Slankar seg feitare

Jojo-slanking kan klusse til for den biologiske klokka. Resultatet kan bli stikk motsett av det du ønskjer.

Published
Forsøk på mus viser at periodevis slanking tuller til den biologiske klokka og kan faktisk gjere deg feitare. (Foto: vpardi, Microstock)
Forsøk på mus viser at periodevis slanking tuller til den biologiske klokka og kan faktisk gjere deg feitare. (Foto: vpardi, Microstock)

Den såkalla 5:2-dietten er ein av dei siste farsottane på slankefronten, men mykje tyder på at periodisk slanking heller ikkje er nokon portal til varig vektreduksjon. Tvert imot. Det er meir sannsynleg at periodisk slanking fører til vektauke.

Det er konklusjonen som ei gruppe forskarar nyleg har kome fram til. Konklusjonen baserer seg på forsøk med mus som blei gitt ein fedmefremmande diett med mykje feitt og sukker.

I tillegg viser studien at genar i feittvevet, som regulerer biologiske rytmar i kroppen, bli forstyrra ved periodisk slanking.

Det er forskarar ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES), KG Jebsen senter for diabetesforsking ved Universitetet i Bergen, Københavns Universitet og Haukeland Universitetssjukehus som står bak undersøkinga.

Kluss i urverket

Målet med studien var å undersøke korleis periodar med redusert energiinntak innimellom periodar med fri tilgang på mat påverka mengde feittvev og genregulering i feittcellene.

- Vi fann at mus som var underlagt periodisk slanking la på seg meir enn dei som hadde fri tilgang på den fedmefremmande dietten under heile forsøket. Det var også varige endringar i genuttrykket i feittvevet hos desse musene, seier forskar Even Fjære hos NIFES.

Klokkegenar, genar som er er med på å regulere dei biologiske rytmane i kroppen, blant dei døgnrytmen, viste endra regulering i feittvevet hos musene heile 24 dagar etter siste slanking.

- Denne studien viser at utviklinga av overvekt og fedme ikkje berrre blir bestemt av det totale energiinntaket i seg sjølv, men også at det er avgjerende når og i kva samanheng energien blir tatt inn, seier Fjære.

Forskar Even Fjære Melner. (Foto: Njord Svendsen)
Forskar Even Fjære Melner. (Foto: Njord Svendsen)

Dei såkalla klokkegenane vart oppdaga på 1990-talet og er sidan funne å spele ei sentral i rolle i reguleringa av dei mange sykliske prosessane i cellene. Genane held orden på det indre urverket gjennom koding for både hemmande og stimulerande protein, som i sin tur bestemmer korleis andre genar i cella stiller sine biologiske klokker. Det er først i det siste at dette er blitt knytta til energiomsetninga.

Jojo-musene dobla feittnivået

I forsøket fekk mus ein fedmefremmande diett, følgt av korte periodar med slanking. Jojo-musene fekk først ti dagar med ein energirik diett, deretter fire dagar med slanking. Denne syklusen blei repetert fire gonger under forsøket.

Ei kontrollgruppe med mus fekk parallelt den same energirike dietten, men utan periodar med slanking. Noko overraskande viste det seg at det totale energiinntaket var tilnærma likt for dei to gruppene då forsøket var avslutta.

Etter forsøket hadde begge grupper lagt på seg, men forskjellen var heilt klar:

Jojo-musene hadde nær dobbelt så mykje feitt i levra som dei som fekk tilgang til den fedmefremmande dietten under heile forsøket. Periodisk slanking medførte også at dei la på seg vesentleg meir såkalla viseralt feitt, noko som er assosiert med auka risiko for mellom anna diabetes type 2 og hjarte- og karsjukdomar.

Forskar Simon Dankel. (Foto: NIFES)
Forskar Simon Dankel. (Foto: NIFES)

- Nattskiftarbeid har tidlegare vist å auke risikoen for fedme og fedmerelaterte sjukdommar, og dette har blitt sett i samanheng med regulering i klokkegenane. Men korleis endringar i klokkegenane perifert i feittvevet verkar på helsetilstanden, er meir uklart, seier forskar Simon Dankel ved KG Jebsen senter for diabetesforsking, Universitetet i Bergen, som er førsteforfatter på studien.

- Eit varsku

Fjære understrekar at det må forskast meir for å finne ut om vekt og klokkegenar hos menneske blir påverka på same måte som hos mus ved periodisk slanking.

- Studien kan likevel vere eit varsku i slankedebatten, og spesielt i forhold til den populære 5:2-dietten der ein reduserer energiinntaket til ein fjerdedelav dagsbehovet to dagar i veka. Ein kan spørje seg kva som skjer når trenden ebbar ut. Det er ikkje utenkeleg at slanketrenden kan føre til meir overvekt og relaterte sjukdomar, men det gjenstår å sjå, seier Fjære.

Referanse: 

Dankel, SN, m.fl.: Weight cycling promotes fat gain and altered clock gene expression in adipose tissue in C57BL/6J mice, i American Journal of Physiology, Endocrinology and Metabolism, 2013 des. 3 Sammendrag