Metaforar vanskeleg for minoritetar

Metaforar i lærebøker vanskelege å forstå, spesielt for elevar med ein annan språkbakgrunn enn den norske.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Metaforar i lærebøker kan vere vanskelege å skjønne, syner undersøkingar gjort av blant andre førstelektor Norunn Askeland ved Høgskolen i Vestfold.

Det er og nær samanheng mellom den generelle språkkompetansen og kor godt ein forstår metaforar.

Askeland peikar på at det er tre trekk ved dei metaforane det er vanskeleg for minoritetsspråklege elevar å skjøne:

Dei er biletsvake, slik at det ikkje alltid er lett å sjå at dei er metaforar, som til dømes “å stole blindt på nokon” eller “å gå i gang med noko”.

Det er og vanskeleg å forstå metaforar når dei er henta frå andre område i livet enn ungdom og skole, eller når dei inneheld fleire ord, som “å vere i fyr og flamme” eller “å komme nokon i møte”.

Og det er store skilnader mellom dei tre faga som blei undersøkt.

Norsk - ordrikt og mange metaforar

Uttrykk som “å gå på lufta”, “idemyldring”, “smørblid”, “tidsbryter” og “å treffe et ømt punkt” er blant dei metaforane elevane markerte at dei ikkje skjøna. Kan hende ordforklaringar er naudsynte for slike ord.

Naturfag - ordknapt og mange metaforar

"Norunn Askeland."

Naturfagboka som var med i undersøkinga inneheld mange sovande metaforar som kanskje ikkje berre minoritetselevar har problem med, som “kjernereaksjon”, “reflektere” og “spekter”.

Ein kan forklare metaforane for elevane ved å gå attende til det historiske opphavet, eller ein kan freiste å omsetje ordet til norsk, som at reflektere tyder å kaste noko tilbake.

Matematikk - lite tekst og mykje å forklare

Matematikkbøkene tek ein del omgrep og metaforar for gitt, og dette skaper problem for mange elevar.

Det er vanskeleg å seie om matematikk blir lettare å forstå om ein forklarer ord og rekneoperasjonar, men erfaringar seier at undervisninga i alle fall ikkje ville lide av fleire forklåringar.

Kvifor skal skitrekket koste noko?

Det er også interessant at ei jente som hadde vore 11 år i Noreg og snakka norsk perfekt ikkje visste kva eit skitrekk var.

Ho trudde det tydde at mange gikk på ski bortetter og hjelpte kvarandre, og kunne difor ikkje forstå matematikkoppgåva om klassen på tur der kostnader til buss, langrenn og slalåm skulle reknast ut.

Ein kan ikkje lenger ta for gitt at alle skoleelevar er fortrulege med skisport.

Ein kan lære mykje av metaforar

Det ligg mykje god læring i å finne ut kva metaforar som fins på eleven sitt opphavlege språk, til dømes på område som venskap - “å vere utanfor”, livet - “å halde stø kurs” eller sinne - “å vere rykande sint”.

Slike metaforar er ofte universelle, sjølv om dei spesifikke uttrykka kan variere frå språk til språk. Den kunnskapen eleven har om sitt eige morsmål, bør utnyttast betre i undervisninga i alle fag, hevdar Askeland.

Undersøkinga er gjort ved at elevar med minoritetsbakgrunn fekk streke under ord og samtale om ord dei ikkje skjøna i teksten.

Askeland foreslår at både minoritetselevar og morsmålslærarar frå minoritetar bør vere med som forlagskonsulentar når det skal lagast nye lærebøker.

Basert på ein artikkel i Maagerø/Tønnessen (red) Å lese i alle fag, Universitetsforlaget Oslo 2006

Powered by Labrador CMS