Annonse

Klimaspørsmål i medienes vold

Mediene får skulda for at fleire of fleire tvilar på at klimaendringane er menneskeskapte. Men forskarane kan også bli flinkare nok til å formidle den usikkerheita som heftar ved klimaforskinga.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Foto: www.colourbox.no)

MediaClimate

MediaClimate er eit tverrfagleg forskingsnettverk med deltakarar frå 19 land verda rundt.

Nettverket hadde sitt utspring i eit anna globalt forskarnettverk som analyserte mediedekninga av Muhammad-karikaturane.

Nettverket presenterte nyleg boka Global Challenges-Local Journalisms. A transnational study of how media make sense of climate summits.

Stadig fleire spør seg om klimaendringane er menneskeskapte.

FN sitt klimapanel hamna i hardt vêr då det kom fram at påstanden om at isbreane i Himalaya stod i fare for å smelte bort innan 2035 var feil.

– Den vitskaplege svikten vart utnytta til det fulle av klimaskeptikarar, seier Elisabeth Eide, medieforskar og ein av leiarane i forskarnettverket MediaClimate.

Ho trur at hendingar som dette kan vere med på å så varig tvil.

– Mediene festa seg ved denne svakheita, og slike kan i media bli framstilte som om dei rokkar ved heile truverdet til klimapanelet, seier Eide.

Klimaspørsmål har blitt ein arena for politikk og oppdragsforsking, der multinasjonale selskap og pengesterk industri får laga eigne undersøkjingar som motseier klimapanelet sine konklusjonar, ifølge Eide.

Samstundes meiner ho at det kan vere nyttig om uavhengige kritisk-vitskaplege røyster får ein betre plass i debatten.

– Dessutan vil det sjølvsagt alltid vere ei viss usikkerheit knytta til kva som vil skje i framtida. Denne usikkerheita er det lett for aktørar med andre agendaer å utnytte, seier ho.

Men det er ikkje berre mediene som har vanskeleg for å takle usikkerheit i klimaforskinga, ifølge Eide. Ho meiner at forskarane sjølve må verte flinkare til å formidle samanhengen mellom sikre og usikre forskingsresultat og framtidsscenarier.

Balansegang for mediene

Mediene si rolle i dekninga av klimaendringane – som andre samfunnsspørsmål – er todelt, ifølge Eide. For det første skal mediene vere upartiske og formidle det som hender på ein mest mogleg rettvis måte.

Men mediene skal òg leve opp til rolla som vaktbikkje og ta dei svake sitt parti. I samband med klimatoppmøtet i København såg Eide døme på at journalistar gjorde nettopp det siste. Reportasjer frå område der befolkninga er svært sårbare for klimaendringar fekk stor merksemd i forkant av møtet.

Også regjeringane i Nepal, Mongolia og Maldivene som er truga av klimaendringar gjekk aktivt ut for å skape merksemd kring sårbarheita i eigne land. Dei brukte symbolske bilete av seg sjølve, til dømes bilete tekne under vatn i Maldivene eller ved smeltande isbrear i Nepal.

– Journalistane skal sjølvsagt vere kritiske. Deira oppgåve er å finne balansen mellom ei kritisk haldning til vitskaplege funn og det å løfte fram dei sårbare sitt perspektiv, seier ho.

Tverrfagleg klimaforsking

Elisabeth Eide forskar er ein av leiarane i forskingsnettverket MediaClimate. I dag lanserer nettverket ei ny bok om mediene si dekning av klimatoppmøtene.

Sjølv om interessa for klimaspørsmål er varierande i mediene, går interessa for klimaforsking stødig oppover. Klimaforsking er ikkje lenger forbeholdt realistar og naturvitarar.

Også samfunnsvitarar og humanistar strøymer no i aukande grad til klimaforskinga, ifølge Elisabeth Eide.

MediaClimate-nettverket er både tverrfagleg og internasjonalt. Sjølv trivast Eide godt i det internasjonale forskingsmiljøet.

– Det er utfordrande å jobbe med folk frå ulike forskingstradisjonar, men svært spennande. Som forskarar jobbar vi kritisk, men eg trur det ligg eit slags engasjement i botnen.

– Vi er bekymra for framtida og håper at det arbeidet vi gjer er viktig. Vi ser at mediene spelar ei enorm rolle i klimaspørsmålet og vil utforske desse spørsmåla vidare, seier ho.

Powered by Labrador CMS