Innovativ allmennkringkasting

Europeiske allmennkringkastarar har kasta seg over ny teknologi og nye marknadar. I bresjen går NRK.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Hallvard Moe

* Hallvard Moe disputerer fredag 6. februar for doktorgraden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga ”Public Broadcasters, the Internet, and Democracy. Comparing Policy and Exploring Public Service Media Online”

* I fjor haust vann Moe NRK og Norsk medietidsskrift sin artikkelkonkurranse med artikkelen ”Morgendagens NRK: Allmennmedievirksomhet”.

Då NRK først starta opp sendingar på 1930-talet stimla ivrige lyttarar saman kring radioapparatet.

I fjernsynets barndom samla heile familien seg framfor skjermen for å få med seg kva omverda hadde å by på.

Den gongen var TV- og radiosendingane frå NRK allmennkringkasting i ordets rette forstand. Men ny teknologi og stadig aukande konkurranse har fragmentert marknaden.

Heller ikkje NRK driv lenger utelukkande med TV- og radiosendingar i eit tradisjonelt sendar-mottakar-perspektiv.

Hallvard Moe, forskar ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen, har forska på korleis NRK, BBC, tyske ARD og ZDF manøvrerer i det digitaliserte mediesystemet.

Han meiner at framtida ser lys ut for dei europeiske allmennkringkastarane, men ser likevel føre seg at det vil kome debattar om kor legitim NRK er som allmennkringkastar i dagens konkurransesituasjon. Mellom anna vert det frå politisk hald stadig oftare stilt spørsmål ved den norske lisensordninga.

­– Sjølv om det så langt har vore låg temperatur i lisensdebatten i Noreg samanlikna med andre europeiske land, så kan lisensfinansieringa verte ei av dei største utfordringane for kanalen i tida framover, seier han.

Offensiv mediestrategi

Noreg, Storbritannia og Tyskland har, i likskap med allmennkringkastarar i ei rekke vest-europeiske land, hatt gode og stabile rammevilkår, ifølge Moe.

Grunntanken om allmennkringkasting som ei viktig offentleg oppgåve som ikkje kunne overlatast til kommersielle aktørar har stått og står framleis sterkt.

– Allmennkringkastarane har klart seg godt, både i møtet med konkurransen frå andre aktører utover på 80-talet og digitaliseringa frå tidleg på 90-talet, seier han.

Ikkje berre har dei klart seg godt, dei har sjølve vore svært aktive aktørar på marknaden ifølge Moe, og teke i bruk ny teknologi og bygd ut nye infrastrukturar.

Nytt beite

Moe peikar på at NRK i dag er sentrale i digital tv-distribusjon, som ein av tre eigarar i RiksTV. Som ei av dei første nyvinningane frå NRK si side kom tekst-tv, og etter kvart har internettenester og nett-tv følgt.

NRK har jamvel si eiga YouTube-side, og NRK driv i samarbeid med Meteorologisk institutt vêrtenesta Yr.no på nett. Men kjem det utvida tenestetilbodet i konflikt med tanken om NRK som ein allmennkringkastar?

I ein artikkel i Norsk medietidsskrift i fjor haust foreslo Moe å kalle NRK si verksemd for allmennmedieverksemd heller enn allmennkringkasting. NRK er ikkje lenger berre ein sendar i eit maktsenter som spreier informasjon ut til sitt publikum.

Kanalen deltek gjennom internettenestene i ein tovegskommunikasjon med brukarane.

– Tenester som Yr.no og nettspel som Mujaffa viser at det NRK driv med på nettet skil seg frå det som er deira kjerneverksemd. Denne kommunikasjonsforma er noko anna enn kringkasting i eit tradisjonelt sendar-mottakar-perspektiv, seier Moe.

Politikarane heng etter

Likevel har politikarane førebels gjort lite for å regulere NRK si verksemd, og den store og offensive utviklinga i tenestetilbodet skuldast i stor grad at NRK har fått køyre sitt eige løp, ifølge Moe.

Allmennkringkastaren har gripe moglegheiten der også konkurrentane har gjort det same. NRK si frie stilling har fleire årsaker, meiner han.

– For det første er det vanskeleg å utforme ein mediepolitikk når mediene endrar seg så raskt. Å utforme eit lovverk tek tid. For det andre har det vore brei politisk semje om å halde på NRK som ein sentral medieaktør som i all hovudsak ikkje er kommersiell.

– Norsk mediepolitikk er generelt innretta for at NRK skal vere allmennkringkastar. Denne haldninga har sjølvsagt gjeve gode resultat for NRK, men dersom du spør TV2 eller TVNorge er det problematisk, seier Moe.

Powered by Labrador CMS