Naturleg E-vitamin best for husdyr

I økologisk husdyrproduksjon er det betre med naturleg enn med syntetisk E-vitamin, men det er ikkje alltid naudsynt med ekstra tilskot.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Blodprøvetaking av lam. (Foto: Nord Tjøtta, Bioforsk)

Ekstra tilskot med E-vitamin er ikkje naudsynt utanom rett før og etter kalving eller lamming, meiner forskarane.

– Vi går da ut i frå at ein har god kvalitet på surfôret, seier seniorforskar Håvard Steinshamn ved Bioforsk.

Surfôr er pakka saman og lufta er pressa ut, enten i rundballar eller silo. Det kan og vere tilsett eit middel som gjer fôret surare og mindre utsett for sopp.

– Om dyra treng tilskot av E-vitamin, er den naturlege forma best tilgjengeleg for dyra, viser forskinga. Det meste av det syntetiske vitaminet går rett gjennom, og vert ikkje tatt opp i kroppen til dyra.

– Det viktigaste er at dyra har eit godt opptak av godt surfôr, legg Steinshamn til.

Forskarane har gjeve både kyr og sau forskjellige tilskot og menyar, og deretter målt innhald av E-vitamin i blodet og i mjølka til dyra, samt på immunstatusen hos dyra.

Bakgrunnen for at ein sette i gang det  prosjektet, er tidlegare funn som viste lågt nivå av E-vitamin i grovfôr, særleg rundballar og høy.

Dessutan at det var relativt lågt nivå av E-vitamin i blodet hos mjølkeku og sau i økologisk produksjon når dei vart fôra inne. Derfor har ein tilrådd tilskot av E-vitamin i innefôringstida.

– Når det er økologisk ønskjer ein at det er naturleg, og difor har ein testa forskjellen på naturleg og syntetisk vitamin, seier Steinshamn.

Han understrekar at E-vitamin er viktig for helsa til dyra, immunforsvaret og reproduksjonsevna. E-vitamin motverker også oksidering av mjølkefeitt. Oksiderer mjølkefeittet, vert mjølka harsk.

Syntetiske vitamintilskot går stort sett rett igjennom kroppen til dyra, og vert ikkje tatt opp i blodet. Med vitamin frå naturlege kjelder er tala annleis; her er det eit stort opptak i kroppen.

Tang og tare

Forskarane i prosjektet Naturlege kjelder for antioksidanter, naudsynt for husdyras helse og velferd og for produktkvalitet i økologisk husdyrproduksjon, har også sett på innhald av E-vitamin i tang og tare.

– Spesielt har vi sett på tang, som er ein stor lokal ressurs, seier Céline Rebours, forskar ved Bioforsk.

Rebours er ekspert på kystøkologi og algeproduksjon, og har analysert innhald av selen og E-vitamin i fleire nordnorske tang- og tareartar. I Nord-Norge er det gjort få analysar av innhaldet i desse store ressursane.

Innhaldet i tang og tare varierer mykje etter arten og kor den veks. Artar som er rike på selen er ikkje rike på E-vitamin, og omvendt. (Foto: Celine Rebours, Bioforsk)

– Innhaldet i tang og tare varierer mykje etter arten og kor den veks.  Artar som er rike på selen er ikkje rike på E-vitamin, og omvendt.

– Derfor bør ein vurdere ved tilskot å gje ein diett samansett av ulike artar, seier Rebours.

Det er tidlegare påvist at tangmjøl kan ha positiv effekt på produksjon hos mjølkekyr. Nyare forsking har vist positiv effekt av tangmjøl på immunsystemet, mage- og tarmflora og produktkvalitet.

Immunstatus

Forskarane har også sett på korleis dei ulike vitamintilskota verka på immunstatusen til dyra.

– Vi ser at dei vaksne dyra, uavhengig av diett, var friske og danna antistoff, men vi finn interessante variasjonar hos dei nyfødte, seier Margarita Novoa-Garrido, forskar ved Bioforsk.

Lamma født av søyer som hadde fått tangmjølet i dietten, hadde ein dårleg immunstatus like etter fødselen. Grunnen må vere nedsett opptak av antistoff frå råmjølka hos lamma.

Mot tuberkulose

– Vi har også fått andre oppsiktsvekkande resultat, seier Novoa-Garrido og legg til.

-Vi har blant anna sett positiv effekt av naturleg E-vitamin på visse immunmekanismar. Resultata kan tyde på at naturleg E- vitamin kan brukast i behandlinga av tuberkulose hos menneske.

– Vi fekk, ikkje uventa, stadfesta kor viktig den første råmjølka er for lam, avhengig av kva tilskot i fôret mora har fått, seier Novoa-Garrido.

Forsøksteknikar Irène Friedel undersøker prøvene. (Foto: Margarita Novoa-Garrido, Bioforsk)

Novoa-Garrido har også sett på korleis dei ulike vitamintilskota verka på tarmbakteriane hos søyer og lam.

-Vi har berre så vidt starta, og det ligg mykje arbeid framom oss om vi får pengar til å jobbe med dette. Vi må kartlegge mekanismane som ligg bak dei resultata vi har fått, seier Novoa-Garrido.

Godt grovfôr er god helse

– Vår konklusjon er at sjølv om innhaldet av E-vitamin i surfôr ikkje  var spesielt høgt, var det tydelegvis nok når surfôropptaket er høgt.  Kyr og søyer med godt opptak av surfôr treng ikkje ekstra tilskot av  E-vitamin, bortsett frå tida før og etter kalving.

– Rett før og etter, altså omlag 4 veker før og etter kalving og lamming, treng dyra ekstra tilskot av E-vitamin når dei går på innefôring. Vitaminet bør komme frå ei naturleg kjelde fordi det er mykje meir tilgjengeleg for  kroppen, avsluttar forskar og prosjektleiar Håvard Steinshamn.

Powered by Labrador CMS