Latin-Amerikas første roman var slett ikkje fiksjon

Det ein i fleire hundre år trudde var Latin-Amerikas første roman, viste seg å vera ei sjørøvarhistorie frå verkelegheita.

I 1690 skreiv Alonso Ramirez boka Infortunios. Forskar Leonor Taiano har funne ut at boka, som folk i nærare 300 år trudde var ein roman, er ei fangeforteljing. (Foto: Scientific electric library online)

Fangeforteljing

Forteljinger om mennesker som vart tatt til fange av det ein oppfatta som usiviliserte villmenn. 

Forteljingane omfatta ofte eit tema om forsoning og forløsing av den kristne tru i møtet med trugslar og freisingar til eit framant levesett. 

Er ein variant av den tilsvarende litterære sjangeren slaveforteljingar. 

Eksempler på fangeforteljingar er Ann Eliza Bleecker (1797): The History of Maria Kittle, Álvar Núñez Cabeza de Vaca (1542): La Relacion (Rapporten), Hernando de Escalante Fontaneda (1575): Memoir On the Country and Ancient Indian Tribes Of Florida, Cotton Mather (1696–97): The Captivity of Hannah Dustan og John Williams (prost) (1709): The Redeemed Captive.

Kilde: Wikipedia

I nærare 300 år trudde verda at boka Infortunios forfatta av Alonso Ramirez frå 1690 var ein roman - Latin-Amerikas første. Men etterkvart kom diskusjonen opp om kven denne Alonso Ramírez eigentleg var.

I 2011 kunne historikerne Fabio López Lázaro og José F. Buscaglia-Salgado slå fast at Ramirez var ein historisk person. 

Leonor Taiano, doktorgradsstipendiat ved UiT Noregs arkitiske universitet, har med avhandlinga si vist at boka var ei faktisk beretning frå ein fange - ei sann fangeforteljing. Boka visar seg også å vere eit fascinerande døme på korleis politisk propaganda kunne koma i form av kulturelle uttrykk på 1600-1700-talet. 

Ikkje fiksjon

Boka handlar om ein puertoricanar som blir fanga av britiske sjørøvarar utanfor Filippinane og som må reise verda over med dei, før han blir lauslaten i Brasil og seinare tek seg til Mexico (Ny-Spania).

Først trur dei spanske styresmaktene der at han var ein pirat, før visekongen, Gaspar de la Cerda, vart overtydd om at han hadde vore fange hjå framande piratar.

Taiano fortel at det var ei utfordring å definere sjangeren på fangeforteljinga til Ramirez. 

- For det var ikkje ein pikaresk roman som for eksempel Don Quijote, eller ei tradisjonell Robinson Carusoe-forteljing, men eit svært komplisert verk, seier Taiano.

Ho gjekk difor i gang med å systematisk kartleggje kva slags litteratur dette var - og har med doktoravhandlinga si funne prov for korleis boka høyrer til den litterær sjangeren fangeforteljingar (memoirs of captivity).

Svolt og tortur

- Eg har samanlikna mange tekstar skrivne av spanske fangar på 1600- og 1700-talet og funne fram til kva som særmerker denne litteraturen, fortel ho.

- Det er liten tvil om at de la Cerda brukte boka Infortunios i den intellektuelle kampen i Niårskrigen - først og fremst for å åtvare Spania mot dei britiske allierte og deira piratverksemd, sier Leonor Taiano, doktorgradsstipeniat ved UiT Noregs arktiske universitet. (Foto: Sigrun Høgetveit Berg)

- Motiv som går igjen er svolt, fatigdom, tortur, guddomeleg vern, kritikk av andre religionar og skuldingar om svik mot Spania og den katolske kyrkja.

- Såleis syner eg korleis Infortunios har klare trekk av kulturell overføring frå kolonimaktene i Vest-Europa til den nye verda, og særleg i biletbruken ser me korleis vanlege stereotypiar frå Europa blir overførde til litteraturen i koloniane, fortel Taiano.

Politisk propaganda i kulturell form

I tillegg til sjangerbestemminga set Taiano boka Infortunios inn i ein internasjonal kontekst, og ho syner korleis boka blir nytta som propaganda i kampen mellom Spania og den breie europeiske koalisjonen - Storalliansen - på den eine sida og Frankrike på den andre, i den såkalla Niårskrigen (1688-1697).

- Gaspar de la Cerda var altså spansk visekonge i Ny-Spania på slutten av 1600-talet, og ein kulturell velgjører som publiserte ei rekke bøker - som del av propagandaen rundt sitt eige styre. Han ville gjerne byggje biletet av seg sjølv som ein “optimus princeps”, ein framifrå leiar for folket sitt, mykje av di han trengde å dekkje over skuldingar om smugling som kom mot styret hans, sier Taiano.

- I alle dei andre bøkene han gav ut, var han sjølv hovudpersonen. Men i denne boka er protagonisten, eller helten, ein fatig mann frå kolonien - som de la Cerda reddar, og han haustar indirekte mykje ære også frå denne boka.

- Eg drøftar såleis kva for motiv Gaspar de la Cerda hadde for å finansiere og utgje Infortunios. Det er liten tvil om at de la Cerda brukte boka i den intellektuelle kampen i Niårskrigen - først og fremst for å åtvare Spania mot dei britiske allierte og deira piratverksemd, men òg for å dekkje over mistanke om eiga smugling, avsluttar Leonor Taiano.

Avhandlinga til Taiano er ein del av prosjektet Encounters and Cultural Transfers in Colonial Hispanic Literature.

Referanse:

Taiano Campoverde, Leonor: Entre mecenazgo y piratería. Una re-contextualización histórica e ideológica de Infortunios de Alonso Ramírez. Ph.d.avhandling. UiT 2014.

Powered by Labrador CMS