Undertekst eller voice-over?

Er teksting eller dubbing å føretrekka når ein skal oversetta for tv og film? Førsteamanuensis Jan Emil Tveit ved NHH har både forskingsmessig og praktisk erfaring på feltet. Han held ein knapp på teksting. Iallfall nesten alltid.

Publisert

Det er kanskje ikkje noko ein tenkjer over kontinuerleg, men ulike former for oversetting er ein stor del av svært mange tv- og filmopplevingar.

Uansett om det er tale om nyhende, underhaldning, spelefilm eller dokumentar, er undertekstar, dubbing eller voice-over i svært mange tilfelle eit vesentleg element.

Men kva er eigentleg den beste og mest effektive metoden?

Forskar og praktikar

Førsteamanuensis Jan Emil Tveit ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon ved NHH er rekna blant Noregs fremste ekspertar på fjernsynsteksting, og har arbeidd mykje med problemstillinga både som praktikar og forskar.

Tveit var første leiar for tekstings- og oversettingsavdelinga i TV2, og var konsulent for NRK i samband med oppstarten av NRK 2 . Han er dessutan eit internasjonalt namn innan forsking på fagfeltet, og er mykje brukt som førelesar.

I 2004 gav Tveit ut Translating for Television, verdas første handbok for tv-oversettarar.

Nyleg kom boka Audiovisual Translation, Language Transfer on Screen. Her bidreg Jan Emil Tveit med artikkelen Dubbing versus Subtitling: Old Battleground Revisited.

Oversett i oversettinga

At ting blir “lost in translation” er noko nær ein klisjé, men for oversettarar og tv-tekstarar er dette eit høgst aktuelt problem. På vegen frå eit språk til eit anna går gjerne noko tapt.

– Det er føremoner og ulemper med både teksting og dubbing, fastslår Tveit.

Eit problem med teksting er at informasjonstapet fort vert stort. Tekst kan til dømes ikkje konkurrera med tale når det kjem til å uttrykka nyansar, og i teksting for tv og film er tida og plassen ein har til rådvelde så avgrensa at lange, komplekse konstruksjonar er utelukka.

– For å auka lesbarheit er det essensielt å utrykka seg kort, og tekst må komprimerast med mellom 20 og 40 prosent. Men kva skal utelatast når sjølv små endringar kan gje store utslag? Å komprimera er heilt klart ein kunst, konstaterer Tveit.

– Når det gjeld nyhende bør likevel ikkje komprimeringa går for langt. I fiksjon er det mindre viktig, legg han til.

Synkronisering

Det er svært mange variablar som styrer kor mykje informasjon ein får med seg frå teksting.

Lesehastigheit varierer frå person til person, men kva type program det er tale om, kor kompleks informasjonen er og kor mykje som faktisk skjer på skjermen spelar også med.

Samstundes må ikkje teksten “koma i vegen” for biletet og lyden.

– Om sjåarane går glipp av biletinformasjon av di dei prøver å få med seg alt som står i teksten er det uheldig. Teksting må i størst mogeleg grad vera synkronisert med både bilete og lyd, seier Tveit.

Han påpeikar at dette og andre aspekt ved teksting har blitt ei større utfordring etter kvart som redigering av både film og TV-innslag er blitt meir prega av hurtig klipping, hyppig skifte av kameravinklar og liknande.

Eksponeringstid

Kor lenge skal så ei full, dobbel tekstlinje bli ståande?

Praksisen i undertekstland som dei nordiske har variert. SVT har seks til sju sekund som regel. Danmarks Radio lar teksten stå i minst fem sekund. I NRK har ein lege på minst seks sekund.

– Desse tidene har likevel vore meir basert på sunn fornuft enn forsking, seier Tveit.

Han skaffa empiri kring eksponeringstid og lesbarheit gjennom eit forsøk med elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule i 2004. Programmet dei fekk sjå var ein episode av 60 Minutes.

Frå seks til fem

Forsøket synte at mengda av tekstinformasjon elevane fekk med seg ikkje sank merkbart om ein reduserte eksponeringstida frå seks til fem sekund. Ved reduksjon til fire sekund skjedde det derimot ei markant endring i negativ retning.

– Så lenge biletinformasjonen er “talking heads”, som nyheitsanker og liknande, er erfaringa frå forsking at ein kan redusera eksponeringstida for to fulle tekstlinjer ned til fem sekund, seier Tveit.

Han understrekar likevel at andre programtypar og andre testgrupper kan gje andre resultat.

– Det kunne til dømes vore interessant å gjera ei tilsvarande undersøking på gamleheimar, seier han.

I dubbe-land

I små språkområde som dei nordiske landa har teksting lenge rådd grunnen i film, nyhende og program for vaksne.

Ein treng ikkje tilbringa mykje tid i eit “verdsspråk-land” for å bli minna om at stoda er annleis der. I engelsk-, tysk-, fransk- og spansktalande land er graden av dubbing og voice-over ein heilt annan.

Tveit ser visse føremoner ved denne praksisen. Til dømes vert det enklare å få med seg biletinformasjonen når ein forstår kva som vert sagt, og i tilfelle med ekstremt hurtige klipp eller overgangar og mykje informasjon kan dubbing vera det minste av to onder.

For dei minste borna er dubbing som oftast ein føresetnad.

Dyrt autentisitetstap

Tveit slår fast at land med lang tradisjon for dubbing kan framvisa mykje kvalitet på området, men meiner likevel ulempene ved dubbing er fleire enn føremonene.

– Rett nok er det blitt dyrt å driva med teksting når ein sender heile døgeret, men dubbing er framleis langt dyrare og det tek lengre tid, seier han.

– Vidare er stemma ein sentral del av personlegdommen saman med gestar og ansiktsrørsler. Sjølv om vi ikkje forstår orda som vert brukt kan stemme og stemmeleie fortelja oss mykje.

– Dubbing kan gje autentisitets- og kredibilitetstap, og i nyhendesamanheng kan det vera alvorleg, legg han til.

Pedagogisk verdi

Eit poeng Tveit meiner talar klart for undertekstar er pedagogisk verdi.

– Mykje tyder på at ein kan ha læringsutbyte i form av auka forståing og utvida vokabular ved å vera eksponert for lyden av eit språk medan ein les ei oversetting, seier han.

Effekten kjem likevel med språk ein beherskar frå før. For norske sjåarar sin del vil det primært tyda engelsk. Og sjølv om forståinga blir betre, vert ikkje dei skriftlege evnene til sjåarane påverka.

Det folk vil ha

Førsteamanuensis Jan Emil Tveit ved NHH.
Førsteamanuensis Jan Emil Tveit ved NHH.

Men kva ønskjer eigentleg sjåarane seg? På barnefilmområdet er det ein aukande tendens til at dei får i pose og sekk. Kinofilmar kjem i både teksta og dubba versjonar.

Tveit ser nokre tendensar til meir dubbing i norske nyhendesendingar, men mykje tyder på at undertekstar står sterkt både blant dei som produserer og dei som konsumerer.

I 1997 testa TV2 sjåarane med ein dubba versjon av The Gregory Hines Show. Etter tre norskdubba episodar vart sjåarane spurde kva dei ville ha i fortsettinga.

– 85 prosent ville ha engelsk tale og norske undertekstar, trass i at det var tale om eit familieshow som gjekk i barne-tv-tid, konstaterer Tveit.

Han trur det kan handla om vanar og manglande tradisjonar, men peiker på at dei som føretrekk undertekstar meiner at autentisitet og kunstnarlege kvalitetar blir betre tekne vare på gjennom denne metoden.

Høg kvalitet

Dei fleste har på eit eller anna tidspunkt teke tv-oversettarar i feil – gjerne av det komiske slaget. Årsaka kan til dømes vera at tekstaren berre har tilgang til innslagslyden, ikkje noko manuskript, og ein regelrett høyrer feil eller misforstår.

Men slurv og tidspress kan heller ikkje alltid utelukkast.

Trass i til dels spektakulære døme på glippar meiner Tveit at kvaliteten på tekstinga på dei store norske tv-kanalane er høg innanfor nyhendeteksting.

– NRK har dessutan svært høg kvalitet på programtekstinga. I realiteten skal ein leita grundig for å finna feil, og eg må seia at eg er imponert over nivået. Det handlar om at dei er viljuge til å bruka ressursane som skal til og å betala det kvalitet kostar, seier han.

Tekst best

– Alt i alt meiner eg at undertekstar er det beste oversettingsalternativet, men det er ikkje ein konklusjon som gir seg sjølv.

- Som nemnt er det både føremoner og ulemper ved både teksting og dubbing.

– Ein del av ulempene ved teksting er likevel lettare å omgå en tilfellet er med dubbing, konkluderer Tveit.