IMR: Coral reefs in Norway
Fiskeridepartementet: Pressemelding