Halvert piggstøv med 30 km/t

Mengda med vegstøv frå piggdekk blir halvert når farten går ned frå 50 til 30 km/t, ifølgje ny avhandling. - Dette er eit sterkt argument for å redusere fartsgrensene i byar, spesielt i vinterhalvåret, seier forskar Brynhild Snilsberg ved NTNU.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I Trondheim går debatten høgt om fartsgrensa i bykjernen skal settast ned frå 50 til 30 kilometer i timen.

Argumenta for redusert fart er fleire - betre luft har vore eitt av dei. Men fram til nå har ein sakna handfast kunnskap om kva for effekt lågare fart har på mengda svevestøv langs vegen.

Brynhild Snilsberg tek doktorgraden ved Institutt for geologi og bergteknikk, og fullfører arbeidet med den som tilsett ved Statens vegvesen.

Snilsberg ser på førekomsten av svevestøv sommar som vinter, forårsaka av vinter- sommar- og piggdekk - og ho har målt mengder støv ved ulik fart.

Raskare piggar malar finare

- Det viser seg generelt at mengda støv som vert produsert og virvla opp aukar proporsjonalt med farten, slik at mengda aukar frå om lag 2,5 milligram per kubikkmeter luft ved 30 kilometer, til litt over 5 ved 50 kilometer, seier Snilsberg.

- I tillegg kjem at partiklane jamt over blir mindre i storleik ved høgare fart. Den auka farten gjer at piggane gjer støvet meir finmala, forklarar Snilsberg.

Sterkare enn forventa

- Det var ikkje uventa at trenden var slik, seier ho:

- Men eg hadde vel ikkje trudd at tendensen skulle vere så kraftig som at mengda vart halvert då vi gjekk frå 50 til 30 km/t.

I Trondheim er om lag tre av ti kjøretøy skodd med piggar. Dermed vil halvering av mengda svevestøv som piggdekk medfører, gje monaleg utslag i mengda svevestøv totalt i bykjernen.

"Piggstøv er eit aukande problem, også i vegar gjennom bustadområde i dei større byane. (Foto: Vegard Eggen/NTNU Info)"

- Eg meiner dette bør bli lagt vekt på når ein skal avgjere kva fartsgrensa bør vere i sentrum, seier Snilsberg.

Frå 70 til 80 prosent

Målet er at delen som køyrer piggfritt i Trondheim skal stige frå 70 prosent i dag til 80. I Oslo er den allereie på åtti prosent. Landsgjennomsnittet for piggfri køyring er på 55 prosent.

Problemet med vegstøv produsert av piggdekk er aukande, ettersom både trafikkmengda og kravet om is- og snøfrie vegar aukar.

Då vil vegar i bustadområde utanfor bykjernar og tettbygd strøk bli meir omfatta av desse plagene.

- Betre måling trengst

Støvet det er snakk om, er såkalla PM10 - particulate matter mindre enn ti mikrometer i storleik.

- Dagens målekrav, som er EU-sertifiserte, går utelukkande på vekt. Dette er ikkje eit fullgått mål, meiner Snilsberg:

- Om du har eit partikkel på eitt milligram på den eine sida, og tusen svært fine partiklar som til saman veg det same på den andre sida, er det ingen tvil om kva som er mest helseskadeleg.

- Men enn så lenge har vi ikkje noko betre alternativ når det gjeld måling og overvaking av luftkvaliteten i norske byar, seier Snilsberg.

Powered by Labrador CMS