Reknar fram verdsrytmen

Ny forsking prøver å kartleggje universalrytmen i musikk. Datateknologi er eit viktig hjelpemiddel.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Carl Haakon Waadeland meiner at det i musikk finst ein eller fleire universelle rytmar som på ein spesiell måte rører ved lyttaren. Førsteamanuensen ved Musikkkonservatoriet, NTNU, har i den ferske doktorgradsavhandlinga si prøvd å gje svar på kva det er med rytmar som får musikken til å svinge, og kva er det med ein rytme som får lyttaren til å knipse, trampe takten eller danse.

Rytmiske avvik

Musikarar spelar sjeldan heilt rytmisk presist. - Ein pianist trykkjer ofte ned tangenten litt for tidleg eller litt for seint i forhold til det notane viser. Heller ikkje utøvarane i eit ensemble spelar heilt presist i forhold til kvarandre.

Waadeland fortel at det faktisk er desse rytmiske avvika som får musikk til å svinge.

- Dersom ein trommeslagar heldt takten like presist som ein metronom, ein taktmålar, ville musikken og rytmen høyrast livlaus ut, seier Waadeland, som sjølv er trommeslagar i fleire jazzband, mellom andre Siri Svale Band. Han fortel at rytmiske avvik også finst i ulike stilar.

- I wienervals, til dømes, skulle vi forvente vanleg valsetakt. Men i denne stilen skal derimot det første slaget i takten vere kort. Det andre skal vere langt og det tredje mellomlangt. Også i folkemusikken finst ulike variantar, dialektar, innan ein stil. Ein springar vert i Telemark spelen heilt annleis enn i Valdres, fortel forskaren.

Modell viser rytmen

Carl Haakon Waadeland har laga ein datamodell for å etterlikna slike rytmiske avvik. Basert på allereie innsamla målingar av springar-framføringar, som til dømes “Kjerringa med staven”, har Waadeland rekna seg fram til ein formel som får fram dei rytmiske avvika, og som dermed forklarar kva det er som får musikken til å svinge. Det som skjer, er at dataprogrammet strekker tonane ut, eller pressar dei saman på ein måte som får deg til å tru at det er levande musikk. Waadeland trur at vidare forsking på rytme- og rørsleteori vil betre musikkopplæringa.

- Ved å feste sensorar på trommestikkene kan vi feste både rytme og rørsler til data. Å sjå sine eigne rørslekurver kan vere nyttig for musikarar som vil betre teknikken sin. Dessutan er data programmet eit nyttig verktøy for komponering av elektro-akustisk musikk, seier Waadeland.

- Særs interessant

Waadeland meiner at rytmeteorien og dataprogrammet som han har utvikla, kan vere til hjelp også på andre fagfelt. Han trur at modellen, ved å etterlikne rytmiske avvik i hjartepulsen, kan gje verdifull informasjon for å oppdage hjartefeil. Idrettsvitskapen kan også ha nytte av forskinga hans. Rytmemodellen kan ved hjelp av sensorar etterlikne rytmen i rørslene til idrettsutøvarar, noko som kan vere med på å optimalisere prestasjonane deira.

Hermundur Sigmundsson, førsteamanuensis ved Idrettsvitskapleg institutt, NTNU, karakteriserer forskinga til Waadeland som særs interessant. - Innan dans, rytmisk sportsgymnastikk og turn kan rytmemodellen kanskje hjelpe utøvaren til å studere inn ulike avgrensa rørsler, seier Sigmundsson. I idrettar som fri-idrett har idrettsforskaren derimot vanskar for å sjå overføringsverdi, sidan den ideelle rytmen i til dømes Michael Johnson sine rørsler ikkje er optimale for andre 400-meterløparar.

Waadeland, som også har hovudfag i matematikk, har fått stønad frå NTNU sitt tverrfaglege forskingsprogram. Stipendiat Sigurd Saue ved Institutt for telematikk, akustikk, NTNU, har vore han til stor hjelp for å overføra den teoretiske modellen til dataprogram.

Artikkelen ble første gang publisert i Gemini (NTNU) nr.5.2000

Powered by Labrador CMS