Eldre kan klare seg lenger heime

Eldre klarar seg lenger i eigen bustad etter sjukehusopphald, dersom dei blir behandla i eigne geriatriske einingar på sjukehuset.

Publisert

Det viser ein rapport frå Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta. Rapporten oppsummerer tidlegare forsking på området.

- Eldre som blei vurdert og behandla ved eigne geriatriske avdelingar på sjukehuset klarte seg lenger i eigen bustad etter utskriving enn eldre som fekk behandling ved vanlege avdelingar, seier forskar Elisabeth Gjerberg.

Sjukehusbasert område

Geriatri er læra om sjukdommar og konsekvensar av sjukdommar hjå eldre menneske.

Det er typisk for feltet at helsepersonell med ulik kompetanse jobbar saman. Legespesialisten i geriatri samarbeider gjerne med sjukepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar og andre yrkesgrupper med kompetanse innan geriatri.

- Geriatrien i Noreg er først og fremst sjukehusbasert, og er prega av at pasienten blir vurdert og behandla på ein systematisk og tverrfagleg måte, forklarar Gjerberg.

To typar organisering

Det er i hovedsak to måtar å organisere tilbodet på:

1) sjukehuset har ei eiga avdeling eller eining der gamle pasienter blir utreda og behandla av personale med tverrfagleg kompetanse.

2) sjukehuset har eit tverrfagleg team med geriatrisk spesialkompetanse som vurderer gamle pasientar på ulike avdelingar og tilrår ein behandlingsplan som andre følgjer opp. Dette blir kalla geriatriske team.

- Ifølgje forskinga me såg på ser ikkje geriatriske team ut til å ha effekt. Dette skuldast truleg at det er ulike personar som tilrår tiltak og som følgjer dette opp. Det heilskaplege perspektivet går tapt, forklarar Gjerberg.

Aukande bruk av sjukehustenester

Ein stadig større del av befolkningen blir eldre, og det har vore ei vekst i dei eldre si bruk av sjukehustenester dei siste åra.

Ifølgje tal frå Statistisk Sentralbyrå vil det være ein stad mellom 1,1 og 1,4 millionar nordmenn på 67 år og eldre i 2050. Det er omlag dobbelt så mange som i dag.

- Denne veksten kjem til å halde fram, så det er god grunn til å sjå på verknaden til ulike behandlingstilbod i sjukehuset, seier Gjerberg.

Rett tiltak til pasienten

Eldre sjukehuspasientar er ei samansatt gruppe, og eindel eldre vil med aukande alder ofte ha fleire sjukdommar og svekka fysisk og kognitivt funksjonsnivå.

Gjennomgangen som er gjort avdekkar eit klart behov for meir forsking på området.

- Forskinga trengs både for å utvikle og prøve ut nye organisatoriske løysingar og for å utvikle meir målretta kriterie for å velgje ut pasientar som kan ha nytte av geriatriske tiltak, seier Gjerberg.

Rapporten finn du på Kunnskapssenteret sine heimesider