I Oslo tingrett fekk tidlegare politimann Eirik Jensen 21 år vilkårslaus fengsel for grov korrupsjon, medverknad til smugling av narkotika og ulovleg eige av våpen. (Foto: Tore Kristiansen / VG / NTB scanpix)

– Pressa var meir oppteken av truverde enn bevis i Eirik Jensen-saka

Over 12 000 medieoppslag er laga om Eirik Jensen-saka. Juniorforskar Guro Torget har analysert pressedekninga og meiner ho liknar på korleis media dekte Orderud-saka.

«Eirik Jensen må kjempe for troverdigheten» – «Derfor stoler de på hasjbaronen Gjermund Cappelen» – «Retten mener Cappelens forklaring er troverdig».

Tre overskrifter om Eirik Jensen-saka. Frå Jensen vart pågripen til dommen fall, laga norsk presse over 12 000 medieoppslag om saka.

Media vel rammer

Juniorforskar Guro Torget har undersøkt forståingsrammene og mangfaldet i media si dekning av Eirik Jensen-saka.

– Eg har undersøkt korleis media rammar inn ei historie. Rammene media vel, avgjer kva som er rekna som viktig og korleis problemet blir definert, seier Torget.

Ho har gjort eit kvantitativt utval av nyhendesaker frå dagane med mest medietrykk, og deretter koda dei ulike sakene med ei meir kvalitativ tilnærming. Ho analyserte artiklane og kategoriserte dei ut i frå kva rammer som dominerte dei ulike sakene.

Kamp om truverde

Torget presenterte funna frå analysen under Nordiske mediedagar i Bergen i mai.

– I analysen min ser eg at det er særleg to rammer som dominerer mediedekninga. Den eine er ramma som framstiller Jensen som skuldig og uskuldig, medan den andre er ramma om truverde.

– Særleg i starten og slutten av rettssaka har media fokusert på at det er anten Jensen eller Cappelen som skal bli trudd, at det er dei to mennene som kjempar om å bli trudde i rettssalen, seier Torget og held fram:

– Sjølv om det også har vore skrive mykje om bevisa i saka, bidreg eit så stort fokus på truverdespørsmålet til at vekta av bevisa har vorte noko underkommuniserte, seier Torget.

Likskapstrekk til Orderud-saka

Media sitt fokus på truverde minner om ei anna stor kriminalsak i Noreg – Orderud-saka.

– Sjølv om Eirik Jensen-saka er unik i seg sjølv, har dekninga likskapstrekk med medieoppslaga om Orderud-saka. Særleg dette med truverdekampen og korleis advokatane på kvar side har vore veldig aktive i media med å prøve å formidle forståingsrammer som er til fordel for klienten deira.

Torget håpar analysen kan bidra til auka medvit om bruk av forståingsrammer i journalistikken, både for den vidare dekninga av Eirik Jensen-saka og andre større kriminalsaker og skandalar.

– Det eg tenkjer pressa kan lære av dette, er at dei kan vere meir kritiske til korleis dei formulerer eigne saker. Dei kan også bli flinkare til å vise korleis ulike bevis byggjer opp om den eine eller den andre sida, seier ho.

Prosjektet er finansiert av Rådet for anvendt medieforskning (RAM).

Powered by Labrador CMS