Private sikkerheitsselskap og militære selskap er kommersielle selskap som opererer globalt, på land eller til sjøs. På engelsk er fellesnemninga Private Military and Security Companies (PMSCs).
Norsk UD har nytta seg av fleire forskjellige britiske PMSC i samband med sikring av den norske ambassaden i Kabul. Så og seie alle utanlandske ambassadar i byen nyttar seg av denne typen selskap.
Eit av dei mest kjende sikkerheitsselskapa er amerikanske Blackwater, som har fått dårleg omdømme etter at dei i 2007 mellom anna vart skulda for drap på 17 sivile irakarar.
Selskapa sel ikkje berre sikringstenester, men ofte òg risikoanalyser, etterretning, logistikk, politi eller militær trening, minerydding etc.
Mange andre land har, i likskap med Noreg, tillate væpna vakter om bord i skip, mellom anna Danmark i 2011 og Sverige no i 2013. I begge desse landa har det vore ein offentleg debatt om temaet.
I 2012 vart det rapportert at ca. 25 prosent av alle skip som trafikkerte Adenbukta nytta seg av kommersielle væpna vakter. Prisen for eit vaktlag er 40 000–60 000 dollar per transitt.
I slutten av oktober 2013 kom det fram at den Sør-Afrikanske regjeringa skal undersøke skuldingar om at det private engelske sikkerheitsfirmaet G4S, som og opererer i Noreg, har brukt tortur i eit fengsel dei dreiv i Sør-Afrika.
Dette er eitt av mange døme på problem knytt til bruk av private sikkerheitsfirma. Ein bruk som grip stadig meir om seg, men er lite diskutert.
– Skkerheit og risikovurdering har blitt eit ekspertisefelt og ei stadig heitare salsvare, seier Åse Gilje Østensen, som i 2013 disputerte med ei doktoravhandling om private sikkerheitsselskap og selskap som tilbyr militære tenester, og kva politisk betyding desse har.
Frå stat til privat
Som eit resultat av etterspurnaden har private sikkerheitsselskap og militære selskap blitt stadig meir legitime.
– Medan vi tidlegare støtta oss på statsapparatet, brukar vi no i større grad også private, profesjonelle aktørar, forklarar ho.
I tillegg har privatiseringa i deler av Forsvaret kome svært langt i land som USA og Storbritannia, og andre europeiske land kjem etter.
– Vi ser ein stadig større vilje til å bruke private selskap. Sjølv tykkjer eg det er litt naivt, dersom det er gjort på bakgrunn av kostnad, men mykje tyder på at det òg finst ei førestilling om at private ekspertar er betre enn dei offentlege. Dette er et paradoks, då bransjen stort sett hyrer folk med bakgrunn frå militæret eller politiet. Det er strid om tala, men studiar viser at det stort sett slett ikkje er billegare å sette ut slike tenester til private aktørar, seier Østensen.
Privat selskap bygde hær
Østensen har studert FN sin aukande bruk av private sikkerheitsselskap i operasjonane sine.
Framleis finst det svært få reglar om bruken av slike tenester. Ho fortel at under FN sine fredsbevarande operasjonar i Liberia, sette USA ansvaret for å bygge ein ny liberisk hær bort til det private sikkerheitsselskapet DynCorp. Dei utforma, rekrutterte og trena hæren.
– I slike situasjonar meiner eg at selskapa har ekstremt stor politisk innflytelse, seier Østensen.
Ho meinar det kan utgjera eit demokratisk problem.
– Selskapa blir ikkje haldne ansvarlege, slik til dømes statlege aktørar ville blitt. I svake statar med dårleg rettsvern, finst det få døme på slike rettsprosessar. Dessutan er det vanskeleg å vite kva som eigentleg går føre seg på innsida, då selskapa er svært lite gjennomsiktige, seier ho.
Mange av dei har for lengst innteke maktas korridorar. Østensen meiner det ikkje er tvil om at slike selskap legg føringar for politiske avgjersler.
– Dei blir brukt i så stor utstrekning at dei får ein slags politisk innverknad, både direkte og indirekte, på grunn av si rolle som sikkerheitsekspertar.
Redarane pressa på
I Noreg har også private selskap blitt etablert. Vaktverksemdslova frå 2009 forbaud tilsette i norskregistrerte selskap å bære våpen, i inn- eller utland.
Annonse
To år seinare kom det endringar i skipssikkerheitslova og våpenlova som gjekk i stikk motsett retning. Då fekk norske selskap lov å bære våpen på norske skip i enkelte havområde.
I følgje Østensen var bakgrunnen for dette piratproblematikken i Adenbukta, og norske reiarar pressa på for å få forslaget gjennom. Ho tykkjer at det er urovekkande at den norske debatten aldri har kome, og meiner vi har fått eit land/sjø-paradoks.
– På land er det ingen bransje som har pressa på på same måten som til sjøs. Samstundes veit vi at til dømes UD nyttar private sikkerheitsselskap i Afghanistan. Dei nyttar seg altså av tenester som dei sjølv ikkje vil tillate norske selskap å utføre. Noreg har vegra seg for å blande seg inn i regulering av bransjen internasjonalt, då det er ein kontroversiell bransje som er vanskeleg å styre.
Selskap tener på krig
Etter den kalde krigen har det skjedd ei oppblomstring av kommersielle selskap. Desse selskapa tener og profitterer godt på krigane i Afghanistan og Irak. Mange av selskapa er anerkjente medan andre selskap er typiske ad hoc-verksemder som berre eksisterer i kortare periodar.
Den utstrakte sikkerheitsverksemda gir eit tydeleg signal om at selskapa har blitt meir aksepterte.
– Det er uansett behov for større offentleg merksemd rundt dette temaet, meiner Østensen.