Fôret blir best for kyrne dersom bøndene blander avlinga frå første, andre og eventuelt tredje slått. (Foto: Ragnar Våga Pedersen, Bioforsk)
Fôret blir best for kyrne dersom bøndene blander avlinga frå første, andre og eventuelt tredje slått. (Foto: Ragnar Våga Pedersen, Bioforsk)

Bønder bør sjonglere med ballane

Bøndene bør blande rundballane frå det dei slår om våren, sommaren og hausten for å få betre og jamnare fôr.

Publisert

Det er vanleg å slå graset både tre og fire gonger i løpet av ein sesong. Forskarar ved Bioforsk rår bøndene til å blande avlinga frå første, andre og eventuelt tredje slått for å få best muleg fôr til kyrne.

Det kan vere stor forskjell på innhaldet i fôret, avhengig av når graset vert hausta.

– Ved målretta å blande rundballar frå første og andre slått, vil ein jamne ut desse forskjellane. Det beste for kvaliteten på grovfôret er å hauste tidelig og fleire gonger, fortel forskar Håvard Steinshamn ved Bioforsk.

Forskarane ved Bioforsk har undersøkt kor mange gonger det er best å hauste graset, kva frøblandingar som er best og kva for konserveringsmiddel som er best. Vidare har dei har sett på korleis grovfôrkvalitet og -mengde verkar på kraftfôrbehov og produksjon hos kua samt økonomien til gardbrukaren.

– Vi er ikkje heilt i mål med alt enno, men det meste er ferdigstilt, seier Steinshamn.

Rett blanding

Det er generelt lite råprotein og mykje sukker i den første avlinga. Andre gang gardbrukaren slår graset, er samansetjinga ei heilt anna. Kyrne treng rett blanding av råprotein og sukker, noko gardbrukarane kan oppnå med å blande rundballar når dei fôrar.

– For å få eit godt fôr må det vere balanse. God grovfôrkvalitet er avgjerande for god økonomi, seier Steinshamn. 

Tidleg slått gjev betre kvalitet på fôret. Sein slått gjev meir fôr, men av dårlegare kvalitet. (Foto: Bioforsk)
Tidleg slått gjev betre kvalitet på fôret. Sein slått gjev meir fôr, men av dårlegare kvalitet. (Foto: Bioforsk)

Forskarane meiner kvar gard må planlegge godt for å få til ei god drift. Men det hjelper ikkje å ha god mat om ein ikkje har nok mat, derfor må gardbrukarane planlegge godt kor lenge dei vil la graset gro. Å blande fôret frå dei ulike slåttane har vist seg å gje stor effekt.

– Alle fôrrasjonane bør innehalde førsteslått, men kanskje ikkje berre førsteslått. Grunnen er at det aukar energitilgangen og at blandingsrasjon gjev meir protein i mjølka, seier Steinshamn.

Godt, men ikkje nok

Spesielt dei som driv økologisk, har mykje å tene på å sørge for godt grovfôr til kyrne.

Slår du tidleg, blir kvaliteten på fôret betre. Slår du seint, får du meir fôr, men av dårlegare kvalitet.

– Eit praktisk spørsmål kan vere dette: Ein gardbrukar har ikkje så mykje areal at han kan produsere nok fôr av beste kvalitet til det han har mjølkevote for. Da viser tala at det kan vere lurt å vente med slåtten, og produsere nok sjølv om ikkje alt blir like godt, seier Ola Flaten ved Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (Nilf).

Han har sett opp modeller for gjennomsnittsbruk for å sjå kva som er lønnsamt for den enkelte gardbrukar.

Kor gamal bør enga vere?

Sjølvsagt er det ikkje berre når ein slår graset som gjev utslag på kor godt fôret er og kor mykje mjølk kua gjev. Forskarane har også sett på samansetjinga av artar i enga, kor gamal enga bør vere og kva for eigenskapar ein bør legge vekt på når ein vel raudkløversort.

I tillegg har dei undersøkt kva slags konserveringsmiddel det er best å bruke. Konklusjon er at avlingane i korte engomløp vert lite påverka av kløversort og grassamansetjing, og at det er vanskeleg å finne andre tiltak enn nitrogengjødsling som kan jamne ut kløverandel og avling mellom førsteslåttar og gjenvekstar.

– Elles viste det seg at maursyretilsetjing var den desidert beste måten å konservere proteinet i graset på. Fôring med maursyregjæra surfôr gjer at kyr sannsynlegvis har mindre behov for ekstra proteintilskot enn ved fôring med sterkt gjæra surfôr, seier Steinshamn

Mykje skal stemme for at gardbrukarane som driv med mjølkeproduksjon, skal drive optimalt. Dei må ha godt grovfôr, gode kyr, god jord, godt ver og godt såfrø. Mjølkeproduksjon er eit komplisert system, der både økologiske og konvensjonelle bønder stadig gjer produksjonen meir effektiv ut i frå dei naturlege rammene ein har i Norge.

– At ein med rundballar kan blande dei ulike haustingane, kan gjere produksjonen eit lite hakk betre, seier Håvard Steinshamn.